PÅSKEN 2009 :)

Posted on Apr 19 in: My life - 4 Comments »

Årets påskeferie gjekk som alltid så altfor fort, men jammen var det kjekt så lenge den varte..

P4040007P4040006

Eg tok nattbuss heim fredagen, sidan laurdagen i fylgje vermeldingen skulle bli den einaste dagen med sol. Så då eg laurdag stod på Skoganipa under blå himmel, med strålande utsikt til Hurrungane, og mamma sine nybakte rundstykker i sekken, då var eg nøgd!! Den fyrste feriedagen vart toppa med ein kjempe koseleg og smakfull tapaskveld.

 P4040004

Søndag var ikkje veret lika bra, men heller ikkje så gale som det var meldt, sola gløtta til og med fram av og til. Dette var dagen for det årlege Hafslovatnet rundt. Fyrst tok eg og Karine oss ein runde i løypa, før me heia min tre år gamle nevø Sander fram på sin 500 m lange runde :)

Frå søndag til måndag var Sander på overnattingsbesøk hjå meg, så måndag føremiddag vart nytta til leik med han. Før me gjekk tur bort til Mette og Eline på Hestnes. Klokka fem var det faktisk tid for fotballtrening. Det var kjempe kjekt, og veldig koseleg å møta att gamle lagveninner. Om kvelden så var eg og Jeanett på ein liten ridetur. Eg er svært nøgd med at min kjære vetlebror ha funne seg ei jenta med både hundar og hestar ;)

På tysdag var eg i trekket og stod telemark med pappa på føremiddagen, veldig kjekt. Sogn skisenter er jo så flott!!! På kvelden var det seriestart i 1.divisjon, så då var eg og Christianne på plass. Det var ein skuffande kamp, men me klarde iallfall uavgjort, 2-2 mot Hønefoss.

Onsdag var dagen då eg skulle gjera comeback på fotballbana. Og det var utruleg kjekt! Vann gjorde me òg, 6-2. Me hadde altså reunion med jentelaget. Ein super ettermiddag/kveld. Fyrst kamp, så middag på Lægreid hotellet, før me avslutta kvelden på puben.

På torsdagen fekk me besøk ifrå Norheimsund, bestemor, bestefar og syskenborna våre Ronny og Irene tok seg ein dagstur. Så den dagen innehaldt stort sett eting og sosialisering med dei, ein koseleg dag!

På fredag var eg, Karine og Guro Kristin på topptur. Me køyrde til Turtagrø, og labba av garde til Dyrhaugsryggen (ca. 2000 moh). Ein kjempe fin tur!!! Hadde det ikkje lugga litt på veg nedover, så hadde nedkøyringen vore perfekt.

P4100057 P4100061

På påskeafta tok me med oss mat og drikka og tilbrakte nokre timar i barnetrekket. Mamma tok til og med fram sine 20 år gamle slalomski og vart med :)

2982_155690210014_895480014_6372384_4961817_n 2982_155690095014_895480014_6372367_6096383_n

1.påskedag var ein regnversdag, så på føremiddagen leika eg inne med mine fantastiske tanteungar. Me leika mykje med lego, bygde blant anna bondegard med krokodilledam :) På ettermiddagen tok eg med meg snøbrettet ein tur opp i Sogndalsdaøen til Karine. Me var ute ei stund og prøvde(!) oss på nokre hopp, veldig kjekt! Så gjekk me inn og eg fekk servert nydeleg bærkompott og lefser, nam nam!!

P4120078 P4120088

P4120105 P4120131

Siste dagen av ferien starta med like fint ver som den byrja. P̴ m̴ndag var det str̴lande ver heile dagen Рein super fin dag! S̴ eg og Mette tok med oss Sander, Eline, ski, akebrett, mat og drikke og reiste opp i barnetrekket og koste oss.

P4130141 2982_156669330014_895480014_6395945_5984414_n

Sidan det var sÃ¥ nydeleg ver den dagen sÃ¥ tok me like godt  middagen ute òg :) Me pakka med oss mykje god mat og reiste opp til lavoen oppi bakkane pÃ¥ andre sida av vatnet. Menyen var grilla fiskekaker til forrett, foliegrilla torsk og laks med poteter og grønsaker til hovudrett, og grilla banan med hakka mandlar, sjokolade og kokos til dessert. Ein fantastisk fin avslutning pÃ¥ ferien! :)

P4130179 P4130178

Som vanleg sat pappa og venta medan mamma lagde maten ;)

P4130146 P4130147

P4130152 P4130158

P4130160

Det var den ferien. No er det tilbake til kvardagen, og eg må verkeleg byrja å lesa til eksamen i klinisk ernæring neste onsdag.

Ellers folkens, er det ingen som har fulgt mitt tips om å sjå filmen Briller (orginaltittel: Megane)?? Eg som hadde håpa å kunna dela min begeistring med fleire ;)

Ha ein strålande dag! :)

4 Responses to “PÅSKEN 2009 :)”

  1. Mette Says:

    Hehe, bra bilete av mamma og pappa ved lavoen;-)
    Det var ein utruleg bra påske!
    Har nok ikkje sett filmen nei..

  2. pappa Says:

    Hei pao deg, dette va ein fin “reportasje” frao pÃ¥sken 2009. Kjekt Ã¥ lesa allt, faor vel ta med komentaren om matlaginga og min pasitivitet og, fø da eg vel so da e.
    Me talast, eg mao vel te Oslo att og vaska opp etter deg.
    Har hatt fantastisk fjelltur i dag, 8 t i nydeleg terreng og fantastisk skiføre

  3. Annbjørg Says:

    Heisann!
    Ser ut som at du har hatt ei flott påske, akkurat sånn påsken skal vera!
    Syns nesten eg mÃ¥tte legga igjen ein kommentar nÃ¥r eg sÃ¥g at du avslutta med Ã¥ spørja om nokon hadde sett Briller. Eg var nemlig og sÃ¥g den i dag!! Ingvild som eg bur med skal pÃ¥ utveksling til Japan til hausten, sÃ¥ nÃ¥r det er japansk film pÃ¥ kino mÃ¥tte me nesten gÃ¥:)…. Skumring er ein bra ting!!!!
    Lykke til med eksamen, og håpa du har det fint i Oslo!!!

  4. Hotellsjefen sjøl Says:

    So bra at nokon høyre på mine fenomenale råd ;p
    Bra Annbjørg! Heldig ho so ska t Japan foresten.
    Håpa du òg ha da bra, og at me sjåast om ikkje altfor lenge! :)

Leave a Reply