Ny adaptar…hipp hurra!

Posted on Mar 15 in: Travel - 11 Comments »

Ja, no skal det bli blogging framøve, kvar dag,  kanskje… Eg har iallfall i dag fÃ¥tt meg ein ny adaptar.  Den adaptaren eg hadde med meg og dataen passa jo diverre ikkje ilag.  Men i dag sÃ¥ var Mona sÃ¥ grei og kjøpte med seg ein adaptar til meg dÃ¥ ho var i Sosua. Litt under 4 kr kosta den, kan ikkje klaga pÃ¥ den prisen.  SÃ¥ no kan eg altsÃ¥ bruka dataen min nÃ¥r eg vil, eg treng ikkje snyltelÃ¥na andre sin adaptar nÃ¥r dei ikkje bruka den, sÃ¥ eg føler hotellet gÃ¥r ei lys framtid i møte.

Det var vel i grunn hovudpoenget i dette innlegget. Men sidan eg er her så kan eg vel kanskje skriva eit kort referat om dagen min og.  Veret har ikkje vore heilt topp i dag heller, ein del vind og overskya, men ikkje regn i dag.  Eg som ikkje er den største tilhengjaren av å liggja strak ut for å slikka sol dagen lang synast i grunn det er heilt greit med nokre sånne dagar i blant, berre deileg det.

Eg sto jo opp i halv sju tida i dag for å surfa, men då eg såg at det bles mykje droppa eg den planen, for det tydar på dårlege forhold. Svært skuffande altså, eg har nemleg hatt fri i heile dag, skal visst ikkje få læra å surfa eg.  Jaja, håpar på betre lukke i morgon! Då har eg nemleg ikkje time før klokka ti, så planen er då å stå tidleg opp for å surfa.

Eg tok iallfall ein liten joggetur på stranda i staden på morgonen i dag.  Etterpå vart det nokre episodar Sex og Singelliv igjen på Christianne og dei sitt rom.  Henriette, som Christianne bur med, har nemleg med seg heile skoesken, altså alle sesongane.  Så gjekk eg og Christianne etter kvart ein tur til sentrum her, og der vart me fram til middagstid.  Me var innom surfebutikkane og diverse andre butikkar og åt lunsj på den kinesiske restauranten her.  Der var maten god, eg åt reker og grønsaker i karrisaus med ris til.  Christianne fekk handla seg masse fint i den eine surfebutikken, medan eg fann meg litt for mykje fint i den andre surfebutikken.  Men då eg kom til kassen så fekk eg ikkje betalt, var visst ikkje pengar der nei, men lån og stipend var kome inn på kontoen no såg eg, så det ordnar seg.  Varene ligg i ein pose og ventar på meg, så eg får tilbake og betala i morgon.

Etter middagen her klokka seks så gjekk Ann Kristin, Christianne, Marianne, Gina og Mona ein tur på stranda, og etter det så har eg ikkje gjort så mykje, surfa litt på nettet berre og sånt.

No er det leggjetid, så håpar eg på surfing i morgon!!

God natt, folkens!

11 Responses to “Ny adaptar…hipp hurra!”

  1. mamma Says:

    Hei jenta mi.Det er så koselig å stå opp 6.30 slå på dataen og se at det ligger ett nytt reisebrev.Men du vi vil ha bare sol når vi kommer :-) du ordner vel det.så billig adapter da,kanskje jeg kan kjøpe der jeg og.eller du kan ordne noen til oss før vi kommer hvis du skal til sosua.Nå skal jeg på jobb på vetlestova,mellomvakt.Var i 40 års lag til Hilde igår,ost og kjeks og kaffe og kaker,det var koselig.ha en fin dag.klem fra mamma

  2. Gry Says:

    Hei hei :)
    MÃ¥tte berre skriva Ã¥ fortella at i gÃ¥r sÃ¥ var eg nÃ¥ inne pÃ¥ hybelen min og tv`n stod pÃ¥ i bakgrunnen og plutselig sÃ¥ viste dei fra den dominikanske republikk og skulen din vil eg tru… Kanskje klassen din og?? Var nÃ¥ idrett/friluftsliv… Var kjekt Ã¥ sjÃ¥, det sÃ¥g ut som ein veldig kjekke plass med sandvolley, strad og surfing.. Var store bølger, du er nok blitt ein mester pÃ¥ surfebrette vil eg tru:) Du fÃ¥r komma t SolastrandÃ¥ ein gong og læra meg:) Me snakkes

  3. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Du e flink å skriva kommentara, mamma, koseleg! Fortsett sånn :)
    Ska nok klara å skaffa dikka nokre adaptara om de treng ja.

