LIVET MITT I GHANA

Posted on Sep 23 in: Travel - 3 Comments »

EG HAR SÅ MYKJE PÅ HJARTA, MEN IKKJE LIKE MYKJE TID TIL Å SKRIVA HER. LIVET SOM ERNÆRINGSSTUDENT I GHANA ER NEMLEG TRAVELT!!

HER ER LITT AV DET EG HAR LYST FORTELJA DYKK OM FRAMOVER, EIN LITEN SMAKEBIT, SÃ… DE VEIT KVA DE HAR OG GLEDA DYKK TIL:

  • UNIVERSITY OF GHANA

           Ein kjempe stor campus med moglegheit for Ã¥ studera det meste.

  • BALME LIBRARY

          Det flotte universitetsbiblioteket, med eigen FN-avdeling og eige “Development Information Center”, ein        

          samling av Verdensbankens publikasjonar. Eg hÃ¥par eg fÃ¥r tid til Ã¥ fordjupa meg litt der etterkvart, men det spørs,

          til no har det gÃ¥tt mest i ernæring, me har jo to-tre innleveringar i veka.

  • STUDIELIVET I GHANA

          Her er dei heiltidsstudentar! Iallfall pÃ¥ “Science” fakultetet, der me høyrer til.

  • ERNÆRINGSSTUDIET

          Ein del repetisjon, men grundigare gjennomgang enn i Noreg. Feltarbeid!! Nokre veldig bra førelesarar, ein som

          dikterar (og me skriv for harde livet) og ein alkoholikar som snøvlar og sjanglar rundt (det er vel lov Ã¥ overdriva litt

          for Ã¥ halda pÃ¥ lesarane). Travelt!

  • GARDEROBEN MIN

          FrÃ¥ kvitt, svart, grÃ¥tt og brunt til alle regnbogens fargar!

  • TRENING

          Vekkerklokka ringer 04.50, 05.05 er joggeskoa pÃ¥ og eg pÃ¥ veg ut døra, tru det eller ei!

  • KOSTHALD

          Mitt konsum av olje har nok, frivillig eller ikkje, auka ein god del etter at eg ankom Ghana. Eit typisk ghanesisk

          mÃ¥ltidsmønster er veldig annleis ein eit typisk norsk. Til og med ikkje ernæringsstudentar et frukost. SÃ¥ i gÃ¥r fekk

          heile klassen seg ein god latter nÃ¥r læraren spurde meg kva eg hadde ete til frukost, og eg svarde: brød,

          peanøttsmør, banan og eple.” Wow, har du alt det inni den magen din, sa førelesaren, og alle lo og lo og lo”.

  • GHANESARAR

          Er generelt, spesielt her pÃ¥ campus, svært religiøse!

  • BUFORHOLD

          Eg bur pÃ¥ ISH II (international student hostel II), og deler der rom med Esther frÃ¥ Ghana.

  • TRAFIKK

          Dei ellers sÃ¥ utruleg treige ghanesarane vert av ein eller annan grunn utruleg utolmodige og galne i trafikken, noko

          som i 2006 førte til over 1800 dødsulukker.

 

Ellers, står det bra til med dykk? Håpar det! Eg trivst iallfall veldig godt her i Ghana. Det er veldig travelt på skulen då. Allereie i morgon har eg ein liten eksamen, i fysiologi på engelsk. Får håpa eg står!!

I helga var me på tur til Akosombo, ein svært roleg fin plass. Perfekt for studering. Så det har gått mest i lesing om blod og nyrer, med mat- og symjepausar innimellom. Eg sat i bikini ved elvekanten og las, og hoppa stadig uti det herlege vatnet. Ein kanotur fekk eg og Inger Lise òg med oss, veldig idyllisk.

Laurdagskvelden skjedde det foresten litt av kvart. Fyrst åt me ein nydeleg fiskemiddag, fersk Tilapia frå Volta elva. Så gjekk me for å ta eit slag biljard. Og eg var plutseleg veldig god, veit ikkje heilt kva som skjedde. Etter at eg hadde slått Inger Lise ein gong og bartendaren tre gonger så hadde det kome fleire mannfolk som skulle sjå meg spela. Han eine ville ta eit slag mot meg, og jammen knuste eg ikkje han òg. Til slutt berre lo eg, det var nesten litt surrealistisk. Så etter min sekste siger på rad så gav me oss og bestemte oss for å sjekka ut den lokale nattklubben ilag med tre som jobba på hotellet der me åt.

Me sat og venta på at dei gutane skulle bli ferdige på jobb og stenga, og der kom det to par inn i restauranten. Dei såg velståande ut, og me kommenterte at der kjem dei med sine diamantar og dunstar parfyme og trur dei kan gjera som dei vil, altså koma rett før stengetid når me ville ut og dansa. Ho eine dama spurde kvar me kom frå og me prata litt med dei. Det viste seg at dei var britiske og han eine mannen akkurat hadde vore ein tur i Noreg. Me spurde kva han jobba med sidan han hadde vore i Noreg, “entertainment” svarte han. Korleis underhaldning spurde me nysgjerrige, men det ville han ikkje svara på og berre lo det vekk. Det må vera noko snusk, tenkte eg. Men då me gjekk bort til bartenderen for å klaga litt på dei teite gjestene som kom rett før stengjetid, så fekk me oss ei overasking. Han syntest nemleg det var ganske så stas med dei gjestene – for det var jammen meg vokalisten i Boney M og manageren. Me traff altså kjendisar i Ghana, det var uventa det. Artig! Så då vart den snuskete mannen plutseleg kledeleg beskjeden i staden. Haha :)

P9130072 

Ei nøgd Ann Kristin gjekk på lina i Kokrobite førre helg.

P9190045

Inger Lise padlar på Volta elva.

P9190069

Lesesalen vår i helga.

P9190038

 

Heilt til slutt: Gratulerar med eit godt val, folkens! Eg ser fram til fire nye raud-grøne år :D

3 Responses to “LIVET MITT I GHANA”

  1. mamma Says:

    Hei på deg.Så koselig med et langt og innholds rikt reisebrev.Du har visst hatt det fint i helgen.Gleder meg til å høre mer om de forskjellige pungtene du har skrive litt om.Fin kjole du har fått deg:-)
    Her er det stort sett bare regn om dagen,kjedelig.Gleder meg til Roma tur den8.oktober.Blir ihvertfall litt sol og varme da.Håkon og Solveig skal være med så det blir kjekkt.Nå bør jeg vel legge meg,skal ha tidligvakt på storestova.Og fredagen skal jeg på stova.Ha det godt og STOR klem fra mamma:-)

  2. Sindre Says:

    Eg trur fortsatt da e nåke snusk me vokalisten i Boney M..

    Skulle ønska eg kunne raisa pao ein tur snart og.. Men ha faktisk lagt plana om å raisa te Island når Mette e dar, faor håpa økonomien strekke te og att da passa me skulen.

    Ellers kan eg nemna at eg og Jeanett kanskje ska feira jul i Gjøvik, ho mao muligens jobba….løvly!

    Tjolahop, pass deg før bilane!

  3. pappa Says:

    HEi igjen, kjekt å lasa at du har da fint, og fine turar.
    ForstÃ¥r ogsÃ¥ at det ikkje er so slappt Ã¥ studera i Ghana som i Noreg…………
    Me har mykje regn pao Vestlandet, so du har nok betre klima.
    Sander og eg hogde ved i helga, og me hadde begge dei 2 sjarmtrolla pao overnatting. Ha da godt!

Leave a Reply