BERRE 35 DAGAR ATT I AFRIKA…

Posted on Nov 19 in: Travel - 7 Comments »

14 VEKER HAR RAST AVGARDE. HER SIT EG LITT VEMODIG PÃ… ROMMET MITT OG INNSER AT OPPHALDET SNART ER OVER. PÃ… FREDAG HADDE ME SISTE DAG MED UNDERVISNING, NO HAR EG LESEVEKA, OG ALLEREIE PÃ… TYSDAG HAR EG DEN FYRSTE AV SEKS EKSAMENAR..

Litt av kvart har skjedd sidan eg skreiv her sist, det er jo altfor lenge sidan.. Eg har blant anna vore på nokre veldig fine helgeturar. For tre veker sidan var me på tur i Volta regionen. Der var planen å gå på Ghanas høgaste fjell. Då me stod på toppen av det som vert sagt å vera Ghanas høgaste fjell, Afadjato, så såg me imidlertid rett bort på eit høgare fjell. Litt forvirra spurde me ein guide om det kanskje var Togo, sidan me visste at me var svært nære grensa. Men neida, det var Ghana. Hmm, ok, så då er me ikkje på det høgaste fjellet alikavel då, spurde me. Joda, for det andre fjellet var ikkje noko “mountain”, det var jo ein “peak”, det såg me vel…!? Ghana har altså sin eigen interessante definisjon på fjell, det eigentleg høgaste fjellet vert ikkje rekna som det høgaste, det er ikkje målt høgden på det ein gong, for det er ikkje eit frittståande fjell, men det står oppå ein kjede.. Me var så innstilte å gå på det høgaste fjelet den dagen, at me tok på oss sekkane igjen og traska vidare, så me kom oss dit til slutt, så veldig høgt er det nemleg ikkje, rundt 900 meter kanskje. Etter fjellturen tok me turen til Wli vatnfallet,og det var faktisk veldig vakkert, diverre hadde eg ikkje kamera med.

 

Helga etterpÃ¥ var eg ein tur til Kumasi og Lake Bosumtwi.  Det var òg ei veldig fin helg. PÃ¥ fredagen traff eg May Anita og Sofia att. PÃ¥ laurdagen gjekk eg rundt og utforska byen Ã¥leina og var skikkeleg turist, gjekk pÃ¥ museum og tok bilete og styrte pÃ¥. Om kvelden var eg, Moritz og Desmond ute og Ã¥t nydeleg indisk mat pÃ¥ Moti Mahal. PÃ¥ søndagen reiste eg og Desmond til Lake Bosumtwi, der me hadde ein avslappande dag med lesing i hengekøya.

PA310064 PB010096 

 

Sidan det no nærmar seg slutten så fann eg ut at eg måtte ta litt bilete av kvardagslege ting òg, som for eksempel kvar eg bur. Så slik bur eg:

PB070057 PB070054

PB070063 PB070059

Plutseleg ein dag så la eg, inger Lise og Ingvild oss imidlertid i ei heilt andre senger.. Me vakna opp til deileg frukost. Vart køyrt i bil med air condition til skulen. Vart henta på skulen i den same bilen. Køyrt heim til vår nye heim, der kokken hadde lunsjen klar. Etter måltidet slo me i hjel litt tid på dataen med perfekt internet, såg litt tv på den store flatskjermen, tok eit varmt bad, lufta hunden vår, eller berre surra forbausa rundt i det store huset. Så var det tid for litt mat igjen, ein herleg tre-rettars middag.. nam, nam! Ja, sånn hadde eg det i to dagar, og Inger Lise og Ingvild i over ei veka. Me har nemleg blitt kjende med to fyrar som har ein ganske grei jobb, som har plassert dei i eit hus med seks soverom, alle med eige bad. Så sidan dei skulle vekk og jobba, så sa dei at me var veldig velkomne til å bu der, sjåføren og kokken var jo der uansett.. Så eg må seia at eg følte meg som ei prinsessa i nokre dagar!

PB040019 PB030002

PB040013 PB040014

Eller så har me hatt det ganske travelt på skulen i det siste, med tre til fire prøvar i veka. På science-fakultetet har me nemleg små prøvar og innleveringar undervegs, som tel cirka 30 % av endeleg karakter, så slutteksamen tel 70 %. Det er jammen ikkje så dumt. For no har me jo faktisk vore igjennom det meste av pensum allereie, og treng stort sett berre å repetera no når me har leseveka.

