GEBURSDAGSFEIRING I BUSUA :D

Posted on Sep 08 in: Travel - 6 Comments »

 

Eg har fått litt klager på hyppigheten på blogginnlegg ifrå livet mitt her i Ghana, og det forstår eg veldig godt, og det er jo veldig kjekt at de vil høyra om livet mitt her. Hovudgrunnen er dårleg dårleg internet, men no skal ikkje det vera eit så stort problem lengre, forhåpentlegvis! No har eg nemleg kjøpt meg trådlaust internet for resten av opphaldet, for det måtte eg faktisk ut med 200 norske kroner, så det bør fungera av og til iallfall. I tillegg så har eg no fått skaffa meg Windows Live Writer på min fine nye data, det vil seie at eg kan skriva innlegga og setja inn bilete og sånt utan å vera på internet, og lagra det til eg har internettilgang. Og då kan eg sitja på rommet mitt å skriva, noko som òg er veldig greit, det trådlause nettet dekkar nemleg ikkje rommet mitt. For å koma på så må eg sitja i tv-stova eller på altanen i tredje etasje på andre sida av bygget. Nok om det.

TRU DET ELLER EI, FØRRE LAURDAG FYLTE EG 26 ÅR. SIDAN EG HADDE GEBURSDAG SÅ FEKK EG VELJA KVAR VÅR FYRSTE HELGETUR I GHANA SKULLE GÅ. DET VAR FOR EIN GONG SKULD EIT SVÆRT ENKELT VAL: BUSUA BEACH!

075076 

For mange månadar sidan fann eg Black Star Surf Shop og tilhøyrande Okorye Tree Restaurant på nettet. Den einaste plassen i Ghana der ein kan leiga surfebrett og kjøpa surfevoks og anna tilbehør. Og menyen til restauranten har eg site heima og gleda meg veldig til å prøva ut. Så fredag morgon var eg meir enn klar for å setja meg på bussen vestover langs kysten. Eg, Inger Lise og Ingvild pakka oss klare og tok med oss tinga på skulen, me skulle nemleg ha to timar undervisning og tenkte å reisa direkte ifrå skulen. Me hadde kjøpt bussbillettar på førehand, bussen skulle gå 14.30, og me måtte møta opp på stasjonen 13.30. Men alt gjekk absolutt ikkje som planlagt den dagen..

Til fyrste timen dukka ikkje læraren opp, og jammen dukka ho ikkje opp til det andre faget heller. Me kjente oss ganske frustrerte over at me då faktisk kunne ha reist dagen før og allereie liggje på stranda. (No har me droppa begge faga på fredag, så framover er den dagen fri!!!!!:D)

Sidan me ikkje hadde undervisning så reiste me like godt inn til busstasjonen i Accra, så me var der allereie to timar før bussen skulle gå. Det var bortkasta tid det, for den bussen kom aldri den (eller det gjorde den kanskje, men då hadde me forlatt stasjonen). Ingen visste kor tid bussen kom til å gå, så me krevde pengane tilbake og gjekk for å finna ein annan buss eller noko. Me enda opp i ein tro tro (=guagua). Men den skulle fyllast opp før me kunne køyra, kvart einaste sete skulle fyllast, så i ein og ein halv time sat me inni den varme minibussen og sveitta og venta på at me skulle køyra. Kvart over fem var me endeleg på veg ut av Accra. I eit lyskryss på veg ut av byen så såg me til og med ein mann som døydde. Der me sto og venta på grønt lys ser me pluseleg ein mann som jobbar på taket på ein bygning kjem bort i ein sånn straumledning som går frå stolpe til stolpe. Så han falt om og dei andre arbeidarane prøvde så godt dei kunne med livredning, fem, seks karar sto og prøvde på hjartekompresjon samstundes, men ingen munn til munn, det var ganske forferdeleg å sitja inni bilen og sjå på utan å kunna gjera noko som helst. I tillegg så var sjåføren vår fullstendig gal, alle sjåførar er generelt ganske ville her, men han var ekstrem. Inger Lise ropte både “better safe than sorrry” og “slow down”, men til ingen nytte. Så Inger Lise og Ingvild ville eigentleg gå av, for dei orka ikkje den køyringa i fire,fem timar, så eg såg draumen om gebursdagsfeiring i Busua falla i grus.. Men dei haldt ut, og ved midnatt kom me faktisk fram til Busua Beach :D

Me la oss inn på eit hotell på stranda, som eg ved dagslys neste morgon til min store glede såg at var nærmaste nabo til surfeshoppen. Det var heilt fantastisk å vakna opp til lyden av bølger og kjenna sanden under føtene igjen, og eg merka fort at det var plassen for meg. Diverre så var ikkje surfinga heilt som eg hadde håpt. Dei leigde berre ut 6-fots shortboard eller ni-fots longboard, så eg angra veldig på at eg ikkje hadde teke med mitt eige brett, men eg visste ikkje om eg fekk det med meg på buss/tro tro. Neste gong vert det definitivt med! I tillegg så var bølgene frykteleg vanskelege, så med det lange brettet eg leigde så var det ikkje vits å prøva på bølgene ein gong, så det vart berre litt skumsurfinga på meg diverre.. Veldig skuffande, men det var no kjekt å vera litt ute i vatnet igjen.

Og helgi totalt innfridde forventningane, eg koste meg veldig. 26-års dagen min starta med havregrynsfrukost på Okorye Tree Restaurant, med bananskiver og masse kanel på. Og Inger Lise og Invild hadde lurt seg ned i surfeshoppen mens eg var på badet, så eg fekk til og med gebursdagskort og ei t-skjorta i gåve, veldig koseleg. Ellers gjekk dagen med til meir eting, lesing,tur langs stranda, litt spasering i den lille koselege landsbyen og litt dansing på kvelden.

