EURODOK!!

Posted on Mar 20 in: Random - 3 Comments »

ENGLISH SUMMARY: In this post I give some recommendations. First the Eurodok festival that has its last day tomorrow. Second, Cinemateket in Oslo shows old classics and new movies that is not shown other places, five days a week. Third, watch the movie “The End of the Line”. Fourth, next week (25. – 28. March) there is FilmAfrikana here in Oslo.

Denne veka (17.03 – 21.03) gÃ¥r den 9. europeiske dokumentarfestivalen, Eurodok, av stabelen i Oslo, og der er det mykje spennande Ã¥ fÃ¥ med seg. Eg tek sjølvkritikk pÃ¥ at dette tipset diverre kjem i seinaste laget, men det er iallfall att dagen i morgon, og ikkje minst neste Ã¥rs festival. Eg gler meg allereie.

Eg mÃ¥ berre nemna mine to store filmopplevingar i løpet av festivalen. PÃ¥ torsdag sÃ¥g eg filmen “The End of the Line”, som eg anbefalar alle pÃ¥ det sterkaste Ã¥ sjÃ¥. Den handlar om eit veldig viktig tema, nemleg det faktum at verdshava kan vera tomme for fisk innan Ã¥r 2048, dersom ein ikkje endrar til ei meir bærekraftig forvaltning av havressursane. Samstundes sÃ¥ inneheld filmen utruleg flotte bilete. “The End of the Line” er en kunnskapsrik film som i kombinasjon med fantastiske havfoto gir næring til miljø- og ikke minst fiskeentusiasten i deg, stÃ¥r det i omtalen av filmen. Dersom du generelt er oppteken av miljø, er glad i fisk og anna sjømat, er ein av mange som elskar sushi, er fiskar av yrke, er ein dykkeentusiast og/eller set pris på litt fargerik snorkling nÃ¥r du tek turen til eksotiske strøk, sÃ¥ er denne filmen eit “must”!

Den andre store  filmeopplevinga mi har vore filmen, “Uteliggernes sang”, som eg sÃ¥g i gÃ¥r. Den handlar om Charlie, Kent og Clas som bur pÃ¥ gata, og som i fjor ilag med magasinet =Oslo var i studio og spelte inn ein CD. Ein utruleg fin og interessant film som gav meg bÃ¥de mykje latter og tÃ¥revÃ¥te auge. Charlie, Kent og Clas lever svært annerledes liv enn de fleste av oss, men likevel deler vi mange av de samme drømmene.

Eurodok går føre seg på Cinemateket, og eg vil i same slengen koma med ein generell anbefaling om å ta ein tur innom der. Dei har der to (veldig behagelege) kinosalar og viser filmar fem kveldar i veka. Fokuset er på klassisk film og alternativ samtidsfilm, blant anna høgdepunkt frå filmhistorien og nyare filmar som ellers ikkje vert vist i Noreg.

Eit siste tips frÃ¥ meg i kveld. Neste veka er det nye filmmoglegheiter, som eg òg har tru pÃ¥ at vert veldig spennande, nemleg FilmAfrikana. Denne festivalen gÃ¥r føre seg pÃ¥ den trivelege bÃ¥ten Innvik 25. – 28.mars.

Det er mykje spennande som skjer, så eg seier ja til å innføra åtte dagars veke (med 3 dagars helg!!) og 30 timars døgn :P

Framleis god helg, alle saman!

3 Responses to “EURODOK!!”

  1. greetings fr. ice land Says:

    greetings Ann Kristin,

    Must admit enjoyed y. contents in yr. blog, nice pictures as well.
    next time U VISIT ICELAND please visit restaurant indian mango, v offer U AND YR. SISTER(is she in reykjavik)2 main courses on the house, yes would b nice 2 have you visit indian mango on fbook.
    best wishes,
    geeorge holmes :info@indianmango.is

  2. Ann Kristin Says:

    Hey George!
    Thank you, I’ll remember your offer for next time, the menu looks great! :)

  3. Abercombie Says:

    congratulations Gunn……it’s great to be recognized no maettr what level of recognition. Local papers are perfect….. who knows where you will be next….. I’m not doing much of any craft because I am outside every possible minute. the winter is soooo long…I need to enjoy the summer right now….

Leave a Reply