Velkomen til bloggen min

Posted on Feb 07 in: About the blog - 1 Comment »

I den anledning at eg reiser til Den dominikanske republikk i morgon sÃ¥ har eg altsÃ¥ ordna meg ein blogg, webhotell om du vil (eg vil!). I mailen der eg fekk passord og sÃ¥nt til bloggen sto det: “Ditt webhotell har blitt opprettet pÃ¥ vÃ¥r server”, noko som gav meg ei artig kjensle av Ã¥ vera hotelleigar, det var altsÃ¥ opphavet til det fyrste innlegget pÃ¥ bloggen her om nokon lurte pÃ¥ det.

I morgon reiser eg altså avgarde. Eg skal busetja meg i Cabarete på Den dominikanske republikk i tre månadar, der eg skal studera Idrett og friluftsliv. De kan lesa meir om opplegget på www.studyaway.no om de ønskjer det.

Sidan ikkje mobilen min får bli med ut i verda denne gongen heller, så tenkte eg det var lurt å få meg ein blogg og gje litt lyd i frå meg her. Slik at mamma får sova om nettene og pappa forhåpentlegvis slepp å byrja etterforskning denne gongen.

No må eg jammen koma i gong med alt eg må ordna i dag, eg har visst som vanleg utsatt ein heil del ting til siste liten. Så spørs om eg får tid til å skriva meir her før eg reise.

Eg vert altså ikkje tilgjengeleg på mobilen dei neste månadane, så ta kontakt på mail eller her på hotellet mitt. De må jo oppdatera meg på livet her heima! Eller på livet i Afrika og andre plassar de som og skal ut å reisa!

Hada bra so lenge :)

One Response to “Velkomen til bloggen min”

  1. Syifa Says:

    Buena ettermiddagen Mr PaoloKostnaden for hver vei Santo Domingo Airport Catalonia Bavarian es av 170 HK dllaor, Gyldig pe5 privat transport til 4 passasjerer som reiser sammen pe5 samme hotell, eksklusivt kjf8retf8y for deg.1- Overff8ring Aeropuerto av Santo Domingo Catalonia Bavarian Ida, til 4 passasjerer 170 HK dllaor.2- Transfer Catalonia Bavaro Santo Domingo flyplass tilbake, til 4 passasjerer 170 HK dllaorFor e5 bestille transport me5 fylle ut skjemaet nedenfor:Takk for re5dgivning

Leave a Reply