Frank, Frank, Frank Reeeeeyes!!

Posted on Apr 03 in: Travel - 4 Comments »

Me var pÃ¥ konsert pÃ¥ laurdag, eg, Christianne og foreldra hennar. Herleg kar han der Frank altsÃ¥. Mor til Christianne sa han minna om Rune Rudberg i Noreg, og den samanlikninga var jammen ikkje dÃ¥rleg, sÃ¥ herleg var han altsÃ¥. Skikkeleg harry fyr som ikkje kan dansa, men synga kan han heldigvis. Og synga gjorde han, nÃ¥r han endeleg byrja synga sÃ¥ stoppa han aldri. Haha…me hadde jo lese pÃ¥ plakatane at konserten byrja klokka ti, sÃ¥ klokka ti var me pÃ¥ plass me. Etterkvart sÃ¥ skjønte me jo at me kanskje var bittelitt tidleg ut kanskje.. Konsertar byrjar jo ikkje presist i Noreg ein gong, og dominikanske minutt er jo som kjend lengre enn norske, sÃ¥ litt over tolv satte dei i gong. Og Frank trivast pÃ¥ scena, han song og han song og han prøvde tappert Ã¥ bevega pÃ¥ seg litt i takt med musikken. Eg synast konserten var artig eg. Musikken er jo bra, var mest merengue og bachata, og det likar jo eg. Men eg likar best Ã¥ dansa til den type musikk, det skal seiast. For nÃ¥r ein berre stÃ¥r Ã¥ høyrer pÃ¥ sÃ¥ vert det litt einsformigt, hadde me dansa sÃ¥ hadde jo kvelden vore fantastisk. Men kvelden var uansett bra, kjekt med konsert!

Ellers så har dei siste dagane vore veldig sånn sydenferie med familien. Familien min og Christianne sin har danna ein liten koloni på stranda nedanfor hotellet der familien til Christianne bur. Så der slappar me av og kosar oss. Min kjøre nevø, Sander, er jo i storslag! Han er særs nøgd med å få bada og leika i sanden heile dagen.

I går så tok eg og Christianne med oss Sander til flyplasssen for å henta pappa. Det var ein koseleg tur! Så no når pappa er på plass så klypte dei av det kjære blå bandet mitt..sukk..men kanskje me skal kjøpa eit nytt band til meg, det er ganske dyrt så eg har ikkje heilt bestemt meg, kanskje det berre vert middag på meg.

I går kveld fekk eg med meg Christianne på ein liten tur på tivoliet som dei har satt opp rett utanfor her me bur.  Me var der ikkje lenge, me me fekk oss ein karuselltur.  For cirka seks kroner fekk me oss ein skranglete tur rundt rundt, med i prisen var visst og ein fyr som ropte ut kjærleikserklæringar til oss.  Interessant med tivoli, kanskje vert det ein tur i pariserhjulet og i løpet av dei neste dagane.

No må eg visst avslutta her.  Eg må få på meg litt klede og få i meg litt frukost før eg må koma meg avgarde.  Eg og Mette skal nemleg på ridetur på stranda i dag.  Noko eg gler meg veldig til.  Eg og Mette har nemleg begge to alltid drøymt om ri på stranda, galloppera bortover i strandkanten, dersom eg torer galloppera vel og merka.  Så dette vert nok bra!!

Ha ein strålande dag, folkens :)

4 Responses to “Frank, Frank, Frank Reeeeeyes!!”

  1. jarle Says:

    HEI ANN KRISTIN

    Oppdadering pao vollyballkampane????????????

  2. Bestemor og Irene Says:

    Heisann!
    No har me såte her og lest på brevene dine og sett på bilde. Ser ut so du storkose deg:) Du får oppleva ganske masse! Artig å sitta og lesa!

    Her e da vinter igjen! Me trudde da va blitt vår, men dar tok me visst feil.. Plutseli hadde me 30cm med snø igjen!! Men me har no hatt ein ganske fin påske. Eg, mammo og pappen fekk ein fin skitur i strålandes sol sist søndag:)

    Ellers går da no fint med alle her.. Bestemor e begynt med pakkinge, so ho begynne å stressa litt no;) Men da blir nok bra!
    Ska helsa frå alle..
    Kos deg vidare=)

  3. ruth wenche Says:

    hei på deg!!

    Høres nÃ¥ ut som du nyter livet, og det er jo bra! Ankom Norge i gÃ¥r, sÃ¥ den typiske pÃ¥skestemningen med ski og appelsiner har vore ganske fraværende denne pÃ¥sken. Har vel ikkje akkurat vore sÃ¥ masse pÃ¥skestemning pÃ¥ deg heller… ; ) Herlig Ã¥ komme heim igjen, til grovbrød og brunost! Kos deg videre!

    Klem klem

  4. Javi Says:

    Great stuff! Reads like you will have a very interesting, acivte and challenging 2013. Good luck to you, we look forward to seeing you at the inaugural winter edition of The Fan Dance

Leave a Reply