Siste vekas høgdepunkt i Ghana

Posted on Sep 14 in: På reisefot - 4 Comments »

Ghana - Sudan! 002 Ghana - Sudan! 018

Ghana - Sudan! 028 Ghana - Sudan! 049

FOTBALLKAMP, ETIOPISK MAT, VEGANSK MAT, ERNÆRINGSSEMINAR, KOKROBITE, SOL OG SLAKKLINA. LIFE IS GOOD!

Førre søndag var eg, som nemnt i førre innlegg, på fotballkampen mellom Ghana og Sudan. Stemningen der var mildt sagt ein del livlegare og meir fargerik enn på Ullevål. Ghanesarane song, ropte og dansa stort sett heile tida. Og på slutten så gjekk bølga rundt stadion iallfall fem gonger på rad. Ghana vann kampen, og kvalifiserte seg med det til VM i Sør-Afrika til sommaren. Det var kjempe kjekt å få med seg, og no har eg eit lag å heia på sidan Noreg svikta.

Besteveninnna til Inger Lise er etiopisk, og Inger Lise er difor vande med å eta etiopisk mat ganske ofte, så det har ho sakna her. Så her om dagen så nemnde ein førelesar at det hadde opna ein ny etiopisk restaurant ikkje så langt ifrå campus. Den måtte me sjølvsagt prøva, så etter ein lang skuledag på onsdag sette me oss svoltne og forventningsfulle i ein taxi til East Legon. Og forventningane vart innfridde, nam nam! Eg hadde injarra med fire forskjellege vegetariske sausar, og eg gler meg allreie til neste gong, som sikkert vert ein gong denne veka.

Så på torsdag kom eit nytt kulinarisk høgdepunkt. Plutseleg dukka det opp ein ny matbod rett utanfor her me bur, og den er utruleg nok: vegansk. Vegansk i Ghana, eg trudde nesten ikkje det eg såg. Ho som driv den er visst jøde og ein del av eit eller anna jødisk samfunn her i Ghana som er veganarar, heilt utruleg. Det var heilt fantastisk å eta og vera heilt hundre prosent sikker på at maten garantert var utan dyrefeitt elle noko sånt. Og så godt som det smakte. Og ikkje minst, me fekk masse grønsaker, noko som ikkje er så vanleg her, til og med blomkål fekk me. Eg hadde “veggie sauce”, som altså var grønsaker i ein veldig god tomatsaus. Til det fekk eg naturris(!), litt tomatbønner, og salat med blant anna vårlauk og avocado. Eg gler meg òg veldig til neste måltid der, som nok vert ein av dei næraste dagane.

På fredag var det ein del i klassen som skulle på eit ernæringsseminar i Accra, så eg hang meg med. Det var arrangert av Ghana Nutrition Association, og handla mykje om ernæringssituasjonen i Ghana, kva som er hovudproblema og forslag til tiltak. Det var heilt supert å få med seg. Veldig interessant. Meir om innhaldet på seminaret får eg koma tilbake til ein annan dag, no må eg snart koma meg i seng. Eg la meg i fire tida i natt,og vakna halv ni, så er ganske så trøytt.

Me har nemleg vore i Kokrobite i helgi. Inger Lise og Invild reiste dit fredag morgon, og eg kom på ettermiddagen etter seminaret. Der har me kost oss med sol og strandliv. Og i går kveld vart me kjende med nokre folk, og jammen hadde ikkje han eine, tyskaren, med seg slakklina. Jippi! Eg hadde veldig lyst å ta med mi til Ghana, men fann ut at eg ikkje hadde plass. Så i dag eg fekk han til å henga opp  si mellom to palmar, så då fekk me prøvd litt. Ikkje nok me at eg no har finne ein som har lina, og faktisk bur rett utanfor campus her, men fleire av dei gutane der har veldig lyst å surfa, så kanskje vert det ein ny tur til Busua snart, denne gong med surfebrettet mitt.

Avslutningsvis i dag, må eg oppfordra alle som ikkje allereie har gjort det til å stemma i morgon!! Eg fekk avgitt mi stemma før eg forlot landet, og er no så utruleg spent og litt nervøs. Gidd du ikkje stemma, kan du eigentleg ikkje klaga på noko dei neste fire åra. Så stem folkens! Og gjer eit godt val! Lukke til!

Heia Jens og Kristin! Stao pao!!

GEBURSDAGSFEIRING I BUSUA :D

Posted on Sep 08 in: På reisefot - 6 Comments »

 

Eg har fått litt klager på hyppigheten på blogginnlegg ifrå livet mitt her i Ghana, og det forstår eg veldig godt, og det er jo veldig kjekt at de vil høyra om livet mitt her. Hovudgrunnen er dårleg dårleg internet, men no skal ikkje det vera eit så stort problem lengre, forhåpentlegvis! No har eg nemleg kjøpt meg trådlaust internet for resten av opphaldet, for det måtte eg faktisk ut med 200 norske kroner, så det bør fungera av og til iallfall. I tillegg så har eg no fått skaffa meg Windows Live Writer på min fine nye data, det vil seie at eg kan skriva innlegga og setja inn bilete og sånt utan å vera på internet, og lagra det til eg har internettilgang. Og då kan eg sitja på rommet mitt å skriva, noko som òg er veldig greit, det trådlause nettet dekkar nemleg ikkje rommet mitt. For å koma på så må eg sitja i tv-stova eller på altanen i tredje etasje på andre sida av bygget. Nok om det.

TRU DET ELLER EI, FØRRE LAURDAG FYLTE EG 26 ÅR. SIDAN EG HADDE GEBURSDAG SÅ FEKK EG VELJA KVAR VÅR FYRSTE HELGETUR I GHANA SKULLE GÅ. DET VAR FOR EIN GONG SKULD EIT SVÆRT ENKELT VAL: BUSUA BEACH!

075076 

For mange månadar sidan fann eg Black Star Surf Shop og tilhøyrande Okorye Tree Restaurant på nettet. Den einaste plassen i Ghana der ein kan leiga surfebrett og kjøpa surfevoks og anna tilbehør. Og menyen til restauranten har eg site heima og gleda meg veldig til å prøva ut. Så fredag morgon var eg meir enn klar for å setja meg på bussen vestover langs kysten. Eg, Inger Lise og Ingvild pakka oss klare og tok med oss tinga på skulen, me skulle nemleg ha to timar undervisning og tenkte å reisa direkte ifrå skulen. Me hadde kjøpt bussbillettar på førehand, bussen skulle gå 14.30, og me måtte møta opp på stasjonen 13.30. Men alt gjekk absolutt ikkje som planlagt den dagen..

