Dagen før dagen..

Posted on Mar 24 in: Travel - 1 Comment »

No sit eg her pÃ¥ rommet vÃ¥rt Ã¥leina, det er heilt stille her pÃ¥ Hummingbird, dei fleste er nok pÃ¥ stranda. Eg kom akkurat heim frÃ¥ surfestranda, dei andre forlot meg ute i vatnet, eg fekk altsÃ¥ ikkje med meg at dei reiste heim. No er klokka halv eit cirka, sÃ¥ eg har vore der i nokre timar. Berre utruleg keisamt at forholda vart bra no nÃ¥r eg reiste heim. Før i dag var nemleg bølgjene ute der for store, og eg er lei av longboard og skum. Men no nÃ¥r eg reiste sa dei eg kunne ta eit mindre brett og reisa ut i bølgjene. Men dÃ¥ var eg sÃ¥ svolten og trøytt i armane at eg ikkje orka meir. Eg har nok liggje og padla og kava 98 % av tida i dag… jaja, hÃ¥par pÃ¥ betre lukke i morgon.

Veret er faktisk fint her i dag , etter tidenes regnver her i går ettermiddag og kveld. På dagen i går var det sol og fint. Så me hadde det varmt på kajakkturen vår. Me padla nemleg på ei elv i nærleiken her i går. Det var artig å prøva elvepadling, men skulle no gjerne hatt litt meir action.

Så om ettermiddagen var eg og underviste Rosa og syskna i engelsk. Det var kjempe kjekt. Dei er utruleg skjønne!! Men under undervisningen så byrja altså uveret. Det hølja ned!! Og det lynte og tordna voldsamt. Så eg var ganske god og blaut då eg kom heim ja. Og typisk nok så skulle me eta middag borte hjå spanskstudentane i går, så det bar ut i regnet igjen. Me tok taxi bort, men dei av oss så gadda å reisa bort vart nok jammen våte nok berre av å gå frå døra til taxien og omvendt. Så etter middagen vart det leigefilm og sjokolade.

Eg og Christianne, og sikkert alle andre som skal få besøk (nokon har allereie fått besøk og), var no litt bekymra for veret i går. Familiane våre har nok sett føre seg noko anna enn det som har vore her dei siste dagane. Men i dag er det jo kjempe fint, så me får satsa på at det har regna frå seg for ei stund no.

For i morgon får eg altså besøk. Mamma, Mette, Hans Christian og Sander kjem i morgon, og så kjem pappa etter om ei veka. Så det vert kjekt. Skikkeleg rart at dei kjem hit på sydenferie, og så bur eg her. Moro! Denne plassen er min heimstad om dagen, og eg stortrivst. Både plassen, studiet og klassen er super synast eg, veldig masse kjekke folk her faktisk, over all forventning.

Nei, kanskje eg skal koma meg ned på stranda eg og snart. Seinare i kveld vert det nok ut å eta og så dansing. Christianne har lovd meg å bli med på Casinoet i dag (natt). Uteplassane stengjer nemleg i to-tida her, og då reiser mange vidare til Casinoet som ligg rett utanfor sentrum her, der det altså er diskotek og. Og der skal dei visst nok spela merengue, bachata, salsa og så vidare. Altså musikk som eg så sårt saknar på plassane langs stranda. Eg dansar jo meir merengue og bachata heima i Noreg enn eg gjer her. Saknar å dansa med deg, Siri! Så altså, i kveld, siste kvelden før familien kjem, så skal me dansa langt ut i dei seine nattetimar. Me skal iallfall i det minste sjekka ut om ein tur på Casinoet er å føretrekkja framføre nokre ekstra timar søvn.

Stranda neste.. :)

One Response to “Dagen før dagen..”

  1. pappa Says:

    Hei igjen kjære dotter, VIKTIG: DU MÅ SEI FRÅ TIL HOTELLET AT MAMMA OG DEI KJEM XSEINARE ENN 1500 til hotellet. Sander gledar seg til å bada med tante. Eg har hatt ein fantastisk skidag i dag, køyrt snowboard, Telemark og gått langrenn. Heilt topp. Sindre ordnar opp i leiligheita i Oslo med ulike praktiske ting, som nytt tørke opplegg for treningsklær (trur ikkje han likar lukta) Torsdag hadde eg samtale/møte med Statsminister Jens. Denne veka so kjem skal eg nesten ikkje reisa, og so er det snart ferie, gledar meg til å treffa deg att, sjølv om du har dårleg skiføra dar nede. Du får ordna kajakkar til oss. Kos deg, stor klem frao pappa.
    PS: i morgon vert det knallsol og fjelltur………

Leave a Reply