Eg scora tre og avgjorde finalen

Posted on Mar 31 in: Travel - 2 Comments »

I gÃ¥r hadde me fotballturnering pÃ¥ stranda frÃ¥ Ã¥tte til tolv. Og med bÃ¥de mine og Christianne sine familiemedlemmar pÃ¥ sidelinja sÃ¥ fekk me jo nesten litt Moane-følelse (for dei uvitande: Moane er altsÃ¥ der fotballbanene pÃ¥ Hafslo ligg). Men sanden under føtene og Atlanterhavet nokre meter unna gjorde oss raskt klar over at glansdagane pÃ¥ Hafslo er over. Denne gong var me nokre (maaange) Ã¥r eldre og ikkje lengre pÃ¥ lag, me sto pÃ¥ kvar vÃ¥r sida av bana, men med det same mÃ¥let (hmm..mogleg Christianne spelte for Ã¥ ha det moro..) – nemleg Ã¥ knusa den andre og gÃ¥ av med sigeren.

Det starta bra for laget mitt.  Med ein kontrollert siger i fyrste kampen trudde me kanskje me var på veg mot noko stort.  Men med kun den eine sigeren og fire strake tap etterpå så enda me på delt sisteplass.  Skuffande.  Men turneringa viste seg likevel å ikkje vera heilt over for min del.  Gudni, som spelte på det eine finalelaget, hadde nemleg så vondt at ho gjerne ville sleppa å spela finalen.  Og sidan dei ikkje hadde innbytarar så vart eg spurt om eg ville spela.  Det er jo ikkje kvar dag eg vert spurt om å spela i ein finale, så eg svarde sjølvsagt JA.  Og med tre scoringar og siger så må eg vel seia meg fornøgd med den kampen.  Eg vart altså både tapar og vinnar den dagen.  Kjekt med turnering var det iallfall.  Det var fint at heile klassen var ilag.  Når me har aktivitetar til vanleg så er me jo delt inn i faste grupper.

Dei tre finalescoringane er visst det eg hugsar best frå dei siste dagane :)
Mogleg det ikkje har skjedd så altfor mykje.  Eg har iallfall ete mykje.  Elles så har eg jo vore ein del med familien, bada litt, leika litt, ete masse.  Det er koseleg med besøk.

No har me jo påskeferie fram til neste onsdag, så ein del av klassen har reist på tur og mange får besøk.  Sidan eg har fått besøk så vert eg nok stort sett verande her i Cabarete.  Så eg håpar på bra surfeforhold.  Det vert visst stapp fullt av folk her i påsken, både på land og i vatnet, har eg høyrt rykte om. 

I dag var surfeforholda elendige.  Men ivrig som eg er så tok eg meg ein tur uti likevel, kanskje litt bortkasta pengar i dag.. Eg var nemleg heilt åleina ute i vatnet, så dårleg var det faktisk.  Jaja, eg fekk no iallfall trimma padlemusklane litt.

I kveld er det konsert utanfor Casinoet her – Frank Reyes heiter artisten.  Det er han som har songen ”Pienso en ti” veit de, de har vel høyrt den? :)

Eg skal sjølvsagt på konserten, og eg gler meg stort! 

Håpar de får ein fin laurdagskveld alle saman :)

 

 

 

 

2 Responses to “Eg scora tre og avgjorde finalen”

  1. karine Says:

    du, eg må berre få sagt at eg va på bedriftsturnering 1.april med legenes hus! da va moro, og eg trur at dersom du hadde vore med kunne me nådt finalen!!!!! d var eg, sølvi, øystein, erlend, to av hans kameratar, rolf og kjærasten t rolf som va med. og frode, vetle pjokken og ein kamerat va supportargjengen!!

  2. Hotellsjef Ana Christina Says:

    So moro!! Eg skulle gjerne vore med og spelt ja!
    Ha du foresten mailadressa t Yngve? Elde veit du om han ha blogg elde noko? Hadde vore so kjekt og høyrt kelais da gaor med han på Bali.

Leave a Reply