Revolusjonerande god vegetarmat?

Posted on Jul 26 in: Food and nutrition - 2 Comments »

I SOMMAR OPNA VEGA FAIR FOOD CAFÉ & RESTAURANT I OSLO. DEI OVERTOK LOKALA TIL GAMLE VEGETA VERTSHUS SOM OPNA ALLEREIE I 1938. VEGA FAIR FOOD VIL FØRA TRADISJONANE VIDARE, MEN MED MEIR FOKUS PÅ DAGENS MENNESKE OG BEHOV, SKRIV DEI PÅ NETTSIDA. HØYRES BRA UT! SJØLV ETTER AT DEI SKIFTA NAMN TIL AUBERGINE OG FEKK HJELP AV TV3 OG GOURMETKOKKEN HELLSTRØM, VAR DET NEMLEG NOKO TRAUST OG INSTITUSJONANPREGA OVER DEN GAMLE RESTAURANTEN.

Kva: Vega Fair Food Café & Restaurant, ny vegetar café/restaurant i Oslo.

Kvar: Akersgata 74, 0180 Oslo, inngang ved Kurbadet, Thor Olsens gate.

Opningstider: Kvardagar 11-21, laurdagar STENGT, søndagar 13-21 (kjøkenet stenger 20.30 kvar dag)

Telefon: 47 92 12 12

Nettside: www.vegafairfood.no

PÃ¥ slutten av joggeturen min torsdag morgon dumpar eg borti eit skilt i vegen, “Vega Fair Food” stÃ¥r det. Interessant namn. Eg stoppar faktisk opp, og skjønar at det er det nye namnet pÃ¥ tidlegare Vegeta vertshus. Eg vert nysgjerrig. Det er jo ikkje sÃ¥ lenge sidanVegeta Vertshus skifta namn til Aubergine og fekk hjelp av tv3 og gourmetkokken Eivind Hellstrøm. Den hjelpa var tydlegvis ikkje nok. Dette mÃ¥ prøvast ut.

Torsdag kveld er eg svært svolten og spent pÃ¥ plass i lokala til Vega Fair Food Café & Restaurant. Lokala er pÃ¥ nytt pussa opp, og det gler meg Ã¥ sjÃ¥ at det nærast er fullt i lokalet. Her er dei “typiske” vegetarianarane pÃ¥ plass, representert ved eit ungt svenskt par som ser sÃ¥nn passe alternative ut. Ei ung mor har teke med sine to smÃ¥ born ut for Ã¥ eta. To damer i femtiÃ¥ra pratar i munnen pÃ¥ kvarandre pÃ¥ eit bord. To litt rolegare menn nyt maten pÃ¥ eit anna bord. Lengst inni lokalet sit ein familie som tydelegvis feirar gebursdagen til den eine dottera. Eg finn meg  eit ledig bord og ein koseleg gammal sofa.

Midt på golvet står buffeten servert. I menyen kan ein velja om ein vil ha berre suppe og brød til 75 kr, salat og brød til 95 kr, enkel buffet (suppe, brød, salatar og varme rettar) til 145 kr, pluss buffet (+kaffi og økologisk juice eller cola) til 165 kr eller luksus buffet (dessert i tillegg) til 195 kr. Uansett kva ein vel så kan ein forsyna seg så mange gonger ein vil. Dei har òg lunsjbuffet til 125 kr måndag til fredag 11-15.00, den inkluderer både suppe, brød, salatar og varme rettar.

Betjeninga er blide og hyggjelege, og den svenske jenta i kassen berre ler når eg i kjend stil ikkje klarar å bestemma meg for kva buffet eg vil ha. Lommeboka seier salatbuffet, men då ho har slått inn summen så insisterer magen og nysgjerrigheita på buffet med varm mat, så den venlege jenta må avbryta og slå inn på nytt. Eg tek med meg eit glas isvatn og gjer meg klar for mat, mykje mat.

Eg startar  kveldens etegilde roleg med ei lita skål med suppe. Dagens suppe er gresskarsuppe, som er både glutenfri og vegansk. Suppa er smakfull og god, og eg kunne gjerne teke ein porsjon til, men eg veit eg har mykje å smaka på og droppar det difor.

Salatbuffeten ser veldig freistande ut, og eg tenkjer at salat og brød til 95 kr er eit godt alternativ ved neste besøk, her er det stor variasjon og nok å bli mett av. Det er salatblad, tomat, agurk, raspa gulrot og kålrot, hummus, rødbetsalat, to forskjellege potetsalatar, ein salat med mais og noko grønt som eg trur kanskje er løvetannblad(?), raudkålsalat, linsesalat, bønnesalat, kikertsalat, bananchutney, jalapeños og oliven. Eg forsyn meg med litt av absolutt alt, og kan ikkje venta med å smaka. Eg må berre ha med meg ei brødskiva òg. Her er det tre alternativ: landbrød, glutenfrittbrød og mørkt rugbrød, alle er heimelaga. Eg skjærer meg ei skive av rugbrødet, og set meg godt til rette med maten. Eg smakar på ein etter ein salat, og det smakar kjempe godt. Spesielt godt likte eg rødbetsalaten, den var så sprø og god, og i lag med raudkålsalaten så pyntar den verkeleg opp tallerken.

Medan eg nyt maten sÃ¥ ser eg i brosjyra eg plukka med meg pÃ¥ veg inn. “Food to everybody” reklamerer dei med. Dei tilbyr bÃ¥de vegetarisk, vegansk, rÃ¥, økologisk, rettferdig, glutenfri og laktosefri mat. Dei tilbyr òg “food to go”, for ein hundrelapp sÃ¥ kan ein fylla opp ein boks med det ein mÃ¥tte ynskja.