Slik har timeplanen min sett ut dette semesteret:

PB070046 

Faga me har teke er:

NUTR 301 – Nutrients and their Metabolism

NUTR 303 – Nutritional Physiology

NUTR 313 – Nutrition, Sustainable Livelihoods and Extension

NUTR 401 – Applied Nutrition

NUTR 403 – Assessment of Nutritional Status

NUTR 405 – Assessment of Nutritional Status of a Community

NUTR 413 – Nutrient Analysis Practical

FDSC – Food Laws and regulations

 

I NUTR 405 så har me altså vore ute i felten og gjort ulike undersøkingar; som spørjeskjema, blodprøvar, klinisk sjekk og ulike antropometriske målingar (ABCD – anthropometric, biochemical, clinical and dietary assessment). Det har vore veldig spennande. Diverre så prata ikkje så mange av dei engelsk, det har gått mest i Ga og Twi, to av dei lokale språka, så det er ikkje alltid me tre norske har gjort så mykje meir enn å observera, men det har vore interessant det.

PB040026 PB040028

Sidan det nærmar seg slutten av semesteret og ferietid, så må eg snart bestemma meg for kva eg skal gjera etter siste eksamen 4.desember og fram til heimreise til Noreg 22.desember. Dei heitaste alternativa har vore å reisa med Ingvild og Inger Lise til Senegal (og kanskje Gambia), eller å bli med dei karane eg pleie å henga med, på motorsykkeltur frå Ghana, igjennom Togo til Benin. Det siste høyres jo utruleg kjekt ut, men diverre så ser det ut som det vert umogleg av ulike praktiske årsaker. Eit anna alternativ som freistar er å reisa opp i nord i Ghana og kanskje ein tur innom Burkina Faso. Altså, alfor mange freistande alternativ, eg skulle verkeleg hatt meir tid! Uansett, slik det ser ut no så vert det høgst sannsynleg ein tur til Senegal, og kanskje Elfenbeinskysten. Eg har tenkt å prøva å finna ut angåande visum i dag, så bør eg vel få kjøpt flybillett snart, så eg får koma tilbake med meir info når eg faktisk veit kva eg skal.

Ellers så kunne eg fort ha vore i Dubai i skrivande stund, der er nemleg Inger lise og Ingvild no. Dei reiste på laurdag, og kjem att no på laurdag. Sidan eg hadde like lyst å reisa meir rundt i Ghana, så fann eg ut at det då for meg ikkje var verd å bruka så mykje pengar på ein tur til Dubai. Så no sit eg no her på campus.. Angrar eg på valet? Nei, absolutt ikkje. Det hadde sjølvsagt vore supert å vore med dei i Dubai, men jammen har eg hatt nokre fine dagar langs Ghanas vakre vestkyst.

Eg og Desmond frå Singapore satte oss i ein buss vestover på laurdagskvelden. Me sov i Takoradi, før me tidleg morgon på søndag reiste vidare til Busua. Det føltes som å koma heim, var altfor lenge sidan sist. Til min store glede så var mine to surfebrett der framleis, til min store skuffelse var det, dog ikkje uventa, ikkje noko særleg bølgjer.. Så sjølv kor godt me trivst i Busua så bestemte me oss for å reisa vidare same dag. Etter frukost og litt avslapping i hengekøya, så sat me i ein taxi vestover. Litt stress å reisa med to surfebrett, spesielt når ein ikkje ein gong får brukt dei. I tillegg så klarte den veldig usympatiske taxisjåføren vår på søndag å knusa tuppen på det eine brettet mitt med bagasjeluka, frykteleg irriterande. Ikkje nok med det, på måndag mista eg kameraet mitt.. Enda meir irriterande..!!

