PÃ¥skeoppsummering

Posted on Apr 13 in: Travel - 10 Comments »

I dag byrja me på skulen att, og eg tok farvel med familien som reiste tilbake til Noreg. Påskeferien 2007 er over, og den har jammen gått fort. Det har faktisk vore utruleg koseleg å hatt besøk av familien (du skulle og vore her, Sindre, me sakna deg!). Pappa og mamma spanderte jo all-inclusive på meg i to veker, så eg har kost meg på hotell – buffet dagen lang, bada i bassenget med dei og sett på show på hotellet om kveldane. Veldig koseleg, behageleg og billeg påske for min del.

 

Det har vore mykje avslapping og bading på stranda og ved bassenget desse dagane, men noko anna har me no og funne på. Førre tysdag var eg og Mette på ein to timars ridetur på stranda. Sjølv om eg no, ei veka etterpå, framleis har smertefulle gnagsår etter salen, og det høljeregna den siste halvtimen, så var det super kjekt!! Å galoppera bortover i strandkanten var akkurat så fantastisk som eg alltid har førestelt meg, så det er absolutt noko eg må gjera att ein gong!

Etter rideturen på tysdag så var me på stranda ilag med Christianne og familien hennar. Og me spelte visst litt volleyball. Det var kjekt, men nivået på spelet vart sjølvsagt litt prega av alderen til våre kjære foreldre, akkurat det treng eg vel ikkje å koma nærare inn på. Me spelte iallfall hokjønn mot hankjønn. Og treningskampen på tysdag klarte det svake kjønn, herrane, faktisk, ved hjelp av ein del flaks og juks, å vinna. Men på onsdag, då det verkeleg gjaldt, gjekk det verre for dei stakkars. Dei orka ikkje å fullføra, og me, kvinnene, vart sjølvsagt tildelt sigeren. Om kvelden var me alle saman, fjorten stykk, ute og åt på Bliss. Der var det kjempe god mat. Så avslutta me kvelden på isbaren. Altså ein bra kveld!

På torsdag morgon reiste familien Kvam frå Cabarete, så me såg ikkje meir til dei den påsken. Men me haldt fram med det slappe badelivet me. Litt surfing har det og heldigvis blitt i påsken. Eg har fått prøvd meg litt på eit kortare glasfiber brett, og det har gått ganske bra, det har nemleg vore ganske små og fine bølgjer for nybyrjarar, så det har vore kjempe kjekt!!

Så på laurdagskvelden tok eg ein tur ut med folk frå klassen. Det var sinnsjukt masse folk. Cabarete var nemleg stappfullt i påskehelga. Medan me nordmenn fartar til påskefjellet så fartar folk her tydelegvis til stranda i Cabarete. Det var svært interessant å oppleva det folkelivet i nokre dagar, men eg er veldig glad for at Cabarete er rolegare til vanleg.

Søndag vart mamma og pappa med på surfestranda for å sjå litt på meg surfa, så gjekk me heim langs stranda tilbake, det var ein fin formiddag. Resten av dagen gjekk sikkert med til bading, soling og eting.

PÃ¥ mÃ¥ndag sto eg og pappa utanfor frukostsalen dÃ¥ det opna, me mÃ¥tte forta oss Ã¥ eta frukost før me skulle av garde pÃ¥ sykkeltur. Pappa hadde nemleg meldt oss pÃ¥ ein sykkeltur – 44 km pÃ¥ tre og ein halv time, ein tur der du verkeleg fÃ¥r testa uthald og vilje, ein av dei mest intense turane vÃ¥re, sto det i annonsa til Iguana Mama, sÃ¥ de mÃ¥ tru eg gledde meg… Men turen var iallfall kjempe fin!! Me sykla fyrst nokre kilometer pÃ¥ asfaltveg, før me svinga av og haldt fram pÃ¥ ein humpete grusveg i vakker og frodig natur. Terrengsyklinga var kjempe moro, spesielt nedover, dÃ¥ eg sykla frÃ¥ pappa :) Pappa sykla vel ikkje heilt uventa frÃ¥ meg i oppoverbakkane. Og dei siste kilometerane pÃ¥ asfalt sÃ¥ trimma eg pappa litt ekstra, sidan han ikkje var sÃ¥ sliten. Han fekk lov til Ã¥ dytta meg. Han mÃ¥tte jo fÃ¥ bli litt sliten han og, og det hadde altsÃ¥ absolutt ikkje noko med at min lÃ¥rmuskulatur var litt sliten pÃ¥ det tidspunktet, det ryktet mÃ¥ avkreftast.

