“BØNNER OG LINSER – En kokebok med italienske klovner og indiske møll”

Posted on Apr 24 in: Food and nutrition, Random - 3 Comments »

 

ENGLISH SUMMARY: In this post I give a recommendation of a cookbook about beans and lentils. It is great and even won the prize for Best Health and Nutrition book in Norway 2009. Unfortunately I think it’s only available in Norwegian.

Then I just encourage you all to join the campaign Meat Free Monday. Everybody should be able to at least have one meat free day a week.

If you still haven’t discovered the great taste, health benefits and possibilities of beans and lentils, please do. Why not start with a vegetarian bean or lentil dish on Monday – good luck with that, and enjoy! :)

 

 

 

I går fann eg denne mailen ifrå Deichmanske bibliotek i innboksen min:

“Oslo, 23/04/2010

PURRING PÃ… FORFALT MATERIALE

Følgende materiale er ikke levert innen forfall:

641.656 Je Jensen, Camilla : Bønner og linser : ( 843754.002) 22/04/2010

Det er et purregebyr pÃ¥ 0,- kroner.”

Det er jammen ikkje lett Ã¥ gi slepp pÃ¥ denne boka… SÃ¥ dette innlegget er min hyllest til den i det den forlet meg.

Lat meg ta det heilt ifrå starten. Eg har lenge hatt ein draum om å laga ei bærekraftig kokebok. Så då eg kom heim frå Ghana i desember og oppdaga at Grønn Hverdag hadde kome meg i forkjøpet hadde eg litt blanda kjensler, litt skuffa, men mest begeistra. Så i min begeistring  tok eg umiddelbart og bestillte kokeboka, sjølv om den sprengde budsjettet mitt med ein pris på 379 kr. Diverre vart eg skuffa då eg berre eit par dagar seinare mottok boka.

Grønn Hverdags kokebok, “Ver sÃ¥ god. Kokebok for deg som vil leve enklere og mer miljøvennlig”, er ikkje dÃ¥rleg, den er berre ikkje spesielt spennande heller. Det er noko litt traust over den. NÃ¥r der er sagt sÃ¥ er det mange fine tips i den, og med ein fin blanding av vegetarrettar og  ikkje-vegetar, tradisjonelle og meir eksotiske rettar, sÃ¥ inneheld den noko for ein kvar smak.

Etter at eg svært impulsivt hadde brukt 379 kr på ei litt skuffande bok, prøvde eg å vera meir fornuftig då eg kort tid etter oppdaga at det var kome ei eiga kokebok om bønner og linser, som i tillegg fekk gode kritikkar. Så eg søkte etter den på biblioteket sine sider, og fann den, men det var ganske lang venteliste. Keisamt. Mi tomme lommebok gav meg imidlertid ikkje noko val.

Endeleg, rett før påske var eg nådd fram i køen og kunne forventningsfull gå og henta den. Og tru meg, denne boka skuffa ikkje! Eg likar alt ved denne boka; val av papir, skrifttypen, bileta, oppskriftene, tipsa, og ikkje minst entusiasmen. Til og med den enkle og på ein måte litt keisame framsida er kjempe flott, den passar perfekt inn i den utruleg inspirerande heilheiten. Denne boka er verkeleg skriven med stor matglede og ekte kjærleik til dei fantastiske råvarene, og står no høgt oppe på ynskjelista mi.

Bønner og linser er jo fantastiske. Dei er billege, miljøvenlege, gode og utruleg sunnne. Dei finst òg i svært mange variantar, sÃ¥ det vert aldri keisamt. Og dei er ein glimrande erstatning for kjøt dersom du kanskje er interessert i kutta ned pÃ¥ kjøtforbruket, anten av hensyn til miljø, matsikkerheit, dyr eller eiga helse – det er mange gode grunnar til Ã¥ eta mindre kjøt – blant anna:

  • Det frigjer jordbruksareal me treng for Ã¥ fø verdas aukande befolkning.
  • Det hindrar avskoging, og beskyttar ville dyr og planter.
  • Det reduserer ureininga.
  • Det gir mindre liding for dyra, og frigjer pengar til økologisk og dyrevenleg mat.
  • Vegetarmat er fargerik, smakfull, næringsrik, ja rett og slett, SUNT og GODT.

 

Dersom du har ein kjøtfri dag i veka, reduserar du dine CO2-utslepp med 170 kilo i året. Dersom alle nordmenn gjer dette, vil reduksjonen tilsvara utsleppa til 360 000 bilar. Dette er bakgrunnen til den internasjonale kampanjen Meat Free Monday. Framtiden i våre hender og Grønn Hverdag har teke kampanjen til Norge. For meir info, eller for å melda deg på til å motta ei vegetaroppskrift kvar veke, gå inn her. Lukke til med vegetarmiddagen på måndag! ;)

Eg fÃ¥r vel tusla meg opp til biblioteket snart…

God helg, alle saman :D

3 Responses to ““BØNNER OG LINSER – En kokebok med italienske klovner og indiske møll””

  1. Joao Miguel Says:

    funny you raise this topic now as since the beginning of the month i am trying to follow the Pescetarianism practice.

    However being a vegetarian is out of my expectations; no way i will be able to abolish all kind of meat from my diet.

  2. Ann Kristin Says:

    Joao Miguel! You say you’re trying to follow the pescetarianism practice, how is it going?? An why did you decide to try that?
    I don’t demand people to become vegetarian, just suggest to reduce the meat consumption ;)

  3. Joao Miguel Says:

    Hi Ann!
    I just woke up one day during some small holidays I was having and decided to abolish mammal and birds meat from my diet. I guess it was just a matter of starting to eat better.

    I am keeping to the practice :)
    Since the beginning of April I only have failed on 2 times and both to eat spaghetti bolognese with minced meat :)
    Honestly it has not been as difficult as I thought it would be.

    Stay happy :)

Leave a Reply