Me enda opp i Axim, fyrste natta på Ankobra Beach Resort, som var fint, men ikkje spesielt imponerande. Strendene i Axim skal nemleg vera dei finaste i Ghana, og akkurat det skjønte me ikkje, Busua er jo finare. Neste dag reiste med vidare til eit anna hotell i Axim, LouMoon Lodge, og der vart faktisk alle forventingar ikkje berre innfridde, men overgått mange hakk (sidan me av erfaring no veit at det i Ghana ikkje er lurt å ha høge forventningar). Der var det verkeleg vakkert, utruleg flott. Det var jo difor òg veldig mykje dyrare enn det me pleier å betala for overnatting, men eg tenkte berre at eg kunne jo faktisk ha vore i Dubai, så då har eg jammen meg råd til ei natt her. Sidan det ikkje var andre gjester der så fekk me til og med rom med strandutsikt til same pris som det utan, då var eg særs nøgd. Rommet var utruleg flott, strendene kjempe vakre, folka som jobba der utruleg hyggjelege og maten særs god. Eg kunne godt blitt der nokre dagar til, men sidan ein ikkje kunne betala med kort så hadde eg ikkje nok kontantar til det, og Desmond måtte uansett tilbake på jobb i går.

Så no er eg tilbake på campus, eg burde vel kanskje lesa litt sidan eg har leseveka og seks eksamenar i vente, men sit visst heller og les i Ghana-boka mi. Eg tenkjer kanskje å ta meg ein tur igjen med avreise i kveld eller i morgon tidleg, då vert det nok på eiga hand, sidan Inger Lise og Ingvild framleis er i Dubai og kosar seg. Og den andre gjengen eg heng med skal på tur med jobben i helga.

Eg har fått litt klager frå ikkje-norsk-talande vener om at eg ikkje skriv på engelsk her, så om eg skal skriva litt på engelsk av og til er under vurdering..

God helg til dykk alle :)

7 Responses to “BERRE 35 DAGAR ATT I AFRIKA…”

  1. mamma Says:

    Hallo.Ja dette var et langt og koselig reisebrev.Du opplever utrolig mye.Synd at du har mista kameraet da,men du kan vel kjøpe deg engangskamera,hvis de har det da.Heldig du som har sol og varme,her er det regn og grått og trist.:-[ I morgen skal Sander og Eline overnatte,det blir koselig.Du får ha lykke til med alle prøvene du skal ha fremover,det går nok bra.Ha en fin helg,glad i deg.Klem fra mamma

  2. Ida Says:

    Kjekt å lese Ann Kristin!

    Et lite tips er å bruke google translate. Min bror brukte det når han skrev blogginnlegg , og det funket veldig bra. Det blir ikke helt feilfritt, men det er jo bedre enn ingenting:)

    Sjekk det ut her: http://www.dalvang.com/wordpress/2009/06/cuba-libre/

    Nyt den siste tiden i Ghana, og så gleder jeg meg veldig til å se deg på nyåret!

    stor klem

  3. Ruth Wenche Says:

    Heisann:)

    Kjekt aa lesa! Nyt dei siste dagane og lykke til med alle provar!! :)
    Me har roa oss i Coban i Guatemala, Gry har influensa saa ventar paa at ho vert betre.
    Eg har nettopp vore paa ein kaffiplantasje og laert ein del om kaffibonner og liknande! Interessant! No skal eg straks tilbake til det koselege hostellet med litt markedsmat tilGry!
    Ha det bra! Stor klem:)

  4. Karine Says:

    no kjenner eg at misunnelsen stig i meg. e litt for surt og mørkt her heime, og litt for ansvarsfullt akkurat no…
    Kor lenge blir du i Sogn i jula då?? Gleda meg til å sjå deg igjen!!

  5. pappa Says:

    Hei pao deg kjære dotter, ja no ser me fram te Ã¥ fao deg heim att (sjølv om det vert litt meir masete i leiligheita i Oslo). Kjedeleg at du vart matforgifta fram mot eksamen, hÃ¥par at da gaor bra no.Sander og Eline er byrja nedtelljinga te du kjem heim, kryssar av pao kalendaren. I morgon ska eg te Gjøvik pao møte, men Sindre e desverre pao kveldsarbeid, so treff ikkje han – trur eg. Reiser rett vidare te Tromsø ein liten tur før te Alta og helgemøte dar.
    So da betyr at mor di mao driva Ã¥ pussa opp heime Ã¥leina(denne helga og….)
    Ha da godt, lukke te me eksamen og ta godt vare pao deg sjølv

  6. Sindre Says:

    Som nemnt, Google er din ven!

    http://translate.google.com/translate?js=y&prev=_t&hl=en&ie=UTF-8&u=www.annkristinjohannessen.com&sl=no&tl=en

    Og plutseleg var bloggen oversatt, og Google redda nok ein dag!

  7. Mette Says:

    Hehe, det var skikkelig norsk-engelsk!

Leave a Reply