Til fyrste timen dukka ikkje læraren opp, og jammen dukka ho ikkje opp til det andre faget heller. Me kjente oss ganske frustrerte over at me då faktisk kunne ha reist dagen før og allereie liggje på stranda. (No har me droppa begge faga på fredag, så framover er den dagen fri!!!!!:D)

Sidan me ikkje hadde undervisning så reiste me like godt inn til busstasjonen i Accra, så me var der allereie to timar før bussen skulle gå. Det var bortkasta tid det, for den bussen kom aldri den (eller det gjorde den kanskje, men då hadde me forlatt stasjonen). Ingen visste kor tid bussen kom til å gå, så me krevde pengane tilbake og gjekk for å finna ein annan buss eller noko. Me enda opp i ein tro tro (=guagua). Men den skulle fyllast opp før me kunne køyra, kvart einaste sete skulle fyllast, så i ein og ein halv time sat me inni den varme minibussen og sveitta og venta på at me skulle køyra. Kvart over fem var me endeleg på veg ut av Accra. I eit lyskryss på veg ut av byen så såg me til og med ein mann som døydde. Der me sto og venta på grønt lys ser me pluseleg ein mann som jobbar på taket på ein bygning kjem bort i ein sånn straumledning som går frå stolpe til stolpe. Så han falt om og dei andre arbeidarane prøvde så godt dei kunne med livredning, fem, seks karar sto og prøvde på hjartekompresjon samstundes, men ingen munn til munn, det var ganske forferdeleg å sitja inni bilen og sjå på utan å kunna gjera noko som helst. I tillegg så var sjåføren vår fullstendig gal, alle sjåførar er generelt ganske ville her, men han var ekstrem. Inger Lise ropte både “better safe than sorrry” og “slow down”, men til ingen nytte. Så Inger Lise og Ingvild ville eigentleg gå av, for dei orka ikkje den køyringa i fire,fem timar, så eg såg draumen om gebursdagsfeiring i Busua falla i grus.. Men dei haldt ut, og ved midnatt kom me faktisk fram til Busua Beach :D

Me la oss inn på eit hotell på stranda, som eg ved dagslys neste morgon til min store glede såg at var nærmaste nabo til surfeshoppen. Det var heilt fantastisk å vakna opp til lyden av bølger og kjenna sanden under føtene igjen, og eg merka fort at det var plassen for meg. Diverre så var ikkje surfinga heilt som eg hadde håpt. Dei leigde berre ut 6-fots shortboard eller ni-fots longboard, så eg angra veldig på at eg ikkje hadde teke med mitt eige brett, men eg visste ikkje om eg fekk det med meg på buss/tro tro. Neste gong vert det definitivt med! I tillegg så var bølgene frykteleg vanskelege, så med det lange brettet eg leigde så var det ikkje vits å prøva på bølgene ein gong, så det vart berre litt skumsurfinga på meg diverre.. Veldig skuffande, men det var no kjekt å vera litt ute i vatnet igjen.

Og helgi totalt innfridde forventningane, eg koste meg veldig. 26-års dagen min starta med havregrynsfrukost på Okorye Tree Restaurant, med bananskiver og masse kanel på. Og Inger Lise og Invild hadde lurt seg ned i surfeshoppen mens eg var på badet, så eg fekk til og med gebursdagskort og ei t-skjorta i gåve, veldig koseleg. Ellers gjekk dagen med til meir eting, lesing,tur langs stranda, litt spasering i den lille koselege landsbyen og litt dansing på kvelden.

Eg var veldig nøgd med geburdagsmenyen, sjølv om eg likar godt ein del av den ghanesiske maten me vanlegvis et, så var det veldig godt med litt variasjon! I tillegg til havregrynsgrauten til frukost så åt eg til lunsj ein god burrito og nydlege ingefærkrydra steikte bananer (plaintain) med peanøtter, til middag om kvelden åt eg heimelaga ravioli med sjømat. Dagen etterpå rakk me òg to måltid før me forlot Busua. Fruktsalat og arme riddarar til frukost, og pannekaka med sjokolade og banan til lunsj, nam nam nam!!! Så me koste oss.

Og heimturen gjekk veldig mykje meir effektivt og tryggare føre seg. Me fekk oss taxi med setebelte til alle tre ifrå Busua til Takoradi der bussen går ifrå. Me fekk plass på bussen som faktisk omtrent gjekk når den skulle, og me fekk taxi med setebelte ifrå Accra tilbake til campus, og me var vel heima att allereie i sjutida om kvelden trur eg.

Eg vil tilbake til Busua snart! Planen før eg reiste var jo å tilbringa tida etter eksamen i Busua, og det er nok framleis planen. Alternativet er å reisa til eit anna land her i vest Afrika, for eksempel Elfenbeinskysten, Gambia eller Senegal. Eg har akkurat fått vita at dersom det ikkje vert nokre endringar (noko det ofte vert her i Ghana), så har eg siste eksamen allereie 4. desember, noko som er betre enn eg hadde tord å håpa på. Det er jo faktisk heilt fantastisk. Siste moglege eksamensdato er nemleg 15.desember trur eg, så viss det ikkje blir nokre endringar så er me veldig heldige. Og då vert eg så glad så glad!! Eg har nemleg billett heim 22.desember, så då har eg jo over to veke til å gjera akkurat det eg vil. Jippi!! Nokon som vil koma og henga med meg?? Kom då vel! :D

043 051 047 049

Eg kjeda meg eigentleg ikkje når me sat og venta i tro tro’en i ein og ein halv time, det er alltid så mykje å sjå på. Og ein kan jo få kjøpt det aller meste der ein sit :D

031 043

Havregraut og surfing – PERFEKT!

069 114

078 080

089 081

Kanskje ikkje heilt i tråd med hygieneloven, men blid var han, og godt smakte det! :)

088 085 

Det kjem nok snart litt oppdatering på livet generelt her i Ghana, eg har mykje på hjarta, så fylg med! Men det var alt for i dag, om nokre timar no så skal me på fotballkamp, Ghana-Sudan, det gler eg meg veldig til.

Håpar de har det bra alle saman, oppdater meg!

