EIN “VANLEG” DAG PÅ CAMPUS…

Posted on Oct 27 in: Travel - 12 Comments »

 

Vekkerklokka ringer. Eg et ei banan,drikk ein slurk vatn, går på do, tek på meg treningsklede, og møter Inger Lise nede for ein joggetur. Me joggar forbi eit studenthus der ein mann står utanfor med sånn ropert og preikar om Guds kjærleik og så vidare, me spring forbi ei gruppe menneske som står i ring på ei fotballbana og ber, ein mann går rundt og pratar i tunger og ser fullstendig gal ut. Atter ein gong så må me utveksla nokre litt frustrerte ord om desse folkas religiøse liv, og slik me ser det; mangel på liv utanom studiar og kyrkja.

Me kjem att frå joggeturen, og går innom badet på veg inn på rommet for å sjekka om det er vatn. Neida, ikkje vatn. Heldigvis så har me lært, og har alltid ei bøtte med vatn ståande på altanen. Så den tek eg med meg inn i dusjen, og føler meg no sånn passe rein etterpå. Frukost vert konsumert, som oftast nokre knekkebrød med peanøttsmør og banan, eller yoghurt, havregryn og banan. Tennene vert pussa i posevatn, sidan vatnet framleis er vekke. Skulesekken vert pakka. Og eg møter Inger Lise og Ingvild nede 25-30 minutt før dagens fyrste time. Me traskar sakte av garde, ofte i nokre fargerike afrikanske kjolar, med sekken over eine skuldra, i håp om å unngå å bli heilt gjennomsveitte.

Vel framme finn me oss nokre plassar i det stappfulle klasserommet, og ventar i spenning på om førelesaren kjem eller ikkje. Tjue minutt for seint kjem han omtrent sjanglande inn og beklagar at han er for sein. Det er svært tydleg at også i dag har frukosten hans innehaldt alkoholhaldig drikke, og han ber oss repetera kva me gjorde i førre time, for han “needs some time to organize himself”.

Neste time har me heldigvis ein edru førelesar, men diverre med ein svært utdatert undervisningsmetode. Han dikterar og me skriv for harde livet ordrett av det han seier.

Så har me ein fritime, og heile klassen strøymer til biblioteket på ernæringsavdelingen. Me har nemleg ein innlevering som skal leverast neste dag, og her har ingen eigne lærebøker, så alle flokkar seg over dei same bøkene på biblioteket.

Siste time før lunsjpausen så har me ein kvinneleg førelesar som er fagleg veldig flink,ho brukar power point, og undervisningen er heilt på høgde med den me har heima i Noreg.

Så er det lunsjpause, og dei tre kvite trillingane er som vanleg svært svoltne og går til Volta Hall for å få seg litt mat. Eg kryssar fingrane for at det er palavasaus på menyen. Me bestiller mat igjennom ei bittelita luka til nokre av og til passe serviceinnstilte damer, og av til veldig sure damer! Lunsjen består som oftast av palavasaus (spinatliknande blad i masse masse palmeolje) og kokt yam, red red (bønner og plaintain), jollofrice (ris i tomatsaus), eller waakye (ris med bønner i), litt salat, kanskje eit kokt egg og litt ananas, papaya eler appelsin til dessert, dette betalar me i mellom 1-2 cedi for (=4-8 kr), og det smakar veldig godt.

Etter lunsjen står det lab på timeplanen (iallfall på torsdagar). Frå halv to til halv fem. Så då må alle koma med reine kvite labfrakkar. Så gjer me eit eller anna, som oftast ikkje veldig effektivt organisert. Av og til er me ferdig allereie klokka tre, men for å visa sin makt og understreka deira posisjon i høve til oss studentane, så likar nokre førelesarar å halda oss i rommet, utan at nokon gjere noko som helst fornuftig, til klokka iallfall er fire. Dei siste gongene har det imidlertid vore annleis, det har teke så lang tid at me har måtte vore att til halv seks tida og nokre gonger koma att å gjera ferdig på fredagen. Førre torsdag tok me faktisk blodprøvar på kvarandre, for å måla jarnstatus (hemoglobin og hematocrit).

