Endå ei helg er forbi

Posted on Mar 26 in: Travel - 1 Comment »

No er det søndagskveld og snart leggjetid. Klokka er berre litt over ni, men sidan me dansa til langt på natt og ikkje var i seng før halv fem i natt, så vert det kanskje litt tidleg kveld i dag. Me kom oss altså endeleg på Casinoet i går. Me byrja kvelden med vorspiel på rommet vårt, det var jo koseleg. Så var me innom Lax ein tur, der me blant anna song gebursdagsong til Marie då klokka vart tolv, og ho fekk to bøtter med kaldt vatn tømt over seg av nokre som jobbar der, moro var det. Så bar det vidare til det alltid fulle dansegolvet på Bambu, der dansa me til det stengde. Og så endeleg så avslutta me ikkje kvelden då, men kom oss vidare til Casinoet. Der var det ganske kjekt, det innfridde ikkje heilt til forventningane, men eg tek absolutt gjerne turen dit att snart.

Turen frå Bambu til Casinoet var no artig. Å drikka og køyra er jo diverre heilt vanleg her. Men vår sjåfør i går, eine surfeinstruktøren me hadde når me hadde surfetimar, hadde ikkje berre teke eit par øl nei. Han sjangla ut frå uteplassen og surra rundt og leita etter bilen sin. Og køyringa var ganske prega av alkoholen ja. Heldigvis var det ikkje langt me skulle, det var snakk om ein tur på under fem minutt, og det gjekk svært seint, så det heile var berre veldig artig faktisk. Høyres nok ganske teit ut, og det er jo og teit, fyllekøyring er jo heilt uakseptabelt. Men me lo heile vegen og hadde det faktisk kjekt. Situasjonen var jo på ein måte heilt absurd, eg hadde jo aldri i min villaste fantasi satt meg inni den bilen heima i Noreg. Men ein ting er greit, hadde det vore snakk om ein lengre tur og raskare fart så hadde eg ikkje sitte på her heller. Men her nede er det faktisk nesten umogleg å vera prinsippfast mot fyllekøyring sidan det er så vanleg. For for to jenter som skal heim ei sein natt så er det nok kanskje like farleg å vandra åleina heimover i mørket. Jaja, nok om det.

I dag så starta eg dagen med eit par timar på stranda. Så stakk eg innom Friends for å kjøpa ein take away musli før eg og Christianne tok fatt på turen til flyplassen i Puerto Plata. Me tok gua-gua til Sosua og så taxi vidare. Det var kjempe kjekt å sjå att familien!! Vert nok veldig koseleg å ha dei her. Sander (altså min snart to år gamle nevø) var i storform som vanleg, han er jo så søt og fantastisk :)

Etter å ha fått dei innlosjert på romma sine så hasta eg og Christianne vidare heim til Hummingbird for ein rask dusj. Så bar det vidare til Casanova og gebursdagsmiddag for Marie. Eg åt ein god vegetarpizza. Så gjekk me til Lax for å eta sjokoladekaka. Den var diverre svært skuffande, men kvelden var koseleg!

Etter Lax så stakk eg og Christianne innom hotellet for å helsa på familien att, men der var det ingen som opna døra, dei hadde vel sovna, klokka halv åtte faktisk. Sidan pappa ikkje kjem før om ei veka så bur mamma åleina på rommet no. Og sidan dei altså bur på eit all-inclusive hotell så kan eg altså denne veka før pappa kjem sova med mamma om eg gidda, og iallfall ikkje minst, eta på hotellet. Eg har fått meg eit sånt all-inclusive armband og kan altså eta både frukost, lunsj og middag utan å betala ein peso, herleg!

I morgon byrjar eg på skulen klokka åtte, fotball på stranda står på timeplanen.  Så sidan frukosten på hotellet byrjar halv åtte, så tenkte eg å vera der då og få i meg litt av den buffeten.  Kanskje treff eg fanilien der, eg fekk jo ikkje avtalt noko med dei i dag, eg finn dei nok i løpet av morgondagen iallfall.

God natt, folkens!

One Response to “EndÃ¥ ei helg er forbi”

  1. Solrun Says:

    Hei du!
    Eg e pao nattevakt eg no, gaor faktisk dobbel, fyst sein å so natt..klokkao e snart 4, å du kan sei da begynna å siga pao no ja! jammen bli da godt å komma heim å leggja seg! :) Du mao kosa deg masse me familien din, å utnytta all inclusive armabandet fø alt da e verdt! :)

Leave a Reply