VEL FRAMME I GHANA :D

Posted on Aug 20 in: På reisefot - 13 Comments »

Internet er ufatteleg treigt. Alt går (ikkje overaskande) veldig treigt her. Trafikken er fullstendig gal. Eg er alltid sveitt. Vatnet er omtrent oftare vekke enn tilstedeverande. Trivst eg alikavel? Oh yeah!!

Eg har no vore her i ei veka, så det er på tide med ein bitteliten oppdatering herifrå Ghana. Eg har omtrent ikkje vore på nett siden eg kom ned, det til tider heilt håplaust treige nettet passar nemleg mitt tolmod ekstremt dårleg, så for å sleppa irritasjon så let eg heller vera. Eg har foresten fått meg eit ghanesisk mobilnummer: 0541829350. Det er imidlertid ikkje heilt til å stola på. Så om de ikkje får noko svar, send ein mail. Eg kjem nok til å vera innom på nettet litt hyppigare framøve trur eg, sidan eg no har funne ut at det trådlause nettet på “International Programmes Office” til tider (som no) fungerar nokså bra.

Eg må no snart gå til laboratoriet ved “department of nutrition and food science”. Klokka halv to står faget NUTR 413: Nutrient Analysis and Nutritional Assessment Practilcals på timeplanen. Så Inger Lise og Invild er no ute å kjøpe sånne kvite laboratoriefrakkar til oss. Medan eg har ordna oss billettar til VM-kvalifseringskampen mellom Ghana og Sudan søndag om to veke. Det vert artig! Håpar de har det bra alle saman!! :)

Paa veg t Ghana!! :D

Posted on Aug 12 in: På reisefot - 3 Comments »

No sit eg paa flyplassen i Amsterdam, og har 17 minutt til disposisjon for aa oppsummera sommaren og informera om kva eg skal dei neste maanadane.  So ver venlege aa oversjaa grammatikkfeil og daarleg spraak :p

Eg skrive paa dialekt eg, gaor fortast dao! Denna sommaren ha jammen gaatt fort unna. Kort oppsummert so starta dan med nokre dagar i Oslo etter levert eksamen. So gjekk turen heim t Hafslo for aa feira 4-aars dagen t Sander (nevoen min). Etter da tilbrakte eg, mamma, Mette, Sander og Eline nokre svaert fine dagar hjaa bestemor paa Ulefoss. So gjekk turen t Oslo att, og vidare t Kobenhavn ein snarttur. Dar storkoste me oss. Ein by eg maa tebake t. Fyrste helgi i juli va eg i utdrikningslag t Guro Kristin i Hoddevika (Stad) – da va heilt topp, t trass for to flate dagar. Paa slutten kom da heldigvis nokre bolge:)

Oi, berre aatte betalte minutt att!!! Ellers ha eg vore paa Slottsfjell festivalen. Da va supert, med Kaiser Chiefs konserten som hogdepunkt. Eg ha og vore i Floro/Stavang nokre dagar og kost meg maks med herlege jenter. Og no paa tampen av ferien fekk eg med meg nesten heile familien t Stad ein tur. So eg fekk ein dag t med surfing, da va super fine dagar. I tillegg va eg og Mette og tanteungane paa telttur her paa Hafslo her om dagen. So vart sommarferien avslutta med bryllaupet t Guro Kristin og Espen no paa laurdag. Ein fantastisk fin dag:)

Eg maatte betala for 30 minutt t eg.. :p Detta semesteret ska eg altso paa utveksling t Ghana. Eg ska t paa siste aaret av bacheloren min i samfunnsernaering ved Hogskulen i Akershus, og ska fram t jul studera ved University of Ghana. Noke eg sjolsagt gler meg veldig t! Me e tre ifraa klassen so ska t Ghana, dei to andre, Inger Lise og Invild, e allereie dar nede. Eg utsatte avreisen pa grunn av bryllaupet t Guro Kristin og Espen, kunne jo ikkje gao glipp av da!

Dei siste dagane ha vore ganske hektiske, og i tillegg so ha eg vore utan mobil i ei veka, so eg beklaga om eg ha vore vanskeleg aa faa tak i. Eg e jo ikkje kjend for aa vera ute i kjempe god tid med ting so ska ordnast. So i jaor vart familien dirigert rundt for aa handla inn diverse, kopiera dokument osv. Tusen takk for hjelpi viss eg ikkje sa da! (nest) Siste maaltidet vart sushi og ben &jerrys is og baer, nam nam!! No gler eg meg t aa smaka ghanesisk mat:)

Eg veit i grunn ikkje so mykje om ke so venta meg. Eg veit eg bli henta paa flyplassen av noken ifraa internasjonalt kontor ved universitetet og dao koyrt t campus dar eg ska bu, so vidt eg veit ska eg dela rom med ein student ifraa Ghana. Universitetet ligg litt utanfor hovudstaden Accra.  I haap om at da bli litt surfing paa meg so pakka eg like godt med meg begge bretti mine, so eg e veldig spent pao om dei e like heile, og om da bli noke surfing paa meg, haapa da!! Paa sondag so kjem faktisk veninna mi May Anita t Ghana, ho ska nemleg jobba frivillig her dei neste maanadane, so da e jo veldig kjekt!

No faar eg utforsska denna gigantiske flyplassen her litt el lesa boki eg akkurat kjopte meg. Sia eg aldri kom meg paa kino for aa sjaa “Slumdog Millionaire” so kjopte eg no0 boki, so eg gler meg t aa lesa dan. Flyet mitt skulle ha gaatt vidare t Ghana kvart ove to, men e so vidt eg ha faatt med meg utsett t kvart ove tre.

Hada bra so lenge!

Revolusjonerande god vegetarmat?

Posted on Jul 26 in: Mat og ernæring - 2 Comments »

I SOMMAR OPNA VEGA FAIR FOOD CAFÉ & RESTAURANT I OSLO. DEI OVERTOK LOKALA TIL GAMLE VEGETA VERTSHUS SOM OPNA ALLEREIE I 1938. VEGA FAIR FOOD VIL FØRA TRADISJONANE VIDARE, MEN MED MEIR FOKUS PÅ DAGENS MENNESKE OG BEHOV, SKRIV DEI PÅ NETTSIDA. HØYRES BRA UT! SJØLV ETTER AT DEI SKIFTA NAMN TIL AUBERGINE OG FEKK HJELP AV TV3 OG GOURMETKOKKEN HELLSTRØM, VAR DET NEMLEG NOKO TRAUST OG INSTITUSJONANPREGA OVER DEN GAMLE RESTAURANTEN.