Etter ein lang skuldedag sÃ¥ traskar me heimover, stoppar ved nightmarket eller vegansjappa for eit nytt billeg mÃ¥ltid. Før kvelden vert brukt til Ã¥ prøva Ã¥ fÃ¥ logga pÃ¥ internet, og ellers skriva oppgÃ¥va eller lesa til prøve neste dag (denne veka hadde me ein quiz pÃ¥ mÃ¥ndag, presentasjon og innlevering av gruppeoppgÃ¥va i dag, innlevering av labrapport i morgon og ein ny quiz pÃ¥ fredag. Førre veka hadde me to“midexams”, det vil seie prøve pÃ¥ ein time som tel ca 30 % av endeleg karakter i faget + at me hadde ein labrapportinnlevering og ein annan liten innlevering). SÃ¥ kvelden vert tilbrakt her inne pÃ¥ vÃ¥r “kjære” ISH II (international student hostel II), der me studerar litt, irriterar oss over dÃ¥rleg internet, et og pratar om laust og fast, som at me ikkje har noko liv og tilbringer altfor mykje tid her inne pÃ¥ campus der ingen gjer noko anna enn Ã¥ studera og be… Stusseleg?

 

Det er kanskje så stusseleg me føler kvardagen er av og til, når me syns litt synd på oss sjølve. Og det er eit faktum at me som ernæringsstudentar her har det meir travelt enn mange andre; me har fleire timar undervisning, mykje obligatorisk og mykje meir prøvar og innleveringar enn mange andre. Likevel, så ille er det ikkje! Når eg tenkjer tilbake på dei siste dagane, så har me det no jammen fint spør de meg. På torsdag så var me som så mange gonger før ute og åt etipoisk, me er blitt avhengige alle tre no, så tok me ein tur på Accra Mall og på kino. Fredag så var me ute, eg var på salsakurs, og dei andre på ein annan plass. Laurdagen tilbrakte me dagen ved bassengkanten ved eit ganske så flott hotell, så var me ute og åt god indisk mat, før me reiste og såg film på lerret på skulen der dei gutane eg har vore til Busua og sånt med jobbar. På søndag var Ingvild og Inger Lise tilbake ved den same bassengkanten og koste seg. Eg var litt for rastlaus til det og reiste heller på vandring i Accra med Desmond. Ein kjempe fin dag, som enda på den italienske restauranten Mamma Mia, der me koste oss med nydeleg sjømatpizza, spinatravioli og salat.

På måndag var me ferdige på skulen allereie halv tolv, og då fann me ut at det var for varmt til å studera. Så me satte oss i ein taxi og køyrde til bassengkanten igjen, denne gong ved Hotell Shangrila. Der koste me oss nokre timar, før me reiste til eit anna veldig fint hotell for å eta middag. Der fekk me bananchips, peanøtter og oliven medan me venta, det likar me! Eg syntest ikkje maten var fantastisk, men absolutt god. Eg hadde scampispyd på grønsaksseng med ris og peanøttsaus til, så delte eg og Inger Lise ei sjokoladeterte med is til dessert. Og så kvelden i går, wow! Den var verkeleg eit høgdepunkt for oss alle. Då var me på Monsoon og åt sushi. Nydeleg sushi. Her i Accra. Wow! Ein skikkeleg fin plass, som kunne vore kvar som helst i verda. Nam, nam, nam, det vert garantert fleire turar dit. Men å kosa seg slik kostar sjølvsagt òg litt, eg betalte i går 45 cedi for 16 sushibitar, ananasjuice og brownie med sjokoladesaus og is. Å betala så mykje for eit måltid når ein veit ein kan bli god og mett for berre 1 cedi føles jo litt som galskap.

Så me kan eigentleg ikkje klaga. Me er svært privilgerte som berre kan ta luksuspausar frå den i våre auge noko stusselege kvardagen som er andre sitt liv.. Ikkje berre priviligerte når det gjeld pengar, men og tid. Me tek nemleg berre 15 credits, medan dei fleste av våre klassekameratar tek 21, det vil seie at dei ofte har to meir innleveringar og prøvar enn oss i veka. Så nei, me kan verkeleg ikkje klaga. Me er jo faktisk på utveksling, ikkje på ferie. Så eg set pris på kvart sekund. Ikkje alt er fantastisk, mykje er frustrerande, ein del er irriterande og uforståeleg, likevel, alt er veldig interessant. Eg kom jo til Ghana for å oppleva Ghana, på godt og vondt.

