Siste vekas høgdepunkt i Ghana

Posted on Sep 14 in: Travel - 4 Comments »

Ghana - Sudan! 002 Ghana - Sudan! 018

Ghana - Sudan! 028 Ghana - Sudan! 049

FOTBALLKAMP, ETIOPISK MAT, VEGANSK MAT, ERNÆRINGSSEMINAR, KOKROBITE, SOL OG SLAKKLINA. LIFE IS GOOD!

Førre søndag var eg, som nemnt i førre innlegg, på fotballkampen mellom Ghana og Sudan. Stemningen der var mildt sagt ein del livlegare og meir fargerik enn på Ullevål. Ghanesarane song, ropte og dansa stort sett heile tida. Og på slutten så gjekk bølga rundt stadion iallfall fem gonger på rad. Ghana vann kampen, og kvalifiserte seg med det til VM i Sør-Afrika til sommaren. Det var kjempe kjekt å få med seg, og no har eg eit lag å heia på sidan Noreg svikta.

Besteveninnna til Inger Lise er etiopisk, og Inger Lise er difor vande med å eta etiopisk mat ganske ofte, så det har ho sakna her. Så her om dagen så nemnde ein førelesar at det hadde opna ein ny etiopisk restaurant ikkje så langt ifrå campus. Den måtte me sjølvsagt prøva, så etter ein lang skuledag på onsdag sette me oss svoltne og forventningsfulle i ein taxi til East Legon. Og forventningane vart innfridde, nam nam! Eg hadde injarra med fire forskjellege vegetariske sausar, og eg gler meg allreie til neste gong, som sikkert vert ein gong denne veka.

Så på torsdag kom eit nytt kulinarisk høgdepunkt. Plutseleg dukka det opp ein ny matbod rett utanfor her me bur, og den er utruleg nok: vegansk. Vegansk i Ghana, eg trudde nesten ikkje det eg såg. Ho som driv den er visst jøde og ein del av eit eller anna jødisk samfunn her i Ghana som er veganarar, heilt utruleg. Det var heilt fantastisk å eta og vera heilt hundre prosent sikker på at maten garantert var utan dyrefeitt elle noko sånt. Og så godt som det smakte. Og ikkje minst, me fekk masse grønsaker, noko som ikkje er så vanleg her, til og med blomkål fekk me. Eg hadde “veggie sauce”, som altså var grønsaker i ein veldig god tomatsaus. Til det fekk eg naturris(!), litt tomatbønner, og salat med blant anna vårlauk og avocado. Eg gler meg òg veldig til neste måltid der, som nok vert ein av dei næraste dagane.

På fredag var det ein del i klassen som skulle på eit ernæringsseminar i Accra, så eg hang meg med. Det var arrangert av Ghana Nutrition Association, og handla mykje om ernæringssituasjonen i Ghana, kva som er hovudproblema og forslag til tiltak. Det var heilt supert å få med seg. Veldig interessant. Meir om innhaldet på seminaret får eg koma tilbake til ein annan dag, no må eg snart koma meg i seng. Eg la meg i fire tida i natt,og vakna halv ni, så er ganske så trøytt.

Me har nemleg vore i Kokrobite i helgi. Inger Lise og Invild reiste dit fredag morgon, og eg kom pÃ¥ ettermiddagen etter seminaret. Der har me kost oss med sol og strandliv. Og i gÃ¥r kveld vart me kjende med nokre folk, og jammen hadde ikkje han eine, tyskaren, med seg slakklina. Jippi! Eg hadde veldig lyst Ã¥ ta med mi til Ghana, men fann ut at eg ikkje hadde plass. SÃ¥ i dag eg fekk han til Ã¥ henga opp  si mellom to palmar, sÃ¥ dÃ¥ fekk me prøvd litt. Ikkje nok me at eg no har finne ein som har lina, og faktisk bur rett utanfor campus her, men fleire av dei gutane der har veldig lyst Ã¥ surfa, sÃ¥ kanskje vert det ein ny tur til Busua snart, denne gong med surfebrettet mitt.

Avslutningsvis i dag, må eg oppfordra alle som ikkje allereie har gjort det til å stemma i morgon!! Eg fekk avgitt mi stemma før eg forlot landet, og er no så utruleg spent og litt nervøs. Gidd du ikkje stemma, kan du eigentleg ikkje klaga på noko dei neste fire åra. Så stem folkens! Og gjer eit godt val! Lukke til!

Heia Jens og Kristin! Stao pao!!

4 Responses to “Siste vekas høgdepunkt i Ghana”

  1. mamma Says:

    Hei igjen.Det ser og høres ut som du har det fint.Og du får visst smakt på mye forskjellig mat og.Fint med alle bildene og.Sander og Eline synes det er stas og se den blide tanten sin.Jeg var valg vakt igår det var kjekt.Idag har Sander vært her for han spydde igår.Vi har baka rundstykker,Han var kjempe flink.Nå gleder vi oss til Gjøvik tur til helgen.Pappan din og jeg skal bo på hotell,og Mette og de hos Sindre.Du får kose deg videre i varmen,så venter vi på flere bilder og nye reisebrev.Klem fra mamma

  2. Mette Says:

    Høyrdes morosamt på fotballkamp!!
    Bra du har finne god mat i Ghana, det e viktig;-)

    Eg har hatt studiedag idag. Jobba med ei oppgåva i KRL fram til eg henta Sander og Eline i bhg kl.12. Dei skulle på helsestasjonen for å få vaksina. Sander sjekka synet sitt på nytt, og han må til augelege. Syns litt synd på han, for han har verkeleg ikkje lyst å sjå dårleg;-( Han dreiv å sa at han ser kjempe godt og kjempe langt; kan sjå heilt opp til himmelen:-)

  3. Ann Kristin Says:

    Å so søt han e!! I kveld ha me vore på dan etiopiske restauranten igjen, veldig godt. No ha eg langhelg, fri i måro og på måndag. So kanskje eg får reisa ein tur ein plass, prøve å få med meg dei to andre, men deiføle dei må vera på campus og studera, so dao bør vel eg og da.. får sjå. Vil surfa! God helg! Kos dikka på Gjøvik :) hels alle!

  4. Christianne Says:

    Morro Ã¥ lesa, men fortsatt litt for sjeldan!! Her gÃ¥r da som da susar om dagen, himmelen har opna seg for godt i Bergen…ingenting Ã¥ sakna vermessigt med andre ord!! Enjoy og oppdater snart! kyss Ã¥ klem

Leave a Reply