Kva: Vega Fair Food Café & Restaurant, ny vegetar café/restaurant i Oslo.

Kvar: Akersgata 74, 0180 Oslo, inngang ved Kurbadet, Thor Olsens gate.

Opningstider: Kvardagar 11-21, laurdagar STENGT, søndagar 13-21 (kjøkenet stenger 20.30 kvar dag)

Telefon: 47 92 12 12

Nettside: www.vegafairfood.no

På slutten av joggeturen min torsdag morgon dumpar eg borti eit skilt i vegen, “Vega Fair Food” står det. Interessant namn. Eg stoppar faktisk opp, og skjønar at det er det nye namnet på tidlegare Vegeta vertshus. Eg vert nysgjerrig. Det er jo ikkje så lenge sidanVegeta Vertshus skifta namn til Aubergine og fekk hjelp av tv3 og gourmetkokken Eivind Hellstrøm. Den hjelpa var tydlegvis ikkje nok. Dette må prøvast ut.

Torsdag kveld er eg svært svolten og spent på plass i lokala til Vega Fair Food Café & Restaurant. Lokala er på nytt pussa opp, og det gler meg å sjå at det nærast er fullt i lokalet. Her er dei “typiske” vegetarianarane på plass, representert ved eit ungt svenskt par som ser sånn passe alternative ut. Ei ung mor har teke med sine to små born ut for å eta. To damer i femtiåra pratar i munnen på kvarandre på eit bord. To litt rolegare menn nyt maten på eit anna bord. Lengst inni lokalet sit ein familie som tydelegvis feirar gebursdagen til den eine dottera. Eg finn meg  eit ledig bord og ein koseleg gammal sofa.

Midt på golvet står buffeten servert. I menyen kan ein velja om ein vil ha berre suppe og brød til 75 kr, salat og brød til 95 kr, enkel buffet (suppe, brød, salatar og varme rettar) til 145 kr, pluss buffet (+kaffi og økologisk juice eller cola) til 165 kr eller luksus buffet (dessert i tillegg) til 195 kr. Uansett kva ein vel så kan ein forsyna seg så mange gonger ein vil. Dei har òg lunsjbuffet til 125 kr måndag til fredag 11-15.00, den inkluderer både suppe, brød, salatar og varme rettar.

Betjeninga er blide og hyggjelege, og den svenske jenta i kassen berre ler når eg i kjend stil ikkje klarar å bestemma meg for kva buffet eg vil ha. Lommeboka seier salatbuffet, men då ho har slått inn summen så insisterer magen og nysgjerrigheita på buffet med varm mat, så den venlege jenta må avbryta og slå inn på nytt. Eg tek med meg eit glas isvatn og gjer meg klar for mat, mykje mat.

Eg startar  kveldens etegilde roleg med ei lita skål med suppe. Dagens suppe er gresskarsuppe, som er både glutenfri og vegansk. Suppa er smakfull og god, og eg kunne gjerne teke ein porsjon til, men eg veit eg har mykje å smaka på og droppar det difor.

Salatbuffeten ser veldig freistande ut, og eg tenkjer at salat og brød til 95 kr er eit godt alternativ ved neste besøk, her er det stor variasjon og nok å bli mett av. Det er salatblad, tomat, agurk, raspa gulrot og kålrot, hummus, rødbetsalat, to forskjellege potetsalatar, ein salat med mais og noko grønt som eg trur kanskje er løvetannblad(?), raudkålsalat, linsesalat, bønnesalat, kikertsalat, bananchutney, jalapeños og oliven. Eg forsyn meg med litt av absolutt alt, og kan ikkje venta med å smaka. Eg må berre ha med meg ei brødskiva òg. Her er det tre alternativ: landbrød, glutenfrittbrød og mørkt rugbrød, alle er heimelaga. Eg skjærer meg ei skive av rugbrødet, og set meg godt til rette med maten. Eg smakar på ein etter ein salat, og det smakar kjempe godt. Spesielt godt likte eg rødbetsalaten, den var så sprø og god, og i lag med raudkålsalaten så pyntar den verkeleg opp tallerken.

Medan eg nyt maten så ser eg i brosjyra eg plukka med meg på veg inn. “Food to everybody” reklamerer dei med. Dei tilbyr både vegetarisk, vegansk, rå, økologisk, rettferdig, glutenfri og laktosefri mat. Dei tilbyr òg “food to go”, for ein hundrelapp så kan ein fylla opp ein boks med det ein måtte ynskja.

Etter all den deilege salaten så gler eg meg veldig til å smaka på varmmaten. I dag er det ein vegetarisk versjon av kjøtbollane kofte på menyen, dei er blant anna laga av kål og ligg oppi ein fyldig tomatsaus. I tilleg er det papadum (indisk flatbrød), basmatiris, og poteter og blomkål i ein deileg saus med smak av karri og kokos. Det smakar rett og slett utruleg godt. Koftene er gode og har ein bra konsistens, og tomatsausen er så smakfull og tjukk og god. Og for ein karri- og kokkoselskar som meg så er potet- og blomkål gryta perfekt. Går det an å sakna kjøt når ein får mat som det her? Eg tek ein fjerde tur bort på buffeten og plukkar med meg litt meir av varmmaten og litt av dei beste salatane. Eg er særs tilfreds, det einaste eg lurar på er korleis det er med variasjonen? Medan eg tenkjer på det spaserer det inn ein fyr som ser ut som ein typisk pølse med brød taxisjåfør, og eg tenkjer: veit han at det er vegetarmat her? Jada, han bestiller seg ein buffet, forsyn seg, og gir meg svar på begge spørsmåla: “Det e positivt at dokk lage nye ting kvær dag”, seier han til  jenta bak disken.

Eg er mett og nøgd, men kjenner likevel at eg er nysgjerrig på desserten. Så eg bestiller ein yoghurtfromasj til 37 kroner. Samstundes som eg bestiller finn eg ut at det er heilt nye folk som no driv plassen, og at dei til og med har ein koseleg bakgard med sitjeplassar.  Dersom ein ikkje er svolten, er Vega Fair Food òg ein fin plass for å berre ta ein kaffi. Dei tilbyr blant anna  økologisk kaffi og brus, alkoholfri vin og øl, smoothie og lassi, rettferdig sjokolade, og ulike dessertar som pannacotta, yoghurtfromasj, vegansk eplekake og bananbrød.

