Her kjem det endeleg nokre bilete att :)

Posted on Apr 24 in: Travel - 6 Comments »

cabarete-256-medium.jpgcabarete-254-medium.jpg

Her er eg på surfing på Playa Encuentro for cirka ein månad sidan, ein ganske flat deg som de ser, men det er jo uansett alltid moro å surfa litt!

dom-089-medium.jpg

Hummingbird – min heim desse tre mÃ¥nadane. Eg bur i andre etasje inne i kroken der de ser nokre personar. Og her bur eg som nemnt ilag med Kristin og Gina frÃ¥ Bergen og Mona frÃ¥ Kristiansand. Og i pÃ¥sken flytta Ida frÃ¥ Kristiansand og inn til oss, dette skjedde etter at det voldsomme regnveret førte til oversvømmelse i fyrste etasje. Alle i fyrste etasje mÃ¥tte avakuera opp til oss i andre. Og Ida trivdes tydlegvis svært godt hjÃ¥ oss og vart verande, koseleg det!

cabarete-447-medium.jpg

Her er altså mine kjære sambuarar. Frå venstre så har me Gina, Mona, meg, Ida og Kristin.

dom-077-medium.jpg

Dominikansk påskestemning..? Det var iallfalll litt regnver her i påsken, iallfall ein del kveldar, men det var også mykje fint ver altså, sol og varmt. Men under denne regnbyga valde me iallfall og trekkja inn på isbaren, eit godt val.

dom-030-medium.jpg

Og det vart ikkje berre med det eine besøket på isbaren nei, familien Johannessen er jo ikkje kjende for å seia nei takk til is akkurat. Og iallfall delar av familien Kvam er også glad i is. Her er eg og Christianne på Bon etter at familiane hadde hatt ein koseleg kveld ilag på Bliss.

dom-026-medium.jpg

Pappa, mamma og Sander pÃ¥ restauranten Bliss – der er det god mat. Var skikkeleg koseleg med familiebesøk i pÃ¥sken!

dom-122-medium.jpg

Sander og eg tullar og kosar oss p̴ hotellrommet til mamma og pappa Рeg saknar deg, Sander!

dom-296-medium.jpg

Sander, eg og Christianne på stranda i Cabarete. Siste fredagen før påske hadde klassen fotballturnnering, og familiane våre sto på sidelinja og heia.

dom-170-medium.jpg

Eg og pappa etter sykkelturen “El Choco Loco”. Ein kjempe fin tur pÃ¥ 44 km! Det var kjekt Ã¥ fÃ¥ sjÃ¥ litt av omrÃ¥det rundt Cabarete.

dom-137-medium.jpg

Den spreke surfepappaen min på veg opp frå vatnet. I bakgrunnen surfar eg.

cabarete-281-medium.jpg

Ine, eg og Ida i guagua på veg til den store og fine supermercadoen i Sosua. Guagua er bra, me vert stappa inni og frakta for ein svært billeg penge.

cabarete-291-medium.jpg

Eit anna interessant transportmiddel. Me likar og er flittige bukarar av dei kjøre motoconchoane. Denne turen var jo ekstra intim, med tre på ein. Heldigvis var han sjåføren der nokolunde anstendig, det er ikkje alltid skjønnar de. Då eg tok moto åleina til surfestranda på laurdag morgon spurde nemleg sjåføren min, etter at eg hadde svart nei på det vanlege spørsmålet om å bli kjærasten hans, kor mykje han måtte betala meg for sex. Ja, du las rett!

cabarete-320-medium.jpg

Forrige laurdag prøvde eg Ã¥ gÃ¥ pÃ¥ lina for fyrste gong, og det gav meirsmak. Men det har diverre foreløpig blitt med den eine gongen. I byrjinga verka det jo heilt totalt hÃ¥plaust, men etterkvart sÃ¥ klarde eg Ã¥ gÃ¥ til midten av lina heilt pÃ¥ eigahand – moro moro!

cabarete-343-medium.jpg

Cabarete Surf Festival 2007! Publikum (den store klynga er klassekameratar) fylgjer spent med.

cabarete-330-medium.jpg

Speakeren er klar! Dommarane sto og her og fylgde med.

surfekonk-og-t-fest-044-medium.jpg

Her er deltakarane på veg ut. Jon Kjetil, eg, Marlen og Ida. Me fekk fem minutt på oss til å padla ut. Så frå fløyta gjekk hadde me 25 minutt på oss, den som surfa lengst på bølgja sidevegs vann, og dei to beste bølgjene til kvar talde. Diverre var det svært lite bølgjer den dagen og difor ganske keisamt, men me fekk no surfa litt iallfall.

cabarete-352-medium.jpgcabarete-362-medium.jpg

surfekonk-og-t-fest-056-medium.jpg

DÃ¥ var konkurransen unnagjort. Eg var delvis tilfreds – hadde jo fÃ¥tt teke eit par bølgjer ganske bra. men keisamt med sÃ¥ flatt vatn og sÃ¥ stort brett.

cabarete-382-medium.jpg

Heim frå konkurransedagen fekk me skyss med den bilen, me koste oss bakpå der me. Men kva skjer med Christianne? Ho ser noko besatt ut på å koma seg av.. var du redd, Christianne? Ida (ho som prøver å halda desperate Christianne att) er ikkje farleg, Christianne. Akutt diaré kanskje?

cabarete-433-medium.jpg

Ann Kristin og Ida skulka visst skulen på onsdag for å sjå på surfekonkurranse, og det var verdt det, ein herleg dag på Encuentro! Me var der jammen frå halv åtte til halv fem om ettermiddagen, så me rakk å surfa to gonger sjølv og.

cabarete-438-medium.jpg

Her kosar eg med nokre av dei heilt fantastisk søte kvalpane me har her – diverre har nesten alle blitt gitt bort no, me har berre to att. Det er iallfall utruleg koseleg med kvalpar springande rundt her :)

cabarete-466-medium.jpg cabarete-471-medium.jpg

På onsdag var det premieutdeling på Extreme.

cabarete-474-medium.jpg

To svært nøgde jenter! Eg tok fyrsteplassen og Ida kom på andre :)

6 Responses to “Her kjem det endeleg nokre bilete att :)”

  1. Sindre Says:

    Imponerande! :p

  2. Hotellsjef Ana Christina Says:

    E du imponert?? Oi oi oi….stor dag for meg detta :)
    Eg sat ganske lenge framføre dataen i går, so da e jammen kjekt da fungera denna gongen!

  3. Gry Says:

    Gratulera med førsteplassen:) og kjekt å sjå fleire bilder:)

  4. Annbjørg Says:

    Da mÃ¥ eg sei, fyrsteplass!!! No kan eg gÃ¥ rundt Ã¥ sei at eg kjenne nokon som nettopp kom pÃ¥ fyrsteplass i ein surfekonkurranse…. Høyres veldig imponerande ut! Kos deg masse vidare!! stor klem:)

  5. Sindre Says:

    http://www.dagbladet.no/magasinet/2007/04/26/498931.html

    Ann Kristin Johannessen, kefør i adle daga vil du te sleke land? Håpakje du ha tenkt deg tebake dit..

  6. Karin Nesheim Says:

    Hei AnnKristin! Her kjem ei helsing frå Øystese. Har vore i konf. til Martin i dag. Trefte heile slekta. Var kjekt. Mammo de reiste heim til Hafslo aleine, mens dei andre for til Oslo. God tur vidare og ha det riktig godt. Helsing Karin og Olav.

Leave a Reply