Friends Fair Trade – plassen å vera på laurdag!!

Posted on May 06 in: Food and nutrition, Random - 2 Comments »

                                      

                                               fasade

Sidan eg eigentleg jobbar som frivillig i den miljøvenlege og rettferdige butikken, Friends Fair Trade, her i Oslo, men diverre svært sjeldan har tid til å faktisk stilla opp, så prøver eg iallfall å spre ordet om denne fantastiske butikken så godt eg kan. Ein måte å prøva å nå ut til folk er å stadig nemna den her på webhotellet mitt, slik at mine gjester iallfall heilt sikkert veit om butikken, og kanskje sprer informasjonen vidare (!!!).

No pÃ¥ laurdag er det World Fair Trade Day, og det vil vera arrangement over heila verda, inkludert i forgÃ¥rden til Friends Fair Trade her i Oslo. Butikkken ligg svært sentralt i Storgata, litt forbi Gunerius, pÃ¥ høgre sida av vegen med retning mot Akerselva. Møt opp folkens!!! Dette vert kjempebra. Det vert smaksprøvar frÃ¥ klokka elleve og underhaldning frÃ¥ klokka to og utover heile dagen. Kanskje dukkar det opp nokre kjendisar òg, Mikkel Gaup skal iallfall vera bartendar mellom klokka tre og fire.  Sjekk ut programmet for dagen, ta med alle du kjenner, og kom innom! :)

Eg kan diverre ikkje vera der, sidan eg skal jobba pÃ¥ min betalte jobb frÃ¥ Ã¥tte til sju den dagen. Denne veka jobbar eg bÃ¥de mÃ¥ndag, fredag, laurdag og søndag. Ellers sÃ¥ er livet i Oslo bra om dagen – sola skin og det er som alltid mykje som skjer. Av høgdepunkt den siste veka kan eg nemna 1.mai talar av Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg, besøk av familien, koseleg gebursdagsmiddag med Guro pÃ¥ søndag, og konsert med Bazooka Boppers i gÃ¥r.

Førre onsdag hadde eg eksamen i klinisk ernæring. NÃ¥r eg sat der og las om overvekt, fedme, diabetes type II, hjarte- og karsjukdomar og sÃ¥ vidare, sÃ¥ var det ikkje akkurat sjokolade og feit mat som frista mest, men heller frukt og grønsaker! SÃ¥ eg hadde gode lesedagar med interessant pensum og blant anna smoothiar dagen lang – eg koste meg :)

P4260063 P4240044 P4260068

Den fyrste her var med appelsinjuice, appelsin, banan og havregryn. Den i midten med appelsin, jordbær, appelsinjuice og vaniljeyoghurt.  Den siste der  med mango, appelsinjuice og litt kokosmjølk.

P4230016P4230028

Den til venstre her var med skogsbær og soyamjølk, servert med havregryn, banan og linfrø – ein perfekt frukost :) Den siste her lagde eg av avocado, banan og vaniljeyoghurt, den vart veldig tjukk, sÃ¥ litt soyamjølk eller noko i tillegg er Ã¥ anbefala.

Andre favorittar av meg er blant anna blåbær og bringebær, ananas, banan og pasjonsfrukt, ananas og mango, jordbær og skogsbær ++++ Nam nam :)

 

P4300069

Så på torsdag fekk eg ny levering ifrå Kolonihagen. Denne gong innehaldt kassen poteter, knaskerøtter, salat, persille, sopp, cherrytomater, paprika, bananer, kiwiar, pærer, appelsiner, grapefrukt, loff, egg, marengs og cookies.

Heilt til slutt, eit sunt og billeg middagstips: Brenneslesuppe.

Ha ein strålande dag, folkens! :)

2 Responses to “Friends Fair Trade – plassen å vera på laurdag!!”

  1. mamma Says:

    Hei på deg.Ja her var det mange gode smoothier.Skulle gjerne ha smakt de,så du må nok lage noen når du kommer heim på ferie.Her er det grått og trist idag.jeg skal bare på jobb 3timer idag.Mye jobbing på deg og nå.Du får ha en fin dag.Jeg skulle gjerne ha vært med på Fair Trade dagen.Klem fra mamma

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    Smoothies i sommar ska bli!!:) Ha ein fin dag du og, mamma!

Leave a Reply