Etter all den deilege salaten sÃ¥ gler eg meg veldig til Ã¥ smaka pÃ¥ varmmaten. I dag er det ein vegetarisk versjon av kjøtbollane kofte pÃ¥ menyen, dei er blant anna laga av kÃ¥l og ligg oppi ein fyldig tomatsaus. I tilleg er det papadum (indisk flatbrød), basmatiris, og poteter og blomkÃ¥l i ein deileg saus med smak av karri og kokos. Det smakar rett og slett utruleg godt. Koftene er gode og har ein bra konsistens, og tomatsausen er sÃ¥ smakfull og tjukk og god. Og for ein karri- og kokkoselskar som meg sÃ¥ er potet- og blomkÃ¥l gryta perfekt. GÃ¥r det an Ã¥ sakna kjøt nÃ¥r ein fÃ¥r mat som det her? Eg tek ein fjerde tur bort pÃ¥ buffeten og plukkar med meg litt meir av varmmaten og litt av dei beste salatane. Eg er særs tilfreds, det einaste eg lurar pÃ¥ er korleis det er med variasjonen? Medan eg tenkjer pÃ¥ det spaserer det inn ein fyr som ser ut som ein typisk pølse med brød taxisjÃ¥før, og eg tenkjer: veit han at det er vegetarmat her? Jada, han bestiller seg ein buffet, forsyn seg, og gir meg svar pÃ¥ begge spørsmÃ¥la: “Det e positivt at dokk lage nye ting kvær dag”, seier han til  jenta bak disken.

Eg er mett og nøgd, men kjenner likevel at eg er nysgjerrig på desserten. Så eg bestiller ein yoghurtfromasj til 37 kroner. Samstundes som eg bestiller finn eg ut at det er heilt nye folk som no driv plassen, og at dei til og med har ein koseleg bakgard med sitjeplassar.  Dersom ein ikkje er svolten, er Vega Fair Food òg ein fin plass for å berre ta ein kaffi. Dei tilbyr blant anna  økologisk kaffi og brus, alkoholfri vin og øl, smoothie og lassi, rettferdig sjokolade, og ulike dessertar som pannacotta, yoghurtfromasj, vegansk eplekake og bananbrød.

Etter nokre minutt kjem desserten min. Den ser lekker ut; kvit fromasj servert i høgt coctailglas med mangosaus over. Eg vert positivt overaska over at den vert servert med mangosaus, dÃ¥ det ikkje vart nemnt. Mmm, fromasjen og sausen er ein god kombinasjon. Plutseleg vert diverre idyllen avbroten av at dei byrjar Ã¥ jobba med noko, eg veit ikkje om dei sagar eller borer eller kva dei driv med, brÃ¥kar gjer det iallfall! Det er no berre meg att i lokalet i (og nokre fÃ¥ gjester ute i bakgarden), eg synest likevel dei godt kunne ha venta med arbeidet, det er trass alt under ein time til det stengjer. Det brÃ¥kar rundt meg, mangosausen er eten opp, og eg kjenner no at yoghurtfromasjen eigentleg berre smakar som ein ganske ordinær vaniljeyoghurt med veldig tjukk konsistens. Den er god, men ikkje ein dessert eg kjem til Ã¥ hugsa i mange Ã¥r framover, ikkje som pasjonsfruktostekaka i Costa Rica i 2005, eller den nydelege kokosisen servert med nøtter og perfekt moden mango i Mexico i 2007…Eg drøymer meg vekk.. Middagen vil eg imidlertid hugsa, og eg gler meg allereie til neste besøk!

Lukkeleg og mett gÃ¥r eg heimover. Vel heime tek eg ein titt innom nettsidene til Vega Fair Food Café & Restaurant. “Mat revolusjonen er her!”, stÃ¥r det pÃ¥ framsida. Lat oss hÃ¥pa det!! Eg trur imidlertid lokalets noko gøymde plassering og buffetkonseptet hemmar revolusjonen noko. Oslo treng framleis ein sentralt plassert vegetarcafé/restaurant i innbydande lokaler med ein spennande meny ein kan bestilla ifrÃ¥.

Vegetarianar eller kjøtetar; stikk innom Vega Fair Food Café & Restaurant for eit garantert sunt, miljøvenleg og smakfult måltid! God appetitt!

“Vega Fair food is a concept that seeks to provide food and beverages made in a fair way. By fair food we mean food that is fair to the environment, our fellow inhabitants of the earth (both animal and human), your own body, your mind and your soul. Fair food is produced in a way that it has minimal impact on the environment, free from poison and genetical modification and has a fair origin.

We strongly believe that by eating fair food you will feel better and more happy, and you help in making the world a better place!

Still, food is more than just getting energy and vitamins, its also about satisfying the senses, and this is our main focus at Vega. Our food is made to rock the senses, and to make it an easy choice to go fair and take care of yourself and the environment.”

2 Responses to “Revolusjonerande god vegetarmat?”

  1. Christianne Says:

    Detta høyrest perfekt ut etter 4 veker med masse mindre god mat i eit land som er dårlege på friske grønsaker og andre råvarer på menyen!! Neste gong eg kjem til Oslo må me gå hit Ann Kristin :) No skal eg pakka til turen vår, gleda meg masse til å sjå deg seinare i dag snuppa! smask

  2. Heidi Says:

    Nå ble jeg sulten! Oslo får alle de morsomme vegetarstedene :(

Leave a Reply