EIN KJAPP LITEN OPPDATERING..

Posted on Oct 01 in: Travel - 3 Comments »

No har eg faktisk vore her i Ghana i sju veke allereie. Tida går fort! Så de som synast det er deileg med ein pause frå meg, får nyta den så lenge den varar :P

Det er akkurat ei veka sidan eg skreiv her sist, så eg byrjar der eg slapp. Fredag morgon skulle eg møta tyske Moritz utanfor gaten halv sju om morgonen. Han var ein av dei eg vart kjend med i Kokrobite for nokre veke sidan. Planen var ein ny tur til Busua for å surfa. Denne gong med begge mine surfebrett, og det viste seg ikkje å vera så lett å ta dei med, men faktisk ikkje så vanskeleg heller. Ein må berre møta dei rette sjåførane. Siste strekningen låg surfebrettet i bagasjerommet på ein taxi, ein tredjedel inni og to tredjedelar utanfor, då var eg litt nervøs ja, men det var det kanskje ingen grunn til, det gjekk iallfall veldig bra.

Helga i Busua var strålande. Eg var der altså med tyske Moritz, og to av hans kollegaer, Desmond frå Singapore og AK frå India, og ikkje minst så var eg der ilag med May Anita, og to andre frivillig folk, Sofia frå Sverige og Debbie frå Sveits. Kjempe kjekke folk. Nokon av oss prøvde å surfa litt, me spelte fotball på stranda med mange lokale ungar, me gjekk litt på lina, me åt mykje god mat, og eg og Moritz var på ein liten øytur. Øyturen vår vart artig, men smertefull. Sidan bølgene ikkje akkurat var veldig bra, så fann me altså ut at me ville padla ut til øya som ligg rett utanfor Busua. Så me la oss på surfebretta og padla i veg. Det tok rundt ein halvtime å koma seg ut der tippar eg. Var øya verdt å padla ut til? Tja.. Me kom oss til slutt i land på øya, blødande og fulle av små piggar frå nokre kråkebolleliknande vesen eller noko sånt. Au au! Men ein fin padletur var det no uansett. Surfebretta mine vart foresten att i Busua. Dei står no på bakrommet i ein bar på eit hotell på stranda der. Trygt? Håpar det!!!! Eg trur nesten eg må tilbake neste helg for å sjekka korleis det går med dei :p

Anna nytt frå den siste veka? Jo,på måndag fekk me jo resulatet frå fysiologieksamen/prøven me hadde, og det gjekk betre enn forventa, me sto med glans alle tre. Og i går hadde me enda ein prøve, og det gjekk nok bra det òg. Ellers så reiser eg, Ingvild og Inger Lise til nabolandet, Togo, i morgon tidleg. Me har høyrt rykter om veldig god mat der, mindre olje og meir grønsaker enn her i Ghana, så me gler oss veldig. Me har òg høyrt at me bør ha med oss nokon som kan fransk, sidan ein ikkje kjem så langt med engelsk der. Inger Lise har hatt eit år fransk for ti år sidan eller noko sånt, og var innom bokhandelen i stad for å kjøpa ei lita ordbok, så får me sjå korleis det går.

No skal eg straks møta Inger Lise og Ingvild, for eit nytt deileg etiopisk måltid. Nam nam!!

God helg, alle saman!! :D

3 Responses to “EIN KJAPP LITEN OPPDATERING..”

  1. Tove Says:

    Hei!
    Det virker som om du har det veldig fint der nede. Morro å lese. Ha et fortsatt fint opphold.
    Klem Tove

  2. Mette Says:

    Heisann!

    Alltid koseleg å lesa reisebrev frå deg:-)

    Misunner deg sol og varme:-( I dag snøa det for første gong på Hafslo!

    Me har hatt besøk av Silje, Birthe og Elisabet med ungar idag. Ete lunsj ilag og so hadde Birthe baka ei kjempe god eplekaka:-)

    Pappa har finne leilegheit på Island som eg og Annca kan leiga; såg veldig bra ut!
    So eg må berre høra med Annca på mandag om ho e interessert i å leiga den ilag med meg. Der e det plass til deg og;-)

    Kos fra oss:-)

  3. mamma Says:

    Hei igjen.Du er flink til å holde oss oppdatert om alt som skjer deg.Kjekt å lese.Her hos oss har det vært besøk av store og små i familien.Imorgen skal Jeg passe Sander og Eline.Sindre og jeg skal steke nordlandslefser.Så skal jeg være med til Gjøvik i morgen ettermiddag,og reise inn til Oslo på tirsdag.Gleder meg til masse sol og varme i Roma.Ja nå gleder jeg meg til å få høre åssen dere har hatt det i Togo.Det er et langt og smalt land .men dere har vel bare vært ved kysten?Nå er det visst på tide å legge seg.Ha det godt og klem fra mamma:-)

Leave a Reply