“THE WHITE TRIPLETS” PÅ HELGETUR TIL TOGO :D

Posted on Oct 06 in: Travel - 5 Comments »

PA030011 PA030005

EIN VAKKER GRENSEOVERGANG. LOMÈ. EIN ETTERLENGTA MOTOTUR.  LITT KOMMUNIKASJONSPROBLEM. LE GALION. HØGT BAGUETTEKONSUM. LAKE TOGO. PIROGUE TUR. TOGOVILLE. EIN SÆRDELES USJARMERANDE GUIDE. FULLMÃ…NEFEST. VEST AFRIKAS STØRSTE (!??) BASSENG. EIN ANGRANDE STA GJERRIGKNARK.. STRÃ…LANDE VER. MORO PÃ… TUR!

Det var ein gong tre norske jenter i Ghana, også kalla “the white triplets”, antakeleg sidan dei stort sett alltid vart sett ilag og lyste opp i klasserommet fullt av svarte afrikanarar. Dei fann ein dag ut at dei burde ta ein tur til Togo, sidan dei berre hadde visum i Ghana i 60 dagar, og trong nye 60 dagar, som dei ville få ved å reisa frå Togo tilbake til Ghana igjen.

Så tidleg ein fredag morgon klokka fem møttes dei. Heller ikkje denne gong viste reising i Ghana seg å vera enkelt og effektivt. Dei (iallfall dei to eldste ;p) ville så gjerne ha ein luksus tro tro med air condition, men etter å ha site og venta på at den skulle fylla seg opp i over ein time så tok dei på seg sekken igjen, senka krava til standarden, og var ganske kort tid etterpå på veg ut frå Accra med retning det lange og smale nabolandet Togo.

Etter omlag tre timar i tro tro, den siste av dei tre timane svært humpande, varm, klam og kvalm, så kom dei fram til grensa til Togo. Plutseleg prata alle fransk og deilege franske baguettar var til sals overalt. Og der såg dei ei nydeleg strand og blått hav, og den yngste trillingen konkluderte med at det var det vakraste grenseovergangen ho hadde kryssa.

Å kryssa grensa gjekk ganske så greit, så etter kort tid var dei alle tre, både dei to gamle på 27 år og ho unge på 26 år, innlosjerte på Le Galion i hovudstaden Lomé. Le Galion er eit hotell og restaurant som visst nok, i fylgje dei heldige som har vore der, gir ei kjensle av vera i Paris.

Etter at dei to eldste hadde fått seg ein liten middagslur, så var dei tre klare for å utforska Lomé. Sidan den yngste måtte i banken før stengetid heiv ho seg på ein motorsykkeltaxi, noko som ho har sakna etter sitt opphald på den Dominikanske republikk i 2007. Deileg med litt vind i håret igjen. Etter litt vandring rundt og konsum av ein deileg baguett med avocadosalat kjøpt på gata for ca.2 kr, så ville dei tre slappa av i rooftop-baren på eit 35 etasjars høgt hotel dei hadde lese om i guideboka, men det viste seg å vera stengt. Så dei tok taxi vidare, men på grunn av kommunikasjonsproblem og litt amper stemning, så hoppa dei ut av taxien før dei var framme der dei skulle. Og den plassen kom dei aldri fram til, dei hamna heller på ein annan plass der dei eldre fekk seg ein øl og yngstejenta fekk seg litt nydeleg ananas.

Etter ein god baguettefrukost på laurdagen så bar ferden vidare ut av hovudstaden og austover til Lake Togo. Der fann dei seg ein bungalow, og var kort tid etter på plass i ein pirogue (ein kanoliknande sak) på veg til Togoville. Ein liten landsby kjend for voodoo, og i fylgje deira ekstremt usjarmerande guide så var faktisk paven på besøk der i 1985. Etter at dei betalte og kvitta seg me guiden før han var ferdig med runden sin, så kjøpte dei seg nokre deilege baguettar igjen og nokre bananer og åt lunsj utanfor kyrkja med fin utsikt utover Lake Togo.

Om kvelden var det fullmånefest på Auberge de Lac, der “the white triplets” hadde innlosjert seg. Det tok vel aldri heilt av, men underhaldande var det iallfall å sjå ungane dansa, for ein rytme og herlege “moves”!!

På søndag var dei tre kvite klare for ein avslappande dag ved kanten av og uti Vest-Afrikas største basseng. Det var eit ganske vanleg 50 meters basseng, så om det er det største eller ikkje er me jammen ikkje sikre på. Dagen var fin den. Men litt irritert vart den yngste då det viste seg at det kosta 6000 Togopengar (=75kr) å få bada der, og ho hadde kalkulert med 3000 til 4000. Sidan den yngste hadde bestemt seg for å berre bruka dei hundre dollarane ho hadde veksla den helga, så resulterte den overaskande høge prisen i at den sta og litt gjerrige yngstemann ikkje hadde nok og nekta å lana pengar til buffet, og åt ein dårleg panini med ost og tomat (ikkje ein gong olivenane mine fekk eg!!), medan dei to andre koste seg med nydeleg buffet. Dumme, dumme meg.. Eg angra framleis!!

Så etter nokre timar med bading og soling så var to kvite/gyllenbrune og ein raud trilling på veg tilbake til Ghana, med litt franske baguettar i bagasjen. Dei var alle einige om at det hadde vore ei fin studiefri helg i nydeleg ver, og at Togo var eit fint land å besøka.

5 Responses to ““THE WHITE TRIPLETS” PÅ HELGETUR TIL TOGO :D”

  1. pappa Says:

    Hei igjen kjære dotter, kjekkt å lesa din reiseskildring. Du opplever mykje.
    I Noreg har ne hatt føling med vintaren.
    I dag har eg vore i Haugesund, i morgon Kongsvinger + lunsj med justisministaren.
    So dreg mor di, eg, HÃ¥kon og Solveig te Roma. Da vette bra. HÃ¥par Ã¥ sjÃ¥ sola, som me ikkje sÃ¥g i sommar. Kjekt Ã¥ ha Sindre og Jeanett heima i helga, dao mangla kun du……….
    Ha da godt so lenge

  2. Inger Lise Says:

    Me hadde så gøy på tur.. eg stemme for ein te tur.. ka land ska me reisa te då???

    Utrolig bra skildra Ann Kristin, kunne ikkje sagt det bedre sjølv!

  3. Mette Says:

    Du e flink å skriva:-)

    Har du fått ordna med lånekassen?

  4. mamma Says:

    Hei på deg.Det var koselig å snakke med deg på søndag og at du har det kjempe bra.Jeg driver å pusser opp lille gangen,har god tid til det i helgen for pappan din skal springe løp i Kristiansand.Idag skal jeg ut på campus å ta forskjellige tester for det forsknings greiene jeg er med på.Gruer meg litt til tredemølle testen,men det går nok greit.Ja nå venter jeg på nytt fra deg på bloggen her.Du er flink til å skrive,eventyret var utrolig godt skrive.Du får ha en fin helg og kose deg ,men det er vel kanskje litt lekse lesing og.Klem fra mamma

  5. Herman Says:

    mixalhhhhh..pantws egw eida polles teinias to kalokairi sth net…alla den eixe tipote allo endiaferon…eimai mazi sou…empros ston agwna pou arxises…

Leave a Reply