Etter nokre minutt kjem desserten min. Den ser lekker ut; kvit fromasj servert i høgt coctailglas med mangosaus over. Eg vert positivt overaska over at den vert servert med mangosaus, då det ikkje vart nemnt. Mmm, fromasjen og sausen er ein god kombinasjon. Plutseleg vert diverre idyllen avbroten av at dei byrjar å jobba med noko, eg veit ikkje om dei sagar eller borer eller kva dei driv med, bråkar gjer det iallfall! Det er no berre meg att i lokalet i (og nokre få gjester ute i bakgarden), eg synest likevel dei godt kunne ha venta med arbeidet, det er trass alt under ein time til det stengjer. Det bråkar rundt meg, mangosausen er eten opp, og eg kjenner no at yoghurtfromasjen eigentleg berre smakar som ein ganske ordinær vaniljeyoghurt med veldig tjukk konsistens. Den er god, men ikkje ein dessert eg kjem til å hugsa i mange år framover, ikkje som pasjonsfruktostekaka i Costa Rica i 2005, eller den nydelege kokosisen servert med nøtter og perfekt moden mango i Mexico i 2007…Eg drøymer meg vekk.. Middagen vil eg imidlertid hugsa, og eg gler meg allereie til neste besøk!

Lukkeleg og mett går eg heimover. Vel heime tek eg ein titt innom nettsidene til Vega Fair Food Café & Restaurant. “Mat revolusjonen er her!”, står det på framsida. Lat oss håpa det!! Eg trur imidlertid lokalets noko gøymde plassering og buffetkonseptet hemmar revolusjonen noko. Oslo treng framleis ein sentralt plassert vegetarcafé/restaurant i innbydande lokaler med ein spennande meny ein kan bestilla ifrå.

Vegetarianar eller kjøtetar; stikk innom Vega Fair Food Café & Restaurant for eit garantert sunt, miljøvenleg og smakfult måltid! God appetitt!

“Vega Fair food is a concept that seeks to provide food and beverages made in a fair way. By fair food we mean food that is fair to the environment, our fellow inhabitants of the earth (both animal and human), your own body, your mind and your soul. Fair food is produced in a way that it has minimal impact on the environment, free from poison and genetical modification and has a fair origin.

We strongly believe that by eating fair food you will feel better and more happy, and you help in making the world a better place!

Still, food is more than just getting energy and vitamins, its also about satisfying the senses, and this is our main focus at Vega. Our food is made to rock the senses, and to make it an easy choice to go fair and take care of yourself and the environment.”

GODT LESESTOFF I FERIEN!?

Posted on Jun 23 in: Litt av kvart - 7 Comments »

 

NO ER DET SOMMAR OG FERIETID, OG PENSUMBØKENE ER SATT GODT TIL RETTE I BOKHYLLA. EG ER OVERBEVIST OM AT DETTE VERT EIN BRA SOMMAR. FOR MIN DEL HÅPAR EG DEN VIL INNEHALDA MYKJE TID MED FAMILIE OG VENER, MYKJE FYSISK AKTIVITET OG FRISK LUFT, DEILEG SOMMARMAT, OG GODT LESESTOFF. SÅ NO VIL EG GI DYKK NOKRE TIPS TIL SOMMARLEKTYRE, I HÅP OM Å FÅ NOKRE TILBAKE!! :P

 

Mitt fyrste tips er romanen “Señor Peregrino” – av Cecilia Samartin.

senor_p

Denne boka las eg ved bassengkanten og på stranda i Venezuela i juleferien, og dette er verkeleg ei bok etter min smak. Fyrste del av boka går føre seg i Mexico og andre del i USA. Bak på boka står det: “Señor Peregrino er en poetisk og overaskende fortelling om aldri å miste troen på kjærligheten. Om å våge å leve på den skjøre linjen mellom fantasi og virkelighet”.

 

 

“A long way gone: memoirs of a boy soldier” – av Ismael Beah.

VisBildeServlet

Denne boka er skriven av tidlegare barnesoldat Ismael Beah, og handlar om livet hans så langt.  Frå han var 12 år måtte han kjempa som barnesoldat på regjeringens sida i borgarkrigen i Sierra Leone på 1990-talet. Som 17-åring kom han seg til USA, der han framleis bur. Han er no sterkt engasjert i borns rettar, både som skribent og føredragshaldar. I ein omtale av boka står det:”Ishmael Beah har ikke bare overlevd fysisk. Han har også bevart forstanden, slik at han kan fortelle sin historie til andre. Det er en stor prestasjon”.

 

 

“Storeulvsyndromet: Jakten på lykken i overflodssamfunnet” – av Thomas Hylland Eriksen.

VisBildeServlet

Sjølv om me no lever  i paradiset når det gjeld levestandard, så viser studiar at livskvaliteten har gått litt nedover  sidan 1950-talet. Overfloden gjer oss altså ikkje lukkelege. Hylland Eriksen kombinerer i denne boka vitskaplege funn, historiar frå skjønnlitteraturen og personlege anekdoter i eit forsøk på å finna ut kva som gjer livet verd å leva.

“Kanskje det er kjedelig å ha det bra? Kanskje dét er den viktigste grunnen til at vi stadig finner nye ting å klage over?”

“Vi er havnet i en situasjon hvor vi risikerer å “know the price of everything but the value of nothing”, som Oscar Wilde sier”

“Det viktigste er å minne seg selv på at glasset er halvfullt og ikke halvtomt”

“Den økte lykkefølelsen du får av å vinne i lotto, varer gjennomsnittlig et halvt år”

“Er man i stand til å glede seg over hagen og bøkene, trenger man kanskje ikke å bleke tennene eller kjøre fort i båten sin, hva vet jeg”

 

 

“Livet skal leves” – av Randy Pausch.

VisBildeServlet

Småbornsfar og professor i datavitskap, Randy Pausch, fekk i 2006 diagnosen bukspyttkjertelkreft. Hans avskjedsførelsning ved Carnegie Mellon University vart skriven som ei gåve til hans tre born – der formidla han det han ville ha formidla til dei dersom han hadde fått opplevd oppveksten deira. Boka handlar om livsglede, ærlegdom, integritet og takksemd – det som betydde noko for han. Bodskapen er blant anna: “Viss du kan drøyma det, kan du gjera det”. Randy Pausch døydde 25.juli 2008. På linken under kan de sjå den siste førelesinga han heldt.

www.thelastlecture.com 

 

 

“Plan for en bedre verden” -  av Jan-Sverre Syvertsen.

