Litt dÃ¥rleg ver om dagen…men livet er no uansett supert her!

Posted on Mar 22 in: Travel - 2 Comments »

Klokka e fem på sju om morgonen. Eg sit utanfor rommet vårt og skal no skriva blogg. Internet er nemleg betre her ute enn inne på rommet, og så vil eg jo ikkje vekkja dei andre. Eg hadde vekkerklokka på ti over seks i dag. Skulle nemleg surfa og hadde tenkt å reisa ti på sju. Men så vaknar eg til og med før klokka ringer av eit ganske ivrig regnver.. Og regn og vind vil visst som oftast seia dårlege surfeforhold. Utruleg irriterande!! Fekk ikkje surfa i går heller, hadde nemleg undervisning. Og i morgon vert det heller ikkje surfing, gruppa mi skal nemleg på ein tre timars kajakktur på ei elv her i morgon. Gler meg til det då, vert nok kjekt.

Gruppa mi vil altså seia gruppe 1A. Klassen er delt inn i fire grupper som gjeld heile opphaldet, altså 1A, 1B, 2A og 2B. Så nokre få gonger innimellom, til dømes på volleyballturneringa me hadde for nokre veker sidan, så er heile klassen ilag. Men som oftast så er eg berre med gruppa mi 1B, eller både gruppe 1A og 1B har aktivitet ilag. Teoriundervisningen har heile klassen ilag.

No opna visst heile himmelen seg her, steike for eit regnver! Eg sit no faktisk her med både sokkar, buksa og hettejakke på, det er ikkje ofte. Det er kanskje eigentleg ikkje så kaldt at det er nødvendig, men det er litt deileg, ein vert i litt sånn stemning slik som veret er her om dagen. Slik som i går så var me nokre jenter som leigde film og sat under pledd inne og såg film om dagen. Det er ein typisk kveldsaktivitet her, men om dagen pleier me no heller å vera ute på stranda til dømes. Men sidan veret ikkje var så bra så leigde me altså ein film. Og då det under filmen verkeleg byrja å plaska ned, var det skikkeleg deileg å liggja inne under pleddet og høyra regnet plaska ned utanfor.

Eg er ikkje heilt liggja-strak-ut-på-stranda-for-å-bli-brun-kvar gong-eg-har moglegheit-til-det-typen, så eg har eit ganske avslappa forhold til det manglande finveret om dagen. Om det ikkje er sol kvar dag så er ikkje det krise, er jo litt deileg å kunne bevega seg litt utan å sveitta og ikkje minst slippa unna solkremstresset nokre dagar. Men no sit folka rundt meg å klagar og klagar over at det har regna sidan me kom og berre er dritver her, no overdriv de, folkens! Men til familien min som kjem: Dersom vekene dykkar her vert representative for veret som har vore så langt, så bør de nok kanskje vera førebudde på eit par dagar med regn og litt overskya ver.

No traff eg min kjære bror på msn her, og det var mildt sagt ein interessant samtale. Eg er heilt satt ut her eg sit. Men sidan eg kanskje må finna ut kor offisiell informasjonen eg fekk er før eg skriv noko meir om det her, så ber eg dykk berre å følgja med her på hotellet i tida som kjem! :)

I går fekk eg kosa med kvalpane som vart fødde her for ei og ei halv veka sidan. Dei var ni, men ein døydde diverre kort tid etter fødselen. Dei har enda ikkje opna augene. Nokre er brune, nokre svarte og nokre er kvite og svart. Dei er heilt nydelege, utruleg skjønne!!

Så kva har skjedd her i Cabarete dei siste dagane? Her går iallfall dagane og vekene frykteleg fort. Me er jammen straks halvveges i opphaldet. Det vert hardt å reisa herifrå. Og eg må jammen snart finna ut om eg skal reisa litt meir etter desse tre månadane eller ikkje. Eg har jo ein plan om å fly herifrå til Panama når studiane er ferdige i byrjinga av mai, og så reisa oppøve og fly frå Mexico og tilbake hit, så hadde det jo vore kjekt å vore her litt før eg reise heim til Noreg. Men økonomien er ikkje særleg god om dagen, og det går meir pengar her enn planlagt, så det spørs om eg har råd. Eg må finna ut av dette relativt raskt og få bestillt billettar om eg skal iallfall. Hadde eg berre hatt pengar så hadde det jo ikkje vore noko problem, då kunne eg jo ha reist heilt fram til studiestart i august.