Eg var veldig nøgd med geburdagsmenyen, sjølv om eg likar godt ein del av den ghanesiske maten me vanlegvis et, så var det veldig godt med litt variasjon! I tillegg til havregrynsgrauten til frukost så åt eg til lunsj ein god burrito og nydlege ingefærkrydra steikte bananer (plaintain) med peanøtter, til middag om kvelden åt eg heimelaga ravioli med sjømat. Dagen etterpå rakk me òg to måltid før me forlot Busua. Fruktsalat og arme riddarar til frukost, og pannekaka med sjokolade og banan til lunsj, nam nam nam!!! Så me koste oss.

Og heimturen gjekk veldig mykje meir effektivt og tryggare føre seg. Me fekk oss taxi med setebelte til alle tre ifrå Busua til Takoradi der bussen går ifrå. Me fekk plass på bussen som faktisk omtrent gjekk når den skulle, og me fekk taxi med setebelte ifrå Accra tilbake til campus, og me var vel heima att allereie i sjutida om kvelden trur eg.

Eg vil tilbake til Busua snart! Planen før eg reiste var jo å tilbringa tida etter eksamen i Busua, og det er nok framleis planen. Alternativet er å reisa til eit anna land her i vest Afrika, for eksempel Elfenbeinskysten, Gambia eller Senegal. Eg har akkurat fått vita at dersom det ikkje vert nokre endringar (noko det ofte vert her i Ghana), så har eg siste eksamen allereie 4. desember, noko som er betre enn eg hadde tord å håpa på. Det er jo faktisk heilt fantastisk. Siste moglege eksamensdato er nemleg 15.desember trur eg, så viss det ikkje blir nokre endringar så er me veldig heldige. Og då vert eg så glad så glad!! Eg har nemleg billett heim 22.desember, så då har eg jo over to veke til å gjera akkurat det eg vil. Jippi!! Nokon som vil koma og henga med meg?? Kom då vel! :D

043 051 047 049

Eg kjeda meg eigentleg ikkje når me sat og venta i tro tro’en i ein og ein halv time, det er alltid så mykje å sjå på. Og ein kan jo få kjøpt det aller meste der ein sit :D

031 043

Havregraut og surfing – PERFEKT!

069 114

078 080

089 081

Kanskje ikkje heilt i tråd med hygieneloven, men blid var han, og godt smakte det! :)

088 085 

Det kjem nok snart litt oppdatering på livet generelt her i Ghana, eg har mykje på hjarta, så fylg med! Men det var alt for i dag, om nokre timar no så skal me på fotballkamp, Ghana-Sudan, det gler eg meg veldig til.

HÃ¥par de har det bra alle saman, oppdater meg!

6 Responses to “GEBURSDAGSFEIRING I BUSUA :D”

  1. Annbjørg Says:

    SÃ¥ fint Ã¥ sjÃ¥ at du kosar deg! MÃ¥ vera kjekt Ã¥ kunna reisa litt rundt Ã¥ sjÃ¥ seg om. Kjenner forresten igjen sjokoladen frÃ¥ bananpannekakelunsjen din..:), mammo og pappen var i Ghana (ikkje langt frÃ¥ Takoradi trur eg) pÃ¥ ferie i vÃ¥r, og dÃ¥ hadde dei med seg akkurat den sjokoladen heim igjen. Syns Ã¥ hugsa at den ikkje var spesielt god…
    Pass på deg sjølv (bruk bilbelte!), og ha det veldig bra!!

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    Heisann Annbjørg!
    Kelais står da t med deg??
    So foreldri dine ha vore her, wow, artig, ke syns dei? Sjokoladen e vel kanskje ikkje super i forhold t freia melkesjokolade nei, men her nede funka dan greit :)
    Eg ska passa på meg sjøl ja, kanskje ska eg på tur med may Anita i helgi:)
    Kos deg heima i Noreg!

  3. mamma Says:

    Hei på deg: Dette var en langt og koselig reisebrev.Og så fint med bilder og.Jeg har hatt Sander og Eline på overnatting.Eline våkna før 6 og vekte Sander.SÅ nå har vi ete frokost og bare koser oss.Jeg skal på jobb 11.30 så da tar jeg de med bort i barnehagen,skal ha seinvakt på Eline sin avdeling.Sander og Eline synes det var kjekt å se bilder av en smilene tante og damene som bærer alt mulig på hodet.Pappan din og jeg skal på hotell i EIdfjord i helgen hvis han er frisk nok til å springe løp 3 dager.Du får kose deg videre i varmen,klem fra Sander,Eline og mamma.

  4. mamma Says:

    Hei igjen. skreiv visst litt feil.Det skal være Eidfjord

  5. Mette Says:

    Heisann!

    Kjekt å lesa reisebrevet ditt, håpar det snart kjem meir:-)Fine bilder også!

    Me var faktisk på Fuglesteg i går! EG drog med meg mamma og pappa, og Jarle og Norunn vart med også. Det var ein veldig fin tur:-)Sander var veldig flink å gå opp, og ned att sprang han for det meste.

    Håpar du har hatt ein fin helg også!

    Kos fra meg, Sander & Eline:-D

  6. pappa Says:

    Hei kjære dotter.
    Kjekt å lesa at du har da so fint. Lett å lesa at du stortrivast.
    Valet gjekk bra ja, nye 4 aor fø dei raud-grøne.
    Laurdag hadde me ein strÃ¥lande tur te Fuglesteg. Eg trudde aldri at eg skulle oppleva at Mette “mÃ¥tte dra meg med pao tur”, men no ha da skjedd………
    Ho har æra for at me fekk dan fine turen.Sander var imponerande sprek, Eline sat pao ryggen min. Kos deg vidare.

Leave a Reply