Denne boka handlar om globalisering, utvikling, bistand og kampen mot fattigdom. Den inneheld blant anna Jens Stoltenbergs, Eva Jolys, Rosemarie Köhns og utviklingsøkonomen Hernando de Sotos tankar om arbeidet for ei meir rettferdig verd. Bodskapen er at det nyttar å hjelpa! I tillegg til interessant tekst så inneheld boka utruleg flotte bilete, dei er faktisk grunn nok i seg sjølv til å ta ein titt i denne boka.

“Gir du en mann en fisk har han mat for en dag. Lærer du ham å fiske, har han mat for resten av livet”

 

 

“Å leve en drøm: Min afrikanske arv” – av Barack Obama.

VisBildeServlet

Dette er ein sjølvbiografi der Obama skriv om barndomen, ungdomstida, studenttida og hans fyrste erfaringar i arbeidslivet. Den er ganske personleg, og eg føler nesten at eg kjenner han litt etter å ha lese boka:P Det beste med boka er at den er skriven før hans politisk karriere – så den er heilt fri for veljarsmisk.

 

 

“Å gjøre en forskjell: Refleksjoner fra en norsk utenriksminister” – av Jonas Gahr Støre.

VisBildeServlet

Dette er i likskap med Obama si bok, ei spennande og interessant bok skriven av ein politikar eg har stor sans for og stor tru på. Gahr Støre diskuterer i boka blant anna nordområdenes betydning, arbeidet med energi- og klimasikkerhet, situasjonen i Afrika og konfliktene i Midtøsten. Vår utanriksminister opplyste ganske nyleg om at han gir vekk overskotet frå boksalet, på ein million kroner, til organisasjonen Article 19. Det er ein uavhengig organisasjon som arbeider for å fremja ytringsfridom og tilgang til informasjon som ein grunnleggjande menneskerett.

 

 

“Så fort kan livet snu” – av Jens O. Simensen og Dagfinn Enerly.

VisBildeServlet

Fotballspelaren Dagfinn Enerly pådro seg ein alvorleg nakkeskade under ein fotballkamp i 2005, og er i dag avhengig av rullestol. Han har imidlertid ikkje gitt op håpet om å gå att. Det er inspirerande og rørande å lesa om hans beundringsverdige positivitet og optimisme, og hans evne til å takla alle utfordringar etter ulukka. Boka fortell om rehabiliteringsopphaldet på Sunnaas, om det å koma heim att, om det nære forholdet til kona og tvillingdøtrene, og om betydningen av alle støtteerklæringane. Boka gir òg tilbakeblikk frå livet før ulukka.

 

currentcover ute43_200px hwyh6pmyylpqxz56mck1v5zfah8kdkl

Frå bladhyllene vil eg anbefala magasina Fri Flyt, UTE, og det svenske Eco Queen. Sistnemnde er eit livsstilsmagasin med miljøfokus, og kan kjøpast på Narvesenkioskar med godt utval.

 

ff-jun09 f-juni09

Kjøp gatemagasina! Dei kan no kjøpast på gata i både Oslo (=Oslo), Bergen (Megafon), Trondheim (Sorgenfri), Tromsø (Virkelig Tromsø), Kristiansand (Klar), Asker og Bærum (Grip Dagen), Fredrikstad (=Fredrikstad), og i Stavanger og Sandnes (ASFALT).

“Organisasjonens mål er å hjelpe vanskeligstilte og sosialt utstøtte til å få et bedre liv og en økt verdighet gjennom å tilby hederlig arbeid. For svært mange representerer magasinsalg en kilde til selvrespekt og inkludering i samfunnet.”

“Vi ønsker videre å…

Styrke selvtillit ved å tilby hjelp til selvhjelp.
            Gjennom kreative prosjekter og inkludering.
Skape debatt omkring sosiale spørsmål.
            Gjennom å belyse betente spørsmål innen rus- og sosialpolitikk.
Endre holdninger i forhold til vanskeligstilte og sosialt utstøtte.
            Gjennom møtet mellom kjøper og selger, samt annet opplysningsarbeid.”

 

 

Bistandsaktuelt

bistandsaktuelt

Er du i interessert i bistand? Viss ja, bestill deg gratis abonnement på svært interessante Bistandsaktuelt her!

 

Andre aviser eg vil anbefala er Dagsavisen og Klassekampen. For gratis prøveabonnement på Klassekampen bestill her. Gratis prøveabonnement på Dagsavisen kan du bestilla her.

 

Nettmagasin om New York og USA – Tversover.no

Gå inn på dette magasinet! Det er nyopstarta av min kompis Andreas og hans kompis Lasse, som for tida bur i New York og jobbar som frilansjournalistar. Dei skriv om magasinet sitt: “Vårt hovedfokus er å informere og inspirere nordmenn som ønsker å lese om New York og USA, enten de skal reise hit og trenger tips, eller bare vil underholdes og engasjeres.”

 

Drageløperen, Tusen strålende soler, Alkymisten

 VisBildeServlet  tusen

 alkymisten

Har du ikkje lese desse bøkene? Gjer det! Det er absolutt ein grunn til at dei har blitt lese av svært mange.

No forventar eg at alle som er innom legg att minst eit lesetips til meg!! På førehand takk :)

 

Det var alt frå meg for i dag. No skal me pakka i bilen. Eg, mamma, Mette, Eline og Sander reiser nemleg på ferie i dag. Fyrst til bestemor på Ulefoss, så innom Oslo, før me tek båten til København på måndag :)

NYT SOMMAREN! :)

Feiring i Stavanger :) :)

Posted on May 20 in: Dagen min, På reisefot - 8 Comments »

P5160104 P5170151

PÅ FREDAG FEIRA EG LIVET MED SURFING OG GRILLING MED GODE VENER PÅ BORESTRANDA, PÅ LAURDAG FEIRA EG ALEXANDER RYBAKS GRAND PRIX SIGER, OG PÅ SØNDAG FEIRA EG SJØLVSAGT NASJONALDAGEN VÅR – STAVANGER ER EIN PERFEKT BY FOR FEIRING ER KONKLUSJONEN ETTER HELGA.