Tysdag så reiste me til Ocean World, som altså er eit vatnpark, dyrehage liknande anlegg, som ligg like utanfor Puerto Plata. Der hadde me, altså eg og familien, ein veldig fin dag. Dagen starta med haishow, haldt fram med tigerforing, så stod høgdepunktet for meg den dagen, sjøløveshowet, på programmet. Det showet var utruleg bra, sjøløver er så utruleg artige!! Vidare så fekk me med oss delfinshow, lunsjbuffet, bading, papegøyar og andre kjempe fine og fargerike fuglar, og litt snorkling.

Om kvelden, etter at eg hadde ete det siste måltidet med familien for denne gong og gått ein liten tur med mamma og pappa, så fekk eg endeleg med meg nokon opp i det tidlegare nemnte pariserhjulet. Marianne vart med meg på galskapen. Eg forstår eigentleg ikkje kvifor eg ville, eg har jo veldig høgdeskrekk og heile tivoliet ser jo ut som det skal falla saman når som helst. Men eg overlevde iallfall, så vidt føltes det som, eg skreik og skreik ut min redsel og fortviling.

Så i går (eg skreiv byrjinga av bloggen i går, men fullfører verket i dag) var altså ferien over. Eg tok farvel med familien og me hadde undervisning att. Me hadde faktisk både baseball på morgonen og teori, kultur og samfunn, frå to til halv fire. Hardt å byrja med skule att altså, motivasjonen er ikkje på topp for det om dagen akkurat..

Påskeferien 2007 er altså over, og viktige stikkord for den er: Masse mat, masse folk, surfing, regn, sol, bading og familie (masse Sander-kos blant anna :) ) – ei bra påske med andre ord!
Korleis har de hatt det, folkens??

10 Responses to “PÃ¥skeoppsummering”

  1. mamma Says:

    Hei igjen. Turen heim gikk bra,landa på Gardermoen kl.19.45.Det har vært en flott ferie.Jeg er jo veldig glad i varme,sol og bading.men vi har jo hatt regn også.Det var koselig å se deg igjen og treffe en del av klassen din.skulle gjerne vært noen uker til jeg.Cabarete er en koselig plass.Jeg hadde vindu plass på flyet til Puerto Rico så jeg fikk se Samana halvøya og hele kysten ut til Punta Cana.Og San Juan hvor vi landet og byttet fly.Det var flott.Nå er jeg i leiligheten i Oslo,vasker kle og pakker,så reiser vi heim til Hafslo i 3 tiden.Du får kose deg videre med mye studering og litt surfing.Det var kjekt å se at du hadde blitt flink på brett.Du får hilse til christianne,Silje og de andre vi ble litt kjent med.Sindre likte shortsene veldig godt.Så får du ha det godt og passe på alle sårene dine.Mange gode klemmer mamma.Glad i deg:-)

  2. Gry Says:

    Hallo:)
    Hørres ut som du har hatt ein bra pÃ¥ske ja:) Det har eg og hatt i Kenya med Ruth Wenche og co. Masse kjekt Ã¥ oppleva, du har sikkert fÃ¥tt reisebrev frÃ¥ Ruth Wenche… Me hadde bla ein flotte tur med ein seilbÃ¥t ut til ei øy i det indiske hav. Snorkla og sÃ¥g litt pÃ¥ delfinar før me hadde ein goe middag pÃ¥ øyo. SÃ¥ var me pÃ¥ safari og sÃ¥g bla giraffar, sebra og røde elefantar og sÃ¥ slappa me av pÃ¥ stranda og spelte volleyball… Det var litt av det me gjorde i pÃ¥sken… Varm, hadde me det heile tio… SÃ¥ det var kaldt Ã¥ komma tilbake til Norge med snø og 0 grader.. og hardt Ã¥ begynna pÃ¥ jobb igjen… Men nÃ¥ er det helg:) og nÃ¥ er det skikkelig pÃ¥skevær ute, strÃ¥lande sol, og nesten litt varmt… SÃ¥ det blir nok skitur i helgo ja… hÃ¥pe berre snøen ligge… og sauene har begynt Ã¥ lemma for fullt sÃ¥ dÃ¥ fÃ¥r eg vel sjÃ¥ om eg ikkje rekke Ã¥ hjelpa litt til med lammo og..
    Ha det kjekt vidare, Klem frå Gry

  3. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Heisann folkens!
    No e klokka ti p̴ halv ni her, og me begynna p̴ skulen om ti minutt, 2,5 timar kultur og samfunn e p̴ timeplanen i dag. Eg har allereie vore p̴ ein liten joggetur og teke ein rask dusj. So tenkte eg eg nett skulle innom her ̴ sjekka om da va noko liv her Рso ha eg f̴tt to lange kommentarar Рein super start p̴ dagen!!!! Eg vert veldig glad n̴r nokon giddar ̴ skriva her :) :) Ha ein fin dag, folkens!