    Og so t deg, Gry: Va da noko herifrå på tv? Gammalt opptak dao elde sikkert?? Eg ha ikkje sett noko kamera her iallfall el høyrt noko om da.
    Eg ha nok ikkje blitt ein meister på surfebrette nei, me ha hatt ganske mykje undervisning fram t no so ha kje blitt kjempe mykje tid t surfing, i tillegg ha forholdi vore veldig varierande.. Mrn ha fått surfa ein del dei siste dagane, og me ha meir fritid dei to neste vekene, so håpa pao bra bølgje no framøve.
    Eg kjem gjerne t Solastrandi!! Sjåast dar :)

  4. Gry Says:

    Ja, det var pÃ¥ tvnorge pÃ¥ aktuelt trur eg, saken var at smÃ¥ høgskular trakk til seg studentar med Ã¥ ha studieplass i utlandet. Dei studentane dei intervjua var veldig fornøyde, og det sÃ¥g og veldig kjekt ut:) Eg leita og leita og sÃ¥g om eg kunne sjÃ¥ deg, men det gjorde eg altsÃ¥ ikkje… hehe:)
    Ja ja, eg fÃ¥r jobba vidare.. I kveld komme May Anita til Sauda, sÃ¥ det blir kjekt:) Me satse pÃ¥ ein skitur, sÃ¥ dÃ¥ fÃ¥r me kryssa fingrane for at det blir litt fint vær, for det ser ikkje akkuratt sÃ¥ bra ut nÃ¥…
    Kos deg masse videre, klEM FR

  5. Gry Says:

    FrÃ¥ Gry, skulle eg skriva men kom borti knappen litt fort….

  6. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Dao må du helsa so mykje t May Anita, og so får de kosa dikka!! :)

  7. Mette Says:

    Heisann!

    Kjempe koselig å lesa reisebreva dine!
    Beklager at eg ikkje skrive so ofte til deg,men tida går so fort og so e det jo ikkje so ofte eg får bruka dataen..
    No har eg og Sander akkurat komme heim fra Kerstin og Ella; barselguppa har altso hatt treff:-) Me kom til ho 2 Рhalv 3,va da inne og leika og spiste kaker og is, so va me ute ei stund og so avslutta me med ̴ bestilla pizza til kvelds. Eg og Antonija gjekk ilag heim.
    Eg og Sander har budd 2 nette i sentrum no og vært med Sindre og pappa,det har vært koselig!
    Det e deilig at det endelig e vår i Oslo:-) Håpa virkelig at det ikkje komme meir snø no og at det blir varmare!
    No mÃ¥ eg prøva Ã¥ fÃ¥ Sander i seng…
    Kos fra oss

  8. mamma Says:

    Halloen! Du har det vel fortsatt fint hÃ¥per jeg,venter jo pÃ¥ mer reisebrev,men du er vel opptatt.men den handlelista du skulle skrive den har jeg ikke sett noe til.Her er det mildt og litt sol idag.Prøver Ã¥ fÃ¥” skeina”opp huset før jeg reiser.Har ihvertfall fylt opp pÃ¥skeegget til Sindre.SÃ¥ har han litt Ã¥ kose seg med i pÃ¥sken.Skulle hilse til deg fra alle besteforeldre og Tone ogRune.Ja nÃ¥ er det bare 6 dager til vi sees,gleder meg masse.SÃ¥ fÃ¥r du ha det godt sÃ¥ lenge.Mange gode klemmer fra mamma :-)

  9. pappa Says:

    Hei pao deg vetla jentao, du kosar deg framleis og da e bra. Eg var i Bergen i jaor, Haugesund i morgon. Ã…rsmøte + eg ska innleia til stor debatt om alkohol og kriminalitet. Var moro Ã¥ ha Sander pao besøk heile sundagen, han og eg kosa oss i lag her. Han var i topphumør, men dirigerte meg rundt heile tida dao……….
    Da er meldt knallver te helgi, so dao satsar eg pao ski/brett/fjelltur m.m. frao morgon til kveld, har endeleg ei heil helg fri. Einaste maolet er mest mogleg ski og fjedl. Fekk tlf i dag frao Terje at min nye kajakk er komen, klar fø henting. Da vette moro å padla i dan, du kan gleda deg te å prøva.
    Beste helsing din pappa – stor klem

  10. Sindre Says:

    “Ja, no skal det bli blogging framøve, kvar dag, kanskje… ”

    Haha..

  11. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Hahahaha….eg berre venta pÃ¥ dan kommentaren frÃ¥
    deg, Sindre! ;)
    Eg ska sei deg da at me ha kje hatt internet på noki daga, kom tebake i går, dao fekk me ny router elde noko sånt, so hadde da ikkje vore for at me no ska sjå film so skulle eg ha blogga, men no bli da film her. Men vert forhåpentlegvis blogg ganske so snart!

Leave a Reply