Fredag morgon klokka 07.11 satte eg meg godt til rette på toget frå Oslo til Stavanger. Med god mat, god musikk og ei god bok i veska, såg eg fram til åtte fine timar på toget. Sjølv om eg absolutt ikkje har noko imot åtte timar på tog, så var det likevel med stor iver og glede eg i går las om nye høghastighets-Noreg i Dagbladet.

 

960x

 

Ein ny rapport viser nemleg at høghastighetstog ikkje berre er kjapt og miljøvenleg, men òg lønsamt. Ikkje berre vil slike tog redusera norske klimagassutslepp med 1,4 millionar tonn CO2 i året, men det vil òg vera samfunnsøkonomisk lønsamt. Med politisk vilje kan me innan 2020 setja oss på toget og vera framme i Stavanger og Bergen ca.2,5 timar seinare. Så lat oss håpa politikarane våre endeleg får røvi i gir!!

Eit parti er sjølvsagt skeptisk: “Jeg vil først se den nye rapporten og hvilke forutsetninger som er lagt til grunn. Men uansett hva det tyske konsulentfirmaet sier, betviler jeg at høyhastighetstog vil bli fordelaktig i Norge”, sier Per Sandberg (Frp).

 

Tilbake til mi tre dagar lange feiring i Stavanger :)

På fredag vart eg møtt av Gry på togstasjonen. Me var innom butikken for å kjøpa grillmat og innom leilegheiten deira for å henta surfebretta, så var me på veg mot Borestranda. Der møtte me Karine, Ruth Wenche og May Anita. Litt etterpå var me på plass i våtdraktene og klara for det me likar å kalla surfing:P Det var strålande sol og faktisk litt bølger, så eg var svært nøgd. Etter ei stund var det klart for litt grillmat og volleyball, før me kasta oss uti bølgene for andre gong. Då var det nydeleg solnedgang, men diverre ikkje mange bølger.

 

  P5150016   P5150002 P5150079

 

Laurdagen var det diverre ingen bølger, så då vart det volleyballspeling i staden, kjempe kjekt det òg. Klokka seks var eg og Karine på plass for å heia på Sogndal mot Stavanger. Det var veldig kjekt å få med seg ein Sogndalkamp, men 0-0 var eit skuffande resultat. Om kvelden var me på Grand Prix fest – der var det topp stemning.

 

P5160088 P5170117

P5170130 P5160095

Sjølvaste nasjonaldagen starta med ein nydeleg frukost. Ellers så var høgdepuntet for min del eit internasjonalt arrangement med underhaldning og matbodar frå mange ulike land. Me kjøpte mat frå både Tyrkia, Polen, Sri Lanka, Eritrea og Vietnam – og alt smakte kjempe godt. Folketoget var òg artig å få med seg, med mange originale innslag.

P5170141 IMG_3749 IMG_3751        IMG_3764                      IMG_3730 

 

Eg anbefalar alle å ta ein tur til Stavanger og dei fantastiske strendene på Jæren – det er dagens reisetips!!!

Dagens mattips: Prøv Tine sin nye yoghurt – Klin kokos (i 4-pakning)!!

Eit siste tips: Ta toget! Ingenting er som å sitja på toget og sjå ut og berre tenkja………

 

TAKK FOR EI SUPER HELG, JENTER! :) Og god langhelg, alle saman!

Friends Fair Trade – plassen å vera på laurdag!!

Posted on May 06 in: Litt av kvart, Mat og ernæring - 2 Comments »

                                      

                                               fasade

Sidan eg eigentleg jobbar som frivillig i den miljøvenlege og rettferdige butikken, Friends Fair Trade, her i Oslo, men diverre svært sjeldan har tid til å faktisk stilla opp, så prøver eg iallfall å spre ordet om denne fantastiske butikken så godt eg kan. Ein måte å prøva å nå ut til folk er å stadig nemna den her på webhotellet mitt, slik at mine gjester iallfall heilt sikkert veit om butikken, og kanskje sprer informasjonen vidare (!!!).

No på laurdag er det World Fair Trade Day, og det vil vera arrangement over heila verda, inkludert i forgården til Friends Fair Trade her i Oslo. Butikkken ligg svært sentralt i Storgata, litt forbi Gunerius, på høgre sida av vegen med retning mot Akerselva. Møt opp folkens!!! Dette vert kjempebra. Det vert smaksprøvar frå klokka elleve og underhaldning frå klokka to og utover heile dagen. Kanskje dukkar det opp nokre kjendisar òg, Mikkel Gaup skal iallfall vera bartendar mellom klokka tre og fire.  Sjekk ut programmet for dagen, ta med alle du kjenner, og kom innom! :)

Eg kan diverre ikkje vera der, sidan eg skal jobba på min betalte jobb frå åtte til sju den dagen. Denne veka jobbar eg både måndag, fredag, laurdag og søndag. Ellers så er livet i Oslo bra om dagen – sola skin og det er som alltid mykje som skjer. Av høgdepunkt den siste veka kan eg nemna 1.mai talar av Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg, besøk av familien, koseleg gebursdagsmiddag med Guro på søndag, og konsert med Bazooka Boppers i går.

Førre onsdag hadde eg eksamen i klinisk ernæring. Når eg sat der og las om overvekt, fedme, diabetes type II, hjarte- og karsjukdomar og så vidare, så var det ikkje akkurat sjokolade og feit mat som frista mest, men heller frukt og grønsaker! Så eg hadde gode lesedagar med interessant pensum og blant anna smoothiar dagen lang – eg koste meg :)

P4260063 P4240044 P4260068

Den fyrste her var med appelsinjuice, appelsin, banan og havregryn. Den i midten med appelsin, jordbær, appelsinjuice og vaniljeyoghurt.  Den siste der  med mango, appelsinjuice og litt kokosmjølk.

P4230016P4230028

Den til venstre her var med skogsbær og soyamjølk, servert med havregryn, banan og linfrø – ein perfekt frukost :) Den siste her lagde eg av avocado, banan og vaniljeyoghurt, den vart veldig tjukk, så litt soyamjølk eller noko i tillegg er å anbefala.

