Cabarete Surf Festival 2007 – and the winner is: Ann Kristin Johannessen!

Posted on Apr 23 in: Travel - 2 Comments »

No er det ei stund sidan eg har skrive her, nesten to veker faktisk, tida flyr! Det er heilt vilt kor fort tida går. For at flest mogleg faktisk skal gidda å lesa det eg skriv her, så skal eg prøva på ei ganske rask oppsummering av den siste tida.

Etter påske har me hatt kultur og samfunn på timeplanen i tillegg til baseball og ein sykkeltur. Baseball har no vore ganske kjekt, er moro å slå og springa iallfall. Sykkelturen viste seg å vera akkurat den same turen som eg og pappa var på i påsken – El Choco Loco. Det var jo ein kjempe fin tur fyrste gongen, og på grunn av eit ganske mykje rolegare tempo så fekk eg sett meg enda litt meir rundt den andre gongen. Medan eg førre gong låg bakarst i feltet så låg eg stort sett i teten denne gongen. Nedover var det jo sjølvsagt super moro! Men også oppover og på asfalten på slutten gjekk det så lett at det var skikkeleg moro. Eg klarde meg utan deg denne gongen, pappa :) Både rolegare tempo og betre setehøgde gjorde nok at eg faktisk framleis hadde mykje energi då me kom fram. Det var altså skikkeleg moro på sykkeltur andre gongen og!

Elles så er det jo heilt klart kva eg hugsar best frå dei siste vekene – Cabarete Surf Festival 2007. Eg tok nemleg min fyrste og høgst sannsynleg siste siger i ein surfekonkurranse førre laurdag. Det var nemleg surfekonkurranse her, og så hadde dei satt opp ein eigen klasse for nybyrjarar som oss i idrettsklassen og dei i spanskklassen. Det var svært flat sjø denne dagen, så sjølve konkurransen vart utsett. Men konkurransen for nybyrjarklassen vart diverre gjennomført. Ganske keisamt sidan det var så flatt, men det var jo moro å vera med. Deltakinga var ikkje stor akkurat, me var fire: Eg, Ida og Jon Kjetil i klassen og Marlen frå spanskklassen. Det artigaste var jo speakeren, han kommenterte nemleg under heile konkurransen: ”Ana Christina is catching a wave, and she’s going frontside” . Så me følte oss jo nesten litt gode.

Så på onsdag kveld, etter at den ordentlege surfekonkurransen og var gjennomført, var det premieutdeling på Extreme. Det var jo og artig. Me måtte jo fram å ta imot dei fine premiane våre, eg håpar på å få lagt ut bilete av dette seinare i dag eller i morgon, eg skal iallfall prøva.

Ellers så har me eksamen no på fredag, fire timar skriftleg, så eg bør vel begynna å lesa litt og kanskje. Eg har eigentleg ikkje tenkt å lesa så altfor mykje, men bør vel ta ein titt på pensum iallfall. Så etter eksamen på fredag så får me oppgåva til heimeeksamen som skal leverast fredagen etterpå. Så de bør nok vera førebudde på at det kan bli litt lite oppdateringar herifrå fram til etter eksamen. Nei, no er det straks pilates på taket her, så eg får vel skifta.

Angåande mine planar etter at studiet her er ferdig så er dei framleis uklare. Eg håpar i grunn å få ordna det i løpet av morgondagen. Det vert antakeleg nokre ekstra veker her og så nokre veker i Mellom Amerika, og heim til Noreg rundt 20.juli. Høyres ikkje det ut som ein god plan??

2 Responses to “Cabarete Surf Festival 2007 – and the winner is: Ann Kristin Johannessen!”

  1. Ruth Wenche Says:

    Halloen!!

    Gratulerer med førsteplass i surfekonkurranse! Proffingen sjøl slo te! Så stilig då at de kommenterte og alt når dokke surfa!! Du er sikkert blitt supersurfe Ann Kristin nå.. Kjempekjekt at du hadde lagt ut så mange bilder! Eg sitte i skrivende stund foran dataen og skal til å skrive oppgave,men dette var jo mye kjekkere.. Dessuten har eg blitt litt hekta på facebook, der er visst du og!
    Jeppsannsa, – kos deg videre!

    Stor klem fra Ruth Wenche

  2. pappa Says:

    Hei igjen, GRATULERA MED 1.PLASSEN, imponerande – ja du var flink.
    Kjekkt Ã¥ høyra froa deg att, me har nett vore ute og handla sykkel og hjelm til Sander og Sindre. Begge var godt fornøygde med kjøpet. Dei bur her i natt, og Sindre laga god middag til oss. Eg driv med lønsforhandlingar i staten for tida, ska vera ferdige natt til 1.mai. Mor di kjem og te Oslo te helga, so dao manglar me kun deg her……..
    Eg er spennt pao kva opplegg du har planlagt, du meinar vel at du er i Noreg 20.6. og ikkje 20.7. (?) Lukke te med eksamen, som “seriøs” student les du vel mykje. Hels dine kjekke vener dar nede, Pappa
    (PS: fint at du klarde sykkelturen utan hjelperyttar)

Leave a Reply