Eg må verkeleg prøva å realisera planen min om litt hyppigare oppdateringar her, for det er ikkje så lett å hugsa tilbake så mange dagar, alt går litt i surr..

Jaja, laurdag og søndag hugsar eg iallfall stort sett kva eg dreiv med. Laurdag trur eg at eg sto opptidleg for å surfa. Tok sikkert ein gua-gua til surfestranda.

No er klokka blitt 14.30 her og eg skal fullfora dette innlegget. Internet forsvann i dag tidleg daa eg dreiv paa. Saa no har eg satt meg paa ein nettcafe i staden. Har ikkje saa god tid no saa det vert litt kort oppsummert her no.

Laurdagskvelden var iallfall eg, Christianne, Gudni, Marianne og Kristin ute og aat paa ein koseleg restaurant men namnet Bliss, mogleg den er inspirert av Tone Damli Aaberge sin song, kven veit, restauranten var ganske nyopna saa.. Maten der var iallfall god, men eg vart ikkje veldig mett, saa etterpaa bar det rett paa ein cafe paa stranda der me bestillte sjokoladekaka. Den var litt skuffande i smak, men metta iallfall. Saa etter kaka var Ann Kristin, Christianne og Marianne klare for dansegolvet paa Bambu, og der svinga me oss til det stengde, ein artig kveld.

Sondag sto eg tidleg opp for aa surfa, berre tre timar sovn den natta. Etter surfinga var me ein gjeng som reiste til naeraste by, Puerto Plata. Kjekt aa koma seg litt vekk og sjaa ein ny stad. Men det var i grunn ikkje kjempe mykje aa sjaa der, alle butikkane var stengde sidan det var sondag og byen var ikkje full av fristande eteplassar akkurat. Saa etter ein tur innom fortet San Felipe og litt vandring i byen, saa satte me oss i ein gua-gua att med retning Playa Dorado. Det er altsaa ein hotellby, altsaa eit stort turistomraade. Ikkje spesielt sjarmerande, men det tilfredstillte vore behov den ettermiddagen veldig bra. Der aat me paa Pizza Hut, kjopte godteri og gjekk paa kino, og me fekk kjopt nokre armband og saanne smaating.

Det var det eg gadd for denne gong. Eg provde foresten aa ringa deg akkurat, Mette , men du tok jo ikkje telefonen, men me pratast jo paa sondag, gler meg til det! Trur kanskje me har litt aa prata om;)

Hada bra so lenge, alle saman!

2 Responses to “Litt dÃ¥rleg ver om dagen…men livet er no uansett supert her!”

  1. Mette Says:

    Hehe,eg og Sander la oss ilag igår.. Han ville ikkje sova aleia;han e jo ikkje heilt frsk so..
    Han og Hans Chistian skal væra heima idag og. Eg og Stian skal ha påskefrokost med ungane og forldrene idag. Eg har berre hatt Lasse denna uka, Agnes e sjuk og.
    Spørs om me greie å bli klare til å reisa imåro tidlig.. eg e ikkje ferdig å pakka hvertfall!
    Fekk beskjed igår om at Sander har fått plass i barnehage på Lindeberg fra 6.aug:-) I samme som Mario går i.
    Håpa virkelig at det blir fint ver når e komme altso! Sander gleda seg veldig til å bada og leika i sanden!
    Silje fekk forresten ein gutt på mandag, skal heita Nicolai:-)
    No må eg vekka Sander, dei skal kjøra meg på jobb.
    Kos

  2. Solrun Says:

    Hei du!
    Kjekt å lesa om ke du drive me! eg e fortsatt misunnle. Eg ha nett vore ei vika pao leikanger, e sjukemeldt pga foten, men e begynt å bli bedre, so ska pao jobb atte pao mandag. Elles so vise bergen seg frao si beste sia om dagen, blao himmel å sol! So deileg! Eg ha site pao altanen å drøymt meg vekk i dag :) Fortsett å kos deg masse, å eg trur du e ein racer på surfing eg dao! Klem :)

Leave a Reply