Andre favorittar av meg er blant anna blåbær og bringebær, ananas, banan og pasjonsfrukt, ananas og mango, jordbær og skogsbær ++++ Nam nam :)

 

P4300069

Så på torsdag fekk eg ny levering ifrå Kolonihagen. Denne gong innehaldt kassen poteter, knaskerøtter, salat, persille, sopp, cherrytomater, paprika, bananer, kiwiar, pærer, appelsiner, grapefrukt, loff, egg, marengs og cookies.

Heilt til slutt, eit sunt og billeg middagstips: Brenneslesuppe.

Ha ein strålande dag, folkens! :)

PÅSKEN 2009 :)

Posted on Apr 19 in: Dagen min - 4 Comments »

Årets påskeferie gjekk som alltid så altfor fort, men jammen var det kjekt så lenge den varte..

P4040007P4040006

Eg tok nattbuss heim fredagen, sidan laurdagen i fylgje vermeldingen skulle bli den einaste dagen med sol. Så då eg laurdag stod på Skoganipa under blå himmel, med strålande utsikt til Hurrungane, og mamma sine nybakte rundstykker i sekken, då var eg nøgd!! Den fyrste feriedagen vart toppa med ein kjempe koseleg og smakfull tapaskveld.

 P4040004

Søndag var ikkje veret lika bra, men heller ikkje så gale som det var meldt, sola gløtta til og med fram av og til. Dette var dagen for det årlege Hafslovatnet rundt. Fyrst tok eg og Karine oss ein runde i løypa, før me heia min tre år gamle nevø Sander fram på sin 500 m lange runde :)

Frå søndag til måndag var Sander på overnattingsbesøk hjå meg, så måndag føremiddag vart nytta til leik med han. Før me gjekk tur bort til Mette og Eline på Hestnes. Klokka fem var det faktisk tid for fotballtrening. Det var kjempe kjekt, og veldig koseleg å møta att gamle lagveninner. Om kvelden så var eg og Jeanett på ein liten ridetur. Eg er svært nøgd med at min kjære vetlebror ha funne seg ei jenta med både hundar og hestar ;)

På tysdag var eg i trekket og stod telemark med pappa på føremiddagen, veldig kjekt. Sogn skisenter er jo så flott!!! På kvelden var det seriestart i 1.divisjon, så då var eg og Christianne på plass. Det var ein skuffande kamp, men me klarde iallfall uavgjort, 2-2 mot Hønefoss.

Onsdag var dagen då eg skulle gjera comeback på fotballbana. Og det var utruleg kjekt! Vann gjorde me òg, 6-2. Me hadde altså reunion med jentelaget. Ein super ettermiddag/kveld. Fyrst kamp, så middag på Lægreid hotellet, før me avslutta kvelden på puben.

På torsdagen fekk me besøk ifrå Norheimsund, bestemor, bestefar og syskenborna våre Ronny og Irene tok seg ein dagstur. Så den dagen innehaldt stort sett eting og sosialisering med dei, ein koseleg dag!

På fredag var eg, Karine og Guro Kristin på topptur. Me køyrde til Turtagrø, og labba av garde til Dyrhaugsryggen (ca. 2000 moh). Ein kjempe fin tur!!! Hadde det ikkje lugga litt på veg nedover, så hadde nedkøyringen vore perfekt.

P4100057 P4100061

På påskeafta tok me med oss mat og drikka og tilbrakte nokre timar i barnetrekket. Mamma tok til og med fram sine 20 år gamle slalomski og vart med :)

2982_155690210014_895480014_6372384_4961817_n 2982_155690095014_895480014_6372367_6096383_n

1.påskedag var ein regnversdag, så på føremiddagen leika eg inne med mine fantastiske tanteungar. Me leika mykje med lego, bygde blant anna bondegard med krokodilledam :) På ettermiddagen tok eg med meg snøbrettet ein tur opp i Sogndalsdaøen til Karine. Me var ute ei stund og prøvde(!) oss på nokre hopp, veldig kjekt! Så gjekk me inn og eg fekk servert nydeleg bærkompott og lefser, nam nam!!

P4120078 P4120088

P4120105 P4120131

Siste dagen av ferien starta med like fint ver som den byrja. På måndag var det strålande ver heile dagen – ein super fin dag! Så eg og Mette tok med oss Sander, Eline, ski, akebrett, mat og drikke og reiste opp i barnetrekket og koste oss.

P4130141 2982_156669330014_895480014_6395945_5984414_n

Sidan det var så nydeleg ver den dagen så tok me like godt  middagen ute òg :) Me pakka med oss mykje god mat og reiste opp til lavoen oppi bakkane på andre sida av vatnet. Menyen var grilla fiskekaker til forrett, foliegrilla torsk og laks med poteter og grønsaker til hovudrett, og grilla banan med hakka mandlar, sjokolade og kokos til dessert. Ein fantastisk fin avslutning på ferien! :)

P4130179 P4130178

Som vanleg sat pappa og venta medan mamma lagde maten ;)

P4130146 P4130147

P4130152 P4130158

P4130160

Det var den ferien. No er det tilbake til kvardagen, og eg må verkeleg byrja å lesa til eksamen i klinisk ernæring neste onsdag.

Ellers folkens, er det ingen som har fulgt mitt tips om å sjå filmen Briller (orginaltittel: Megane)?? Eg som hadde håpa å kunna dela min begeistring med fleire ;)

Ha ein strålande dag! :)

Eg ser no verda igjennom Briller..

Posted on Apr 02 in: Litt av kvart - No Comments »

Og anbefalar alle andre å gjera det same!

 

Nei, eg meiner ikkje vanlege briller ein nyttar for å sjå betre. Det er nemleg ikkje noko nytt at eg brukar briller av og til. Det eg her vil skriva litt om er den japanske filmen, Briller, som har premiere på norske kinoar i morgon.

Megane_131614o

Eg var så heldig at eg fekk ein gratisbillett til førpremieren til denne filmen på Cinemateket førre måndag. Eg hadde lese omtalen til filmen på førehand, og hadde ein sterk mistanke om at dette var ein film for meg. På veg inn i salen fekk me med oss eit beger gratis wasabinøtter, og me var meir enn klåre for å tilbringa dei neste par timane i Japan – og for ei fantastisk reisa til Japan det var!!

Eg vil ikkje skriva så mykje meir i grunn, eg vil de skal få oppleva filmen utan mine oppfatningar i bakhovudet. Folkens, sjå filmen!! Så kan me pratast, og kanskje skumra litt ilag ;)

Briller_02_copy_134528b BRILLER_03_copy_138404b