Feiring i Stavanger :) :)

Posted on May 20 in: My life, Travel - 8 Comments »

P5160104 P5170151

PÃ… FREDAG FEIRA EG LIVET MED SURFING OG GRILLING MED GODE VENER PÃ… BORESTRANDA, PÃ… LAURDAG FEIRA EG ALEXANDER RYBAKS GRAND PRIX SIGER, OG PÃ… SØNDAG FEIRA EG SJØLVSAGT NASJONALDAGEN VÃ…R – STAVANGER ER EIN PERFEKT BY FOR FEIRING ER KONKLUSJONEN ETTER HELGA.

Fredag morgon klokka 07.11 satte eg meg godt til rette på toget frå Oslo til Stavanger. Med god mat, god musikk og ei god bok i veska, såg eg fram til åtte fine timar på toget. Sjølv om eg absolutt ikkje har noko imot åtte timar på tog, så var det likevel med stor iver og glede eg i går las om nye høghastighets-Noreg i Dagbladet.

 

960x

 

Ein ny rapport viser nemleg at høghastighetstog ikkje berre er kjapt og miljøvenleg, men òg lønsamt. Ikkje berre vil slike tog redusera norske klimagassutslepp med 1,4 millionar tonn CO2 i året, men det vil òg vera samfunnsøkonomisk lønsamt. Med politisk vilje kan me innan 2020 setja oss på toget og vera framme i Stavanger og Bergen ca.2,5 timar seinare. Så lat oss håpa politikarane våre endeleg får røvi i gir!!

Eit parti er sjølvsagt skeptisk: “Jeg vil først se den nye rapporten og hvilke forutsetninger som er lagt til grunn. Men uansett hva det tyske konsulentfirmaet sier, betviler jeg at høyhastighetstog vil bli fordelaktig i Norge”, sier Per Sandberg (Frp).

 

Tilbake til mi tre dagar lange feiring i Stavanger :)

På fredag vart eg møtt av Gry på togstasjonen. Me var innom butikken for å kjøpa grillmat og innom leilegheiten deira for å henta surfebretta, så var me på veg mot Borestranda. Der møtte me Karine, Ruth Wenche og May Anita. Litt etterpå var me på plass i våtdraktene og klara for det me likar å kalla surfing:P Det var strålande sol og faktisk litt bølger, så eg var svært nøgd. Etter ei stund var det klart for litt grillmat og volleyball, før me kasta oss uti bølgene for andre gong. Då var det nydeleg solnedgang, men diverre ikkje mange bølger.

 

  P5150016   P5150002 P5150079

 

Laurdagen var det diverre ingen bølger, sÃ¥ dÃ¥ vart det volleyballspeling i staden, kjempe kjekt det òg. Klokka seks var eg og Karine pÃ¥ plass for Ã¥ heia pÃ¥ Sogndal mot Stavanger. Det var veldig kjekt Ã¥ fÃ¥ med seg ein Sogndalkamp, men 0-0 var eit skuffande resultat. Om kvelden var me pÃ¥ Grand Prix fest – der var det topp stemning.

 

P5160088 P5170117

P5170130 P5160095

Sjølvaste nasjonaldagen starta med ein nydeleg frukost. Ellers sÃ¥ var høgdepuntet for min del eit internasjonalt arrangement med underhaldning og matbodar frÃ¥ mange ulike land. Me kjøpte mat frÃ¥ bÃ¥de Tyrkia, Polen, Sri Lanka, Eritrea og Vietnam – og alt smakte kjempe godt. Folketoget var òg artig Ã¥ fÃ¥ med seg, med mange originale innslag.

P5170141 IMG_3749 IMG_3751        IMG_3764                      IMG_3730 

 

Eg anbefalar alle Ã¥ ta ein tur til Stavanger og dei fantastiske strendene pÃ¥ Jæren – det er dagens reisetips!!!

Dagens mattips: Prøv Tine sin nye yoghurt – Klin kokos (i 4-pakning)!!

Eit siste tips: Ta toget! Ingenting er som Ã¥ sitja pÃ¥ toget og sjÃ¥ ut og berre tenkja………

 

TAKK FOR EI SUPER HELG, JENTER! :) Og god langhelg, alle saman!

8 Responses to “Feiring i Stavanger :) :)”

  1. Mette Says:

    Ser ut som du har hatt det fint ja!
    Eg har veldig lyst å oppleve strendene der:-)

  2. Sindre Says:

    Flotte strandbilde, kem hadde trudd Noreg va so fint!

  3. Hotellsjefen sjøl Says:

    Ja, strendene e fantastiske!! De må bli med ein gong! :)
    Eg ska kje ta æra for dei fine strandbileta dao, fotografen e May Anita.

  4. Gry Says:

    Ja, det var ei kjekk helg! Velkommen igjen:)

  5. Hotellsjefen sjøl Says:

    Takk, Gry! :D
    Og du e svært velkomen t Oslo, gløym ikkje da!

  6. May Anita Says:

    Heisann:)

    Ja, va jo veldig kosele Ã¥ bumpa borti deg òg der i Stavanger:) Positiv øverrasking! Da eina bilde kjenne eg kanskje igjen ja… men kan vel kje skryta pÃ¥ meg begge to?? Jaja, me fÃ¥r sjÃ¥ ka ti me treffest neste gong dÃ¥:) Plutsele sÃ¥ e me pÃ¥ same stad te same tid vettu;)

  7. Karine Says:

    kjekk lesing og masse fine bilder. men som may anita hintar til litt lenger oppe (?), unngå plagiat!

  8. Mona Says:

    Veldig fine bilder Рs̴ pen du er!

Leave a Reply