  4. karine Says:

    du, Liss sakna deg!! so viss du vil jobba nÃ¥r du kjemme heim so bli ho gla….:) va pÃ¥ jobbmøte i gÃ¥r, og no har eg tett opp med jobb-oppdrag. og eg har fÃ¥tt med Magnus, som bur m Knut t Ã¥ jobba og… ellers so mao eg jo sei at neste søndag (elle so va da laurdag) so e da seriestart for Baune. eg e veldig spens pao sesongen, og ikkje spes motivert i skrivande stund. Forresten, ha eg sagt at eg ska t australia t hausten??

  5. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Eg må jammen sei da va på tide at du la att ein liten kommentar t meg, Karine!! Veldig koseleg å høyra frå deg! :)
    Kjekt å høyra at eg kan få jobb dar att om eg vil, eg stortrivst jo på Legenes Hus, so du må helsa so mykje!! Men eg veit ikkje keti eg kjem heim eigentleg.. mogleg da bli litt meir reising og lite eller ingen jobbing i sommar, men alt e litt uvisst akkurat no. Inkludert planane for hausten.. Kva syns du eg ska ta meg t??? Og nei, du ha IKKJE sagt du ska t Australia. So du reise når eg kjem heim.. Men so spennande! Hen du ska? E da eit semester utveksling? Keti reise du og ke lenge ska du vera?? Eg vil besøka deg eg :)

  6. pappa Says:

    Hei kjære dotter, ja no er me heima att pao Hafslo i knallver, ser fram til ei skihelg i super ver. Da va veldig moro Ã¥ treffa deg att, og ikkje minst fao sjao korleis du ha da dar nede, mykje koslege folk gaor du i lag med og. Oppdateringa di frao paosken va no litt mangelfull og svært subjektiv i omtalen av vollyball kampane vaore. Støttar Jarle sin oppmoding om ein ærleg framstilling over kven som var best…….. (og pao ærleg vis)
    Saknar og ein liten info om at verda fekk sjao eit nytt surfe talent pao 48 aor dar nede (eg vil ikkje nevna navnet) Sykkelturen va kjempefin ja, særleg fø deg so hadde me eigen hjelperyttar, so andre store sykkelryttarar nyttar i dei store løpa.Kos deg vidare, klem frao pappa

  7. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Heisann!
    Koseleg med kommentar frå deg og,pappa!!
    Eg gløymde visst Ã¥ nemna ke flink du va Ã¥ surfa ja – fÃ¥r hÃ¥pa folk lesa kommentarane og. AltsÃ¥, folkens, pappaen min prøvde sÃ¥ vidt Ã¥ surfa dÃ¥ han va her nede,da va kje mange minuttane han prøvde, han lÃ¥nte nemleg berre brettet t ein so hadde leigd brett, alikavel so kom han seg so vidt opp pÃ¥ føtene pÃ¥ tredje forsøk. Slett ikkje verst for ein kar i hans alder, litt imponerande faktisk :)
    God skihelg!

  8. Solrun Says:

    Hei deg!
    Høyres ut so du fortsatt ha da øye bra!! :) Ska du vera lainge pao tur du? E reunion me vidaregåande 23 juni. E jo 5 aor siao me va ferdige no..me begynna å bli gamle.. e for heile kullet. Du faor fortsetta du kosa deg! Klem :)

  9. Ruth Wenche Says:

    Heisann!!!

    Spennande å lesa påskeoppsummeringen din! Hørtes nå ganske så bra ut den!
    Eg e nå tilbake i studenttilværelsen min i Bergen by, og driver og skriver en oppgave om kvinner og fattigdom i Afrika. Ellers så har eg vore på jobb i vikarsentralen i dag, i en 1. klasse i Fyllingsdalen. Koselig det! Kordan går det med veldedighetsarbeidet ditt, engelskundervisningen meine eg..?! Hørtes jo kjekt ut!
    Oi, nå skinner jammen meg sola ute, det må eg nesten utnytte.. Tar meg en tur opp Stolzen eg trur eg.. Ha det fint videre, Ann Kristin..
    Gleder meg til å lese neste oppdatering fra livet i Cabarete.. ; )

    Klem fra Ruth Wenche.

  10. Guro Kristin Says:

    Hei hei!
    E pao nattevakt eg no. Tenkte pao deg istad pga nattfilmen so gjekk pao tv3. Hugsa ikkje ke filmen heite, men e ein du lika veldig godt og ha snakka om. Om to stk. som møtes pao toget. Dei gÃ¥r av i wien og tilbrige resten av dagen sammen der… ? Jaja…tenkte i alle fall pao deg dao filmen starta. HÃ¥par du kosar deg og faor mykje fint ver ti Ã¥ surfa! *klem*

Leave a Reply