Mat, mat, og meir mat – heilt gratis (for meg)!

Posted on Mar 28 in: Travel - 2 Comments »

Familien er komen og det blå et-og-drikk-så-mykje-eg-vil-bandet har funne seg svært godt til rette rundt mitt høgre handledd. Måndagsmorgonen starta det, iallfall ei veka, men sikkert to veker, lange etegilde. Timeplanen min den dagen var fotball på stranda frå åtte til ti og kajakkteori frå tolv til eit. Så sidan frukosten byrjar halv åtte, så var eg på plass der då og forsynte meg grovt av buffeten, så tusla eg vidare til fotballen. Då eg var ferdig på fotballen så fann eg jo ut at frukosten varar til halv elleve, og sidan klokka berre var ti og eg faktisk var litt svolten igjen, så tok eg nokre runder på frukostbuffeten då og. Eit par timar seinare var det lunsjbuffet, og nokre timar etter det var det middagsbuffet. Og etter middagsbuffeten så stappa Christianne og eg i oss store mengder sjokolade på rommet til mamma. Christianne fekk nemleg seg eit blått band ho og den kvelden, så ho fekk eta og drikka så mykje ho ville den kvelden, og ikkje minst sjå det utruleg bra (not!) showet på hotellet, ho fekk seg til og med ein liten tur opp på scena. Me hadde ein veldig fin all-inclusive kveld ilag, diverre tok fråtseeventyret så altfor tidleg slutt for Christianne sin del, klokka elleve gjekk ho slukøyra tilbake til resepsjonen for å få bandet klypt av. Iallfall, Ann Kristin lever svært godt om dagen, buffet tre (av og til fire) gonger for dagen, og maten er veldig god!! Og så heilt gratis då..tihi.. Tusen takk, mamma og pappa!

På omvisningsrunden her i Cabarete andre dagen så viste dei oss legevakten, og informerte oss om at minst 70-80 % av oss kom til å koma innom der i løpet av våre tre månadar her. Ikkje eg! Tenkte eg då. Og dette har eg klart å haldt lenge no, halvveges i opphaldet er me jo no diverre faktisk. Sjølv om eg på grunn av diverse småskadar og betennelsar har blitt råda til å gå til legen fleire gonger så har eg nekta, og det har, som det pleier, ordna seg. Men no hadde eg altså to veldig betente sår i foten, pluss ein del kråkebollepiggrestar. Og høgre foten var ganske hoven, og det var det at foten hovna opp som gjorde utslaget. Eg kjende jo ikkje att foten eg såg ned på, og min store frykt for amputasjon kom snikande. Så eg gjekk faktisk til legen på måndag, og det var sikkert lurt, han rensa og styrte på og gav meg både tablettar, rensesåpa og krem.

I går sto kajakk i sjøen på timeplanen for mi gruppa, gruppe 1. Og det var jammen kjekt det!! Eg har jo alltid hatt lyst til å prøva elvepadling, og var relativt skuffa over det me dreiv med forrige veka, den elva var nemleg roooleg! I går vart det derimot meir action. Då me kom ned på stranda såg me jo at bølgjene var ganske så store. Så ein del var forståeleg nok ganske skeptiske. Det såg jo ganske skummelt ut å padla ute i dei store bølgjene, men det såg jo og utruleg moro ut. Så eg hoppa i det og padla ut. Og det var utruleg moro!! Me padla, tippa rundt, tømde kajakken, padla litt meir, surfa litt innover med bølgjene, tippa rundt ein gong til og så vidare.. super kjekt var det! Litt skummelt og, men me hadde jo redningsvest og hjelm på, eg hadde nok ikkje gjort det utan hjelm.. For eskimorulla a la Ann Kristin, som eg noko ufrivillig fann på, anbefallast ikkje utan hjelm. For då går du altså rundt, i mitt tilfelle ufrivillig, og hovudet vert med stor kraft slått rett i sandbotnen, og dersom dette skjer på grunt nok vatn og med stor nok kraft og så vidare, så sprett du altså rett opp att, og du kan altså noko forfjamsa, og antakeleg med hovud- og nakke smertar, padla vidare.  Svært effektivt, men det er likevel kanskje ikkje fyrst og fremst den eskimorulla eg vil anbefalla folk å læra seg.

Lunsjbuffeten byrjar halv eit, og no er klokka faktisk halv eit, så eg får vel snart koma meg avgarde å finna familien.  Eg har ikkje sett dei før i dag.  Eg prioriterte nemleg surfing framføre frukostbuffet i dag, og eg er nøgd med valet.  Forholda var jo ikkje supre i dag heller akkurat, men eg hadde det kjekt!  Så etter at eg kom heim frå stranda har eg berre site her å skrive, må jo tilfredsstilla fansen.

Hada bra so lenge!

2 Responses to “Mat, mat, og meir mat – heilt gratis (for meg)!”

  1. pappa Says:

    Hei igjen, kjekt Ã¥ lesa dine reisebrev, no nermar det seg avreise for meg og, ser fram til sol og sommar, sjølv om eg nok heller ville vera pÃ¥ ski hdeile tida, men dÃ¥ fekk eg jo ikkje treffa deg og heller ikkje bada masse med Sander, ja og so mor di, yster di og allt og dÃ¥………..
    Gledar meg sjølvsagt, men nÃ¥r eg ser langtidsvarselet for Vestlandet er det med blanda kjennsler. Mykje møter og styr heillt innpÃ¥ avreise, møtt Justisministar Knut i dag, radiodebatt med ein advokat+++. Prøvde meg pÃ¥ ski frÃ¥ Frognarsætra og, men der var det ikkje skiføre……, mÃ¥ nok reisa lenger no ja. Sindre og eg helsar deg frÃ¥ Oslo, ser fram til Ã¥ treffa deg att. Reknar med du har kajakk til meg og. Hels resten av familieb vÃ¥r

  2. Ruth Wenche Says:

    Hei!!

    Veldig kjekt aa lese reisebreva dine, jammen har du vore flink til aa skriva i det… Litt lenge siden eg har vore paa internett, men naa er eg oppdatert! : )
    Hores jo ut som du nyter livet ja, og det er jo bra!!
    Me skal snart gaa tur paa stranda i varmen, bestilla safari og besoke en slange og krokodillepark! Tviler paa at besoket vil kurere slangeskrekken min! Ogsaa skal me spele sandvolley paa stranda, det er jo saa kjekt!
    Sko helsa fra Gry!

    Ha det godt!!

    Klem klem

Leave a Reply