Nei, no er det på tide å slutta, spørs om nokon av mine lesarar framleis heng med. Eg skulle eigentleg vore på skulen no ser de, men vart heima i dag på grunn av migrene. No er eg betre, og har som vanleg veldig mykje på hjarta, og faktisk tid til å skriva òg, men no får det halda for i dag.

HÃ¥par de har det bra, alle saman!! :)

007 

Tre lukkelege, matglade jenter!! :D

011 018

 

(OBS! Dette innlegget vart skrive førre onsdag (21.10), men ikkje lagt ut før no på grunn av manglande nettilgang)

12 Responses to “EIN “VANLEG” DAG PÅ CAMPUS…”

  1. Sindre Says:

    Ikkje før Ã¥ skryta, men eg gadda faktisk Ã¥ lesa heile “boki” di =)

  2. Ida Says:

    Jeg leste også hele innlegget, og det ble aldri uinteressant! Bra du har noen gode matopplevelser hvertfall! Håper du lærer deg å lage etiopisk mat, sånn at vi får smake når du kommer hjem igjen:)
    Og så er du veldig fin og brun på bildene! Savner deg! Klem

  3. Solrun Says:

    Lika lange innlegg eg. E so kjekt å lesa om kelais du ha da! :) Høyeres ut so hailt nydle afrika detta dar. :) Kos deg!

  4. Hotellsjefen sjøl Says:

    So kjekt at de gidda å lesa!!! Og legg at ein kommentar :D

  5. Tove Says:

    Kjempemorro å lese Ann Kristin.
    Tove

  6. pappa Says:

    Hei kjære dotter, so kjekt å lesa ditt lange lesarbrev. Da e no kvalitetsstempel når bror din giddar å lesa allt, dao skriv du godt.
    Flott å sjao dan fine blide jenta vaor og.
    Eg har nett hatt møte med alle mine 36 lokallagsleiarar. I morgon kveld reiser eg heim, gledar meg til me skal feira 2 aors dagen te Eline. Sindre og Jeanett kjem og. Kun du so manglar……..
    Kos deg og ta vare pao deg sjølv

  7. Mona Says:

    Så gøy å lese om hvordan du har det! Artig å høre om dårlig vannforsyning- hadde nesten glemt hvordan det var :P
    Godt maten er god- blir litt inspirert her:) Gøy med bilder- du er kjempe fin! Lykke til videre, ta vare på deg selv! Klem

  8. Karine Says:

    Ser at mykje handlar om mat for deg,Ann Kristin, bÃ¥de pÃ¥ skulen og fritida! Eg er jo ei av dei som vanlegvis ikkje heng med pÃ¥ lange innlegg, men las alt!;) Og snart kjem Kenneth Molland pÃ¥ besøk faktisk…

  9. Mette Says:

    Mat e viktig og godt!;-)

  10. Joao Miguel Says:

    Hello Ann.

    When will you write a post in English?
    Your portuguese fans would also like to know how you are doing :-)
    By your smile I would bet you are fantastic :-)

    This year I have not taken any big trip. (I am still in shock after last time you send me to Halden! , joking lol).
    The surf WCT passed in Portugal, and have decided to buy a motorcycle so this year I have chosen other type of emotions.

    Stay in touch.
    Take care.
    Kiss, Joao Miguel

  11. Ruth og Gry Says:

    Hei Hei! kjekt aa hoyra fraa deg igjen. Hoyres ut som du lever eit sunt liv i motsetning til oss. Jogging og sunt kosthold – ikkje verst:) Kos deg masse vidare. Klemmar fraa oss.

  12. Guro Kristin Says:

    Og eg las alt :) Kjekt Ã¥ følgja med pao livet i Ghana, spennande! Du faor jo opplevd mykje! Kunne tenkt meg Ã¥ smakt pao litt av den maten… ;)
    